Topographisk Journal for Norge

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Topographisk Journal for Norge var eit tidsskrift som kom ut i Christiania i tidsrommet 1792–1808. Det kom i alt 34 hefte, som i innbunden form utgjer 10 band. Utgjevar var Det topographiske Selskab for Norge, som vart skipa i Christiania i 1791 med tidsskriftet som den viktigaste oppgåva. Det er klår kontinuitet mellom selskapet/tidsskriftet og det etterfølgjande Selskabet for Norges Vel (1809–) med sine utgjevingar Topographisk-Statistiske Samlinger (1811–1817) og Budstikken (1817–).

Målsetjing og innhald

Det uttrykte føremålet var å samle «nøjagtig Kundskab om det Land vi beboe» ved hjelp av «Beskrivelse[r] over enkelte Steder, Indretninger og Fabriker».[1] Framtidsvyene var å kunne få til ei landsdekkande framstilling av Norge. Den ambisjonen kan ein seie vart realisert nokre tiår seinare, i og med Jens Krafts mangebandsverk verk Norges Beskrivelse (1820–1842).

Topographisk Journal rommar ein betydeleg del av den topografiske litteraturen som er så karakteristisk for andre halvparten av 1700-talet og det tidlege 1800-talet. Hovudtyngda av stoffet er nettopp «topografi», bokstaveleg omsett til «Beskrivelse over enkelte Steder».[2] Det dreia seg om allsidige framstillingar av bygder, distrikt og regionar med omsyn til geografi, naturvilkår og ressursgrunnlag, næringsliv, samfunn og kultur. Stadane som blir skildra er mest typisk prestegjeld, men også einingar på distrikts- og regionsnivå som prosti, fogderi, sorenskriveri, amt og større landsdelar. Berre nokre få av byane har fått eigne framstillingar i journalen.

Som yttarlegare forklaring på kva som burde leggjast i «topografi», vart det i det fyrste heftet tilrådd å ta utgangspunkt i diposisjonen som presten Hans Jacob Wille hadde nytta i si nokså nyleg utkomne beskriving av Seljord prestegjeld (1786). [3] Seinare (år 1800) vart det trykt ei omfattande spørjeliste til hjelp i arbeidet.[4] Ho var omsett frå fransk, og ser ikkje ut til å ha vore nytta i særleg utstrekning.

I tillegg til stad-framstillingane er det i samsvar med målsetjinga også utgreiingar om nokre bergverk, men elles ikkje om fabrikkar og andre enkeltverksemder utover det som måtte vere innbaka i bygde- og distriktsframstillingane. Derimot er det ein heil del vitskaplege og/eller praktisk innretta artiklar om emne som ikkje nødvendigvis er knytta til nokon bestemt lokalitet. Jamvel topografi i poetisk form er det innslag av, altså dikt med beskrivande innhald knytta til bestemte stader.

Stofftilfang, redaksjon og utgjeving

«Ordinære» medlemmar i Topographisk Selskab forplikta seg til å levere bidrag til journalen. Det viste seg å liggje mykje uprenta, høveleg materiale hjå prestar og andre embetsmenn frå mange kantar av landet. Ein del gjekk nokså langt tilbake i tid. Det eldste som vart brukt, var futen Iver Wiels framstilling av Ringerike og Hallingdalens fogderi som opphavleg var skriven som eit ekstra fyldig svar på Kanselliets 43 spørsmål frå 1743.

I følgje vedtektene for Det topographiske Selskab, skulle bidraga sendast til den valde «Formand» i selskapet, som så i samarbeid med tre «censores» syte for at det som eigna seg vart publisert i journalen. I praksis kom det nok snart ein redaktør som tok seg av det praktiske arbeidet med dette. Frå og med hefte 7 (1799) framgår det at redaktøren var conrektor (seinare rektor og professor) ved Christiania Katedralskole, Jacob Rosted, og han skøytte det vervet til og med siste heftet i 1808. Det er grunn til å tru at han var inne i biletet også før 1799, kanskje heilt frå byrjinga av.

Topographisk Kournal fekk ei betydeleg utbreiing, med eit opplag som truleg kom opp i ca. 500 eksemplar. Det var det dobbelte av antal medlemmer i selskapet, som er opptalde 226 personar som har hatt medlemskap i større eller mindre delar av tidsrommet 1791–1808.[5] Det topographiske Selskab var sitt eige forlag, og tidsskriftet vart i heile si eksistenstid trykt i Christiania, hjå Jens Ørbek Berg (bd. 1–7), hjå J. Ørbek Bergs Enke (bd. 8–9) og hjå N.J. Berg (bd. 10).

