Norges Beskrivelse (Jens Kraft)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Faksimile frå oppslagsside Norges Beskrivelse (1842)

Topographisk-Statistisk Beskrivelse over Kongeriget Norge av Jens Kraft er eit bokverk utgjeve i seks band i tidsrommet 1820–1835. Delar av verket kom i reviderte utgåver 1838–1842, og eit samanfattande band vart trykt heftevis i åra 1845-1848. Verket gjev ei grundig og detaljert framstilling av naturtilhøve, befolkning, økonomi og næringsliv i tida rett før industrialiseringa kan seiast å ha teke til i Noreg. Det omhandlar også ein del «historiske Notitser» og «Oldtidsminder». Men fyrst og fremst er det ei allsidig natur- og samfunnsgeografisk samtidsskildring, landsdel for landsdel, amt for amt og fogderi for fogderi ned til bygdelagnivå, og endatil med omtale av eit ganske omfattande utval av gardar i dei einskilde prestegjelda. Byane er omtala i eigne avsnitt.

Tilblivinga

Jens Kraft. Litografi 1842. Kunstner ukjent.

Mannen bak dette storarbeidet var jurist, departementstilsett og (frå 1832) sorenskrivar Jens Edvard Kraft (1784–1853). Han utarbeidde og gav ut verket på privat basis, men med velvilje og oppmuntring frå styresmaktene så vel som frå vitskaplege krinsar. Han fekk også noko økonomisk støtte. I åra 1828–1830 løyvde staten 700 spesidalar og vitskapsselskapet i Trondheim 400 spesidalar til reiseutgifter. Staten kjøpte dessutan inn ein god del eksemplar av verket. Kraft vart også innvilga tiltrengde permisjonar frå sine faste stillingar.

Kjeldegrunnlaget

Kraft fekk fri tilgang til dei relevante offentlege arkiva. Elles henta han systematisk inn grunnlagsmateriale frå lokale embetsmenn, også dette med uttrykkeleg statleg løyve. Han føretok sjølv mange reiser til strok av landet han meinte å ha for lite kunnskap om. Også i arkiva i København gjorde han omfattande granskingar.

Kraft hadde ekstra god kjennskap til den rikhaldige topografiske litteraturen som allereie låg føre. Det hadde han m.a. frå sitt tidlegare bibliografiske arbeid, og som medlem i redaksjonen for bladet Budstikken (frå 1817 til 1826). Mange opplysningar kunne også hentast i Topographisk Journal (1792–1808) og i framhaldet Topographisk-Statistiske Samlinger (1811–1817). Særleg til det historiske stoffet hadde han stor hjelp av justitiarius Jens Christian Berg, som m.a. var redaktør for Budstikken.

Innhald

Ordninga av materialet følgjer amtsinndelinga, frå Austlandet over Agder, Vestlandet, Trøndelag og Nord-Noreg. Kvart amtskapittel blir innleidd med ei summarisk skildring av amtet. Deretter følgjer omtaler av kvar av byane (kjøpstader og ladestader), så landdistrikta (fogderia med særskilt omtale av kvart prestegjeld og sokn).

På dei ulike administrative nivåa blir det opplyst om

  • geografi (landskap, avstandar, jordarter, klima, administrative inndelingar m.m.),
  • næringsvegar (åkerbruk, fedrift og skogbruk, fiskeri, metallførekomster, verk og bruk og fabrikkar, husflid og handverk.)
  • om byane: historie, storleik, offentlege bygnader og institusjonar, øvrigheit, handel og andre bynæringar.
  • «Almuens Kultur, Moralitet og Velstand»
  • kyrkjer, gardar og stader elles som er verd å merke seg
  • historiske tilhøve og oldtidsminne
  • … og elles varierande type stoff og opplysningar for ulike distrikt og stader.

Det er ei rad tabellar med detaljerte opplysningar på prestegjeldsnivå, somme stader jamvel på soknenivå, om folkemengd, tal på matrikkelgardar og oppsitjarar, fordeling på sjølveigarar og leiglendingar, tal husmenn (ofte fordelt på husmenn med og utan jord), samla matrikkelskyld og fordelinga av denne på høvesvis «Eiendomsgods», «Statens Gods» og «Beneficeret Gods».

På Nettbiblioteket

  • B. 3 Telemark (Bratsberg), Aust-Agder (Nedenes) og Vest-Agder (Lister og Mandal)

Eitt bands forkorta utgåve, publisert heftevis 1845–1848: Historisk-topographisk Haandbog over Kongeriget Norge. Digital versjonNettbiblioteket.

Kjelder og litteratur