Allmugeforeininga i Luster 1812

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Allmugeforeininga i Luster i Sogn og Fjordane kom i stand våren 1812 etter initiativ frå lensmann og haugianar Hans Urdahl. Føremålet var å redusere øydslinga ved bryllaup og gravferder og bruken av utanlandske kjøpeklede. Det var ikkje ei foreining i moderne tyding (organisasjon), men ei friviljug avtale eller pakt mellom 24 allmugemenn. Ingen embetsmenn stod bak, men amtmann Herman Gerhard Treschow gav tiltaket si fulle støtte. Det er uvisst kor lenge avtala stod ved lag.

Reglar og føremål

Foreininga tok sikte på å få bukt med den uskikken at det ved bryllaup, gravferder og andre store gjestebod var ein «Overdaadighed i Klædedragt af fremmede kjøbte udenlandske Tøier». Det var skadeleg både for landet og for bygda. Formugande bønder heldt store bryllaup og gravferder, og dei fattige kjende seg «nødsaget» til å ta etter. «Store Penge gaae derved aarligen udaf Landet til Brændeviin og udenlandske Klæder».

Dei som hadde slutta seg til pakta, skulle vere føredøme i bygda. Det var sett opp detaljerte føresegner for kor mykje malt og brennevin som var lov til å bruke i bryllaup og gravferder. Underskrivarane ville berre gå i gjesteboda til dei som fylgde føresegnene. Dei ville heller ikkje «bruge andre Klæder end de, som ere spundne, vævede og farvede i Landet af Vadmel eller andre hjemmevævede Tøier». Utanlandske tøy som fløyel og silke var forbodne, også til kanting.

Sanksjonar og kunngjering

Underskrivarane hadde friviljug gått med på å betale mulkt der halvparten «tilfalder Angiveren» og halvparten Lysters Lære- og Arbeids-Anstalt. Reglane er daterte 18. mai 1812, og dei vart Foreininga (reglane) vart godkjende på bygdetinget for Luster 3. juni 1812. Deretter vart reglane godkjende av amtmann Herman Gerhard Treschow 27. februar og opplesne på bygdetinget i luster 3. juni 1812. I den offentlege godkjenninga låg det at bøtene som underskrivarane hadde pålagt seg sjølve ved regelbrot, kunne inndrivast ved offentleg eksekusjon «uden foregaaende Lov og Dom».

I februar 1813 sende amtmann Treschow dokumentet med eit svært rosande følgjeskriv til Selskabet for Norges Vel, som prenta det heile i Budstikken.

Underskrivarane

Dei 24 underskrivarane er førte opp i den rekkjefølgja og med den namneforma dei stod i Budstikken. Dei andre opplysningane er sette til.

Namn i original Gard (sokn) Leveår, yrke Merknad, ref. omtale
Lensmand Hans Urdahl Søvde (Dale) 1769-1829, lensmann
T. H. Næss Nes (Nes) 1772-1853, gardbrukar
Ole Andersen Hauge Haugen (Gaupne) 1772-1855, gardbrukar Øyane IV: 587
Christen Olsen Alme Alme (Dale) 1776-1812, gardbrukar Øyane II: 403
Hans Siursen Qvahle Kvale (Dale) 1777-1844, gardbrukar Øyane II: (108) og 775
J. G. G. Fliche Flikki (Dale) 1769-1843, gardbrukar Øyane II: 208
Ole Hæri Hærum (Dale) 1775-1848, gardbrukar Øyane II: 732
Erik Pedersen Holmestad Holmestad (Fortun) 1777-1859, gardbrukar Øyane I: 104
Ole Asbjørnsen Svendsøe Svensøy (Fortun) 1771-1845, gardbrukar Øyane I: 71 (og VI: 900)
John Larsen Riise Bjørk (Fortun) 1755-1830, gardbrukar Feilskriving for Jan Larsen Bierch, Øyane I:??
Ole Olsen Forthun Fortun (Fortun) 1768-1837, gardbrukar Øyane I: 279
Søren Johannesen Flohaugen Bolstad (Fortun) 1772-1845, gardbrukar Øyane I:523 (og VI: 900)
Peder Einersen Næss Nes (Nes) 1769-1858, gardbrukar Øyane III: 773
Jørgen Knudsen Skaare Skåri (Fortun) 1771-1853, gardbrukar Øyane I: 712
Anders Olsen Fjøsne Fjøsne (Dale) 1781-1846, gardbrukar Øyane II: 6
Torger Johannesen Sanvig Sandvik (Gaupne) 1772-1837, gardbrukar Øyane IV: 105
Hans Olsen Leermoe Leirmo (Gaupne) 1764-1823, gardbrukar Øyane IV: 892
Peder Torkildsen Belgen Belgen (Gaupne) 1774-1839, gardbrukar Øyane IV: 47
Hans Pedersen Leri Leri (Dale) 1782-1867, gardbrukar Øyane III: 318
Erik O. Høgem Høyeim (Nes) 1758-1832, gardbrukar Øyane III: 695
Christen T. Kolstad Kolstad (Dale) 1772-1823, gardbrukar Øyane II: 232
Johannes E. Skaar Skår (Dale) 1753-1817, gardbrukar Øyane II: 302
Johannes R. Teigen Feigum (Dale) 1775-1827, gardbrukar Teigen truleg feilskriving for Feigum; Øyane III: 453
Ingebrigt Hengesteg Hengesteg (Dale) 1773-1835, gardbrukar Øyane II: 787

Foreininga fekk tilslutnad frå alle sokn i Luster. Kring 1/3 av underskrivarane hadde truleg tilknyting til haugianarane, som stod sterkt i Luster, men tiltaket vart grunngjeve økonomisk og sosialt, ikkje religiøst. Både meir og mindre velståande gardbrukarar slutta seg til, men ingen husmenn eller tenarar står på lista.

Kjelder og litteratur

  • Budstikken, nr. 22 og 23, 30.4.1813, spalte 170-175. (Digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Hoel, Oddmund L. (2014). Dei fyrste valmenn og røysteføre i Sogn med vekt på Jostedalen og Luster. I: Med påhalden penn? 1814 sett frå Nordvestlandet og Telemark, Oslo: Novus forlag, s. 397-427.
  • Øyane, Lars E.: Gards- og ættesoge for Luster kommune. Utg. Luster kommune. 1984-
    • B.1: Fortun sokn. 1984.
    • B.2: Dale sokn I. 1986.
    • B.3: Dale II og Nes sokn. 1987.
    • B.4: Gaupne sokn. 1991.
    • B.6: Joranger, Terje Mikael Hasle og Lars E. Øyane: Eikum ytre, Høgi. 2006.