På Nettbiblioteket

Topographisk Journal kom ut i 34 hefte. I innbunden form utgjer dei 10 band, som i skanna form er utlagt på Nettbiblioteket. Ved referansar bør ein syte for å få med heftenummer, da pagineringa gjeld hefte for hefte, ikkje gjennomgåande for dei einskilde banda. Det er innhaldsliste for alle hefta fremst i kvart av dei 10 banda. I det følgjande er det som ei fyrste orientering gjeve eit summarisk oversyn over innhaldet i dei einskilde banda, fordelt på regulære «stedsbeskrivelser» (stader) og «andre emne».

Stader: Eidsberg; Kautokeino; Fredrikshald (Halden) m/Fredrikssten og prestegjelda Idd og Berg (sjå også seinare band);
Andre emne: Fortale til tidsskriftet 1792; Innbyding til og vedtekter for Topographisk Selskab 1791/1792; Eidsvoll jernverk; Om dødsfare ved kolbrenning; Dikt om Ekeberg ved Oslo.; Nogle Alderdommens Levninger i Norge; Søndenfjeldske Prestegaarde; Om farlige huskurar og giftige planter; Alunverket i Oslo; Handverkarar i Christiania; Om kobolt; Om mat til krøtter ved fôrløyse; etterlatne skrifter av Hans Strøm; J.N.Wilses innbyding til å søkje om eit universitet i Norge;
Stader: Frederikshald, Idd og Berg forts: Finnmark; Lister og Mandals amt;
Andre emne: Om bruk av fjellbeite m.m.; Dikt om Egenæs ved Stavanger (Jens Zetlitz); Om jord-bor til å søkje etter steinkol; Om Melbostadske rabarbra (av generalkonduktør Christopher Hammer på Hadeland); Norsk Natural-Kammer; Reinsdyrmose til brød; Meteorologiske observasjonar på Eiker 1792;
Stader: Idd og Berg forts.; Lister og Mandal forts.
Andre emne: Schønings reise til Stiklestad; Meteorologiske observasjonar på Eiker 1793; Topographisk Selskabs kassarekneskap frå stiftinga til 16. mars 1795;
Stader: Lister og Mandal: Kristians amt; Kristiansund; Eidsberg forts.
Andre emne: Om oppløysing av sameiger og anna fellesskap nordafjells; Om boring etter steinkol ved Christiania; Om Blyantserts og mogleg fabrikering av blyantar; Meteorologiske observasjonar på Eiker 1793.
Stader: Eidsberg forts.; Rakkestad; Trysil; Aure; Hadeland;
Andre emne: Om steinurer, stein til vakthus og krigsbruk;
Stader: Trysil forts.; Hadeland forts.; Namdalen fogderi;
Andre emne: Dikt om Bergen; Om mogleg bruk av steinkol frå Færøyane i Nordland; Liste over innkomne bidrag.
Stader: Finnmark;
Andre emne: Jarlsbergske bly- og koparverk; Om kulde og diverse anna i Tynset; Om kyrkjesalet i Akershus stift i Frederik IVs tid.
Stader: Setesdal (forts.); Heggen og Frøland fogderi; Larvik grevskap; Vesterålen og Lofoten; Sunnfjord; Kristiansund (forts.); Nordlands amt;
Andre emne:Etterlatne papir av J.N.Wilse (død 1801).; Modum blåfargeverk; Om Jomfruland, «bonderim» fra Roland Knudsen til U.F.Gyldenløve;
Stader: Sunnfjord (forts.); Ringerike og Hallingdals fogderi;
Andre emne: Ekstrakt av folketeljinga 1801 for prestegjeld i Bratsberg amt;
Stader: Sunnfjord forts.;
Andre emne: Beretning om Topographisk Selskabs tilstand 1807;

Referansar

  1. Fortale, hefte 1.
  2. Fortale, hefte 1.
  3. Hefte 1 s. 14 og 21–22
  4. hefte 26 s. 178–190.
  5. Storsveen, O.A. 1997, s. 68–69.

Kjelder og litteratur

  • Sandnes, Jørn: «Lokalhistorisk litteratur til omkring 1900» i Lokal historie i forskning og kulturarbeid gjennom 200 år. Utg. Universitetsforlaget. 1970. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Storsveen, Odd Arvid: Norsk patriotisme før 1814. Utg. Norges forskningsråd. 1997. Digital versjonNettbiblioteket.
  • Supphellen, Steinar: «Den historisk–topografiske litteraturen i Noreg i siste halvparten av 1700-talet, regionalisme eller nasjonalisme?» i Heimen nr. 4, 1979 side 198–211'. Digital versjonNettbiblioteket.