Topographisk-statistiske Samlinger

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Topographisk-statistiske Samlinger er ein skriftserie utgjeven i fire band i tidsrommet 1811–1817. Utgjevar var Det kongelige Selskab for Norges Vel. Skriftserien kan sjåast som ein oppfølgjar av Topographisk Journal for Norge (1791–1808). Ein del av stofftilfanget til den nye serien var manuskript som eigentleg var tenkt publisert i journalen. Utgjevaren av journalen, Topographisk Selskab for Norge, smelta så å seie saman med Norges Vel da den organisasjonen vart skipa i 1809. Som det står i føreordet til bd. 1 av Topographisk-statistiske Samlinger, vart det uprenta materialet «som en Medgift» overlate til Norges Vels eigen nye skriftserie. Frå 1817, da Topographisk-statistiske Samlinger opphøyrde, overtok vekeavisa Budstikken den funksjonen som Topographisk journal og Topographisk-statistiske Samlinger hadde hatt som publiseringskanal for topografisk litteratur i Noreg. Også Budstikken tilhøyrde Norges Vel.

På Nettbiblioteket

To og to av dei fire banda utgjer høvesvis Del 1 og Del 2 av det samla verket, og i biblioteka vil ein ofte finne heile verket innbunde i desse to delane. På Nettbiblioteket er derimot dei fire banda skanna kvar for seg. I nedanståande oversyn er det med eit forenkla innhaldsoversyn. (Fullstendige innhaldslister finst i kvart av dei skanna banda.)


Del 1 bd. 1. (1811.) Digital versjonNettbiblioteket.

Del 1 bd. 2. (1812.) Digital versjonNettbiblioteket.

Del 2 bd. 1. (1813.) Digital versjonNettbiblioteket.

  • Om Nordfjord prosti. (J.A.Krogh).

Del 2 bd. 2. (1817.). Ikkje tilgjengeleg på Nettbiblioteket pr. 5.10.2022

  • Botanisk granskingsreise i fjellstrok i Sør-Noreg 1812. (Prof. Christen Smith)
  • Høgdeobservasjonar med barometer i Noreg. (Prof. Christen Smith.)
  • Om Kvernes og Grip. (Pastor Hans Grøn Bull.)
  • Om Fana og Årstad ved Bergen 1779.
  • Om førebuande arbeid med ei samla topografisk framstilling av kongeriket Noreg 1737–1746. Med utkast til kapittel om Nedre Telemark fogderi. (Ch. Lasson.)
  • Rapport frå undersøkjinga av Bardu-skogen i Senja fogderi juni–juli 1789 med tilleggsmerknader 1816 (Løytnant og skoginspektør Nicolai Hersleb Ramm
  • Om norske medisinske fjellplanter, skrive av Christen Smith 1811, utg. av Martin Richard Flor etter Smiths død 1816.
  • Professor Christen Smiths siste reise i Norge 1813, ved M.R.Flor etter Smiths død i Kongo 1816.
  • Om Edøy prestegjeld på Nordmøre. (Pastor Hans Grøn Bull.)