Torgeir Næss

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Torgeir Halvorson Næss (Torger) (fødd i april 1772, død 24. august 1853) var gardbrukar, politikar og haugianarleiar i Luster i Sogn og Fjordane. Han var fødd på garden Nes som han seinare tok over og dreiv. Her vart han òg buande livet ut.

Foreldre og oppvekst

Han var yngste barn og einaste son av Halvor Endreson Næss (1702-1778) og den andre kona hans, Mari Torgeirsdotter (1736-1791) frå Råum i Gaupne i Luster. Etter at Torgeir miste far sin i 6-årsalderen, gifte mora Mari seg opp att med Elling Olson frå Fet i Hafslo. Mora døydde då Torgeir var 19, men alt to år før (9.6.1789) hadde Torgeir fått skøyte på det eine bruket på Øvre Nes (i dag bnr. 4) frå stefaren mot kår.

Gard og giftarmål

Torgeir Næss gifte seg fyrste gongen 7. juni 1791 med Anna Christensdotter (1774-1825) frå Øvre Nes (bnr. 10). Dei busette seg på heimebruket hans på Nes (bnr. 4), men 10.9.1809 fekk han bygselbrev også på heimebruket hennar, og dei dreiv båe bruka samla til eldste sonen Halvor tok over bnr. 4 i 1821. Om ikkje før, flytte Torgeir og Anna då til bnr. 10. Den 30.8.1831 fekk Torgeir òg kongeskøyte på dette bruket, som hadde høyrt til krona.

Etter at kona Anna døydde i 1825, gifte Torgeir seg opp att med Ragnhild Eriksdotter (1797-1877) frå Nedre Joranger i Hafslo. Dei vart sidan buande her livet ut.

Haugianarleiar

Etter at Hans Nielsen Hauge vitja Sogn to gonger i 1801 og 1802, vart Luster det klart sterkaste sentrumet for haugerørsla i Sogn og ei av dei sterkaste haugianarbygdene på Vestlandet. Torgeir Næss var frå byrjinga ein klar leiar for haugianarane i Luster. Dette var ingen formell posisjon, og han nekta sjølv for å ha fått noko slikt kall av Hauge, men i dei omfattande rettslege avhøyra av haugianarane i Luster i 1806-07, peikar mange av kring 30 vitnemål på Torgeir Næss som den mest sentrale. Han dreiv både forkynning og innsamling av midlar til haugerørsla. Finn Wiig Sjursen (1997) omtalar Næss som "høvding for haugianerne i Luster, og han var en av haugianismens eldste, autorisert av Hauge selv."

I 1812 var Næss ein av dei 24 allmugemennene som slutta seg til allmugeforeininga i Luster.

Næringsdrift

Torgeir Næss fekk sokneprest Edvard Qvale sine ord på at han var ein svært dugande gardbrukar – Qvale var elles hovudmotstandaren til haugerørsla i Luster. Dei to bruka han dreiv på Nes utgjorde ein storgard, og han åtte elles både ei kvern, eit sagbruk og ei jekt i Feigum på sørsida av Lustrafjorden. Etter kvart starta han både garveri, saltkokeri, fargeri og meir til. Viktig i drifta av denne verksemda var hjelpa han fekk av haugevener i bygda.

I sølvskattelistene frå 1816 er Torgeir Halvorsen på Nes oppført med 124 1/2 spesidalar, ein svært høg sum for bønder. Berre ein av dei 222 skattytarar i Luster tinglag betalte meir, noko som vitnar om høg velstand. Torgeir Næss er eit framifrå døme på den omfattande og moderne næringsverksemda som mange av haugianarane dreiv, noko som Hans Nielsen Hauge og oppmoda til. Då Selskabet for Norges Vel i 1811 byrja å samle inn pengar til eit norsk universitet, var Torgeir Næss ein av tre frå Luster som teikna seg, og han gav 100 rdl.

Torgeir Næss kjøpte òg opp gardar i Romsdalen og oppmoda haugianarar om å reise dit og slå seg ned.

Stortingsmann

Næss var ein av dei 12 frå allmugen som skreiv under fullmakta frå Luster prestegjeld til Riksforsamlinga i mars 1814. Han vart ikkje vald til valmann til distriktsforsamlinga som valde amtet sine representantar til Riksforsamlinga på Eidsvoll, men han vart ein av valmennene frå Luster ved dei tre fyrste stortingsvala hausten 1814, 1815 og 1817.

Til det ekstraordinære Stortinget hausten 1814 og det fyrste ordinære Stortinget i 1815-16 vart han òg vald til stortingsmann for Nordre Bergenhus amt. I 1815 vart òg den fremste haugianaren i Luster etter Næss, lensmann Hans Arneson Urdahl, vald som stortingsrepresentant frå Nordre Bergenhus.

I stortingsvalet 1817 nådde han ikkje opp. På valtinget prøvde Næss å sikre seg attval som stortingsrepresentant gjennom å dele ut lister, men amtmann Christian Magnus Falsen greidde å stogge han og sytte for at det vart val ved namneopprop. Aksjonen fall då saman. Næss fekk då ingen røyster, og han vart i dei neste vala heller ikkje valmann.

I 1832 gjorde Næss comeback og vart både valmann og stortingsrepresentant for Nordre Bergenhus. Men med dette var òg den rikspolitiske karrieren hans over. Han var valmann også som 66-åring i 1838, men fekk ingen røyster på valtinget.

Etter innføringa av formannskapslovene vart Næss vald inn i det fyrste formannskapet og kommunestyret i 1838, og han var varaordførar i Luster i fleire år.

Etterkomarar

Torgeir fekk fire born med Anna Christensdotter:

  • Halvor Torgerson (1801-1845), som tok over Øvre Nes (bnr. 4) etter faren
  • Christen Torgerson (1806-1806)
  • Christen Torgerson (1808-1889), gardbrukar i Fræna
  • Endre Torgerson (1811-1858), flytte til Fræna, ugift

Ragnhild Eriksdotter hadde med seg ei dotter inn i ekteskapet med Halvor, faren var Anders Christophersen frå Kjørlaug i Hafslo:

  • Britha Andersdotter (1821-1890), husmannskone på Nes

Torgeir fekk seks born med Ragnhild Eriksdotter:

  • Anna Marie Torgersdotter (1828-1858), flytte til Bergen
  • Elen Torgersdotter (1830-1830)
  • Elen Johanne Torgersdotter (1832-1882), husmannskone på Nes
  • Bertha Torgersdotter (1834-1904), tente på Nes all sin dag, ugift
  • Anna Sophie (Sophia) Torgersdotter (1838-1922), gardbrukarkone på Skildeim
  • Christopher Torgerson (1841-1881), tok over som gardbrukar på Øvre Nes (bnr. 10) etter foreldra

Kjelder og litteratur