Budstikken

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Se også budstikke.

Budstikken var ei norsk avis som kom ut i Christiania frå 14. april 1808 til 1814, med framhald i tre nye rekker 1817–1861. Avisa vart skipa av Regjeringskommisjonen, men vart i 1810 overtatt av Selskabet for Norges Vel. Enevold de Falsen (1755-1808), som var medlem av kommisjonen, stod for skipinga i samarbeid med pressepioneren Niels Wulfsberg (1775-1852). Falsen var òg redaktør for avisa fram til han døde i november 1808, den som overtok ansvaret var Ludvig Stoud Platou (1778-1833), overlærar ved Katedralskulen i Christiania.

Innhald

Eit vanleg nummer av Budstikken var fire sider langt, men fleire utgåver var òg på åtte. Historikaren Sindre Fjeld syner i masteroppgåva Budstikken – En propagandaavis? at stoffet var svært regimelojalt, og at det tidvis var prenta direkte formaningar overfor innbyggjarane og tekstar som skulle byggja opp om folk si haldning til styresmakta. Fjeld undersøkte det fyrste prenteåret åt tidsskriftet, og viser at det elles vart prenta mykje stoff om den pågåande Napoleonskrigen, gjerne i form av reine offisielle rapportar, og informasjon om private donasjonar til soldatar.[1] I perioden under Regjeringskommisjonen fungerte avisa såleis som eit reint propagandainstrument for statsmakta.[2]

I 1809 tok Selskabet for Norges Vel over tidsskriftet, men også under dei heldt den regimelojale lina fram.[3] Ei sak klarte dei riktignok å organisere i strid med kva styresmaktane ynskte, nemleg universitetssaka: Gjennom fleire utgåver i åra 1811 og 1812 presenterte Budstikken namn på over 3200 nordmenn som gav pengar til å opprette eit norsk universitet.

Tre nye rekker 1817–1861

Selskabet for Norges Vel tok opp att utgjevinga av Budstikken i 1817, nå som vekeblad. Denne 2. rekke blir rekna fram til 1829. Vekebladet var mindre politisk og aktualitetsorientert enn den tidlegare avisa, men inneheldt i staden artiklar om topografiske, økonomiske og historiske emne. Dei topografiske utgreiingane kan sjåast som eit framhald av Topographisk Journal for Norge (1792–1808) og Topographisk-statistiske Samlinger (1811–1817) .

3. rekke av Budstikken kom ut i perioden 1830–1834, med konsentrasjon om landruksrelaterte emne.

Same type innhald finn vi i 4. rekke (1859–1861), som kom ut som månadsskrift, med Peter Chr. Asbjørnsen og Frederik Chr. Schübeler som redaktører.

På Nettbiblioteket

Fotnotar

  1. Sindre Fjeld, side 24-55.
  2. Sindre Fjeld, side 108-111.
  3. Øystein Idsø Viken, side 89.

Litteratur