Edvard Qvale

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Edvard Qvale (fødd 25. mars 1766 i Nedre Kvinesdal, død 31. mai 1828 i Luster) var son av sokneprest Anders Qvale og Karen Aamodt.

Qvale gjekk ut frå Kristiansands skole i 1786, tok teologisk embetseksamen 19. april 1791 og vart 7. oktober same år personleg kapellan hjå far sin i Nærøy i Nord-Trøndelag. I 1798 drog han til København for å søkja embete, og han var i 4 1/2 år prest ved 'det almindelige hospital' og Abel Cathrines Stiftelse. Den 17. juni 1803 vart han så utnemnt til sokneprest i Luster, eit embete han hadde resten av livet.

Qvale vart prost i Sogn prosti 14. april 1817 og heldt fram som prost i Indre Sogn prosti etter delinga 19. april 1819. Som prost hadde han òg ansvaret for Jostedal prestegjeld der det kunne vera vanskeleg å skaffa prest. I åra 1820-1822 måtte han sjølv ta seg av prestekallet. (Sjå Prestar i Jostedalen.)

Han vart 28. januar 1812 riddar av Danebrog på grunn av arbeidet for å fremja landbruket i prestegjeldet, og han testamenterte i 1808 200 rdl. til det Qvaleske Legat, som skulle gå til opprettinga av ein lære- og arbeidsanstalt i Luster.

Qvale gifte seg 14. mars 1798 med Margrethe Angell Sverdrup (1769-1826) frå Nærøy. Dei fekk ikkje born, men adopterte tre av brørne til ein bror.

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 14. (Digital utgåve, Digitalarkivet)