Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1815

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Stortingsvalet i Nordre Bergenhus 1815 vart prega av haugianarane slik valet i amtet hausten 1814 hadde vore det. Torgeir Næss vart attvald, medan sambygdingen Hans Urdahl kom inn.

Valtinget vart halde i Eivindvik prestegard 18. januar 1815. 60 valmenn møtte, men dei tre frå Selje møtte fyrst etter at valet vart avgjort.

Valde representantar

Desse vart valde:

Verv Namn/tittel Merknad
1. representant Amtmand C. M. Falsen Møtte på Riksforsamlinga
2. representant Gaardbr. T. H. Næss 2. representant 1814
3. representant Gaardbr. L. J. Thingnæsset
4. representant Lensmand H. A. Urdahl
1. suppleant Gaardbr. O. E. Hjelle
2. suppleant Kaptein O. E. Holck Møtte på Riksforsamlinga
3. suppleant Lensmand J. Onstad
4. suppleant Lensmand A. T. Bruland

Falsen budde i Bergen der amtmannen heldt til, men valet av han vart likevel godkjent med 58 mot 25 røyster.

Valmenn

Sju av dei 57 valmennene var embetsmenn. Det var kring 40 embetsmenn i Sogn og Fjordane i 1814. Fylgjande valmenn møtte (rekkefølgje og skrivemåten av namn og tittel etter valprotokollen):

Nr Namn Tittel Prestegjeld
1 Baard Olsen Lysne Gaardmand Lærdal
2 Tøger Hansen Leerdahlsøren Gaardmand Lærdal
3 (ingen) Jostedalen
4 Hermund Ellendsen Hundere Gaardbruger Sogndal
5 Niels Johannesen Loftesnes Gaardbruger Sogndal
6 Jens Thomesen Brusegaarden Gaardbruger Sogndal
7 Ole Rasmusen Leet Gaardbruger Hafslo
8 Lars Mikkelsen Høgie Gaardbruger Hafslo
9 Uhrdahl Lehnsmand Luster
10 Torger Hansen Næss Gaardbruger Luster
11 John Ohnstad Lehnsmand Aurland
12 Elling Larsen Vinjum Gaardbruger Aurland
13 Bottold Torrissen Quam Gaardbruger Aurland
14 G. N. Daae Capitaine Leikanger
15 Ludvig Daae Capellan Leikanger
16 John Opdahl Lehnsmand Leikanger
17 Liliedahl Klokker Vik
18 Jan Reutz Gaardmand Vik
19 Holck Capitaine Lavik - Møtte ikkje, hadde sendt inn votum
20 Henrik Skirsen[?] Brændrupdahl Gaardbruger Lavik
21 Voss Sorenskriver Eivindvik
22 Dahl Pastor Eivindvik
23 Mikkel Jacobsen Steensund Gaardbruger Eivindvik
24 Olaus Monsen Østgulen Gaardbruger Eivindvik
25 Anders Jonasen Sørsimen[?] Gaardbruger Askvoll
26 Peder Hartvigs Mylestad Gaardbruger Askvoll
27 Gunder Olsen Leervig Gaardbruger Askvoll
28 Jersin Birkedommer Ytre Holmedal
29 Tuchsen Capitaine Ytre Holmedal
30 Torger Hellevigen Gaardbruger Ytre Holmedal
31 Johansen Hansen Helle Gaardbruger Indre Holmedal
32 Chisten Gundersen Kalstad Gaardbruger Indre Holmedal
33 Gunder Olsen Alværen Gaardbruger Indre Holmedal
34 Bernt Hansen Aardahl Gaardbruger Kinn
35 Alexander Andersen Standahl Gaardbruger Kinn
36 Anders Bruland Lehnsmand Førde
37 Lars Jacobsen Wefring Gaardbruger Førde
38 Ole Andersen Stubhoug Gaardbruger Førde
39 Anders Rognaldsen Næs Gaardbruger Førde
40 Haldor Andersen Slotten Gaardbruger Jølster
41 Anders Tollevsen Strand Gaardbruger Jølster
42 Elling Olsen nedre-Namløs Gaardbruger Jølster
43 Christen Abrahamsen Liden Gaardbruger Davik
44 Peder Jørgensen Blaaliden Gaardbruger Davik
45 Thorlef Lamsonsen Gæsdal Gaardbruger Davik
46 Paul Paulsen Nøstdal Gaardbruger Eid
47 Ole Ellingsen Hjelle Gaardbruger Eid
48 Mons Anthoniussen Hundveg Gaardbruger Eid
49 Rasmus Rasmussen Torvig Gaardbruger Eid
50 Rasmus Olsen Houge Gaardbruger Gloppen
51 Hans Rasmussen Røsæter Gaardbruger Gloppen
52 Casparius[?] Jespersen Walløe[?] Gaardbruger Gloppen
53 Jacob Andersen Osmundnæs Gaardbruger Gloppen
54 Ole Mathiasen Lie Gaardbruger Innvik
55 Anders Monsen Loen Gaardbruger Innvik
56 Jens Jacobsen Bøe Gaardbruger Innvik
57 David Olsen Sunde Gaardbruger Innvik
58 John Knudsen Berge Gaardbruger Innvik
59 (ingen) Selje

Valet - røystetal

Både representantar og suppleantar vart valde i same røysting. Resultat:

Namn Røyster Merknad
Amtmand Falsen 54 Ikkje valmann, møtte som amtmann, var eidsvollsmann 1814
Torger Næss 30 Valmann Luster, var 2. representant hausten 1814
Lars Tingnæsset 28 Ikkje valmann
Lehnsmand Hans Urdahl 24 Valmann Luster
Ole Ellingsen Hjelle 16 Valmann Eid
Capitaine Ole Holck 11 Valmann Lavik (møtte ikkje), var eidsvollsmann 1814
Lehnsmand Ohnstad 8 Valmann Aurland, plassering etter loddtrekning
Lehnsmand Bruland 8 Valmann Førde, plassering etter loddtrekning
Sorenskriver Voss 6 Valmann Eivindvik
Bottel Qvam 4 Valmann Aurland
Eling Winjum 3 Valmann Aurland
Proprietaire Ravn 2 Ikkje valmann
Baard Olsen Lysne 2 Valmann Lærdal
Birkedommer Jersin 2 Valmann Ytre Holmedal
Pastor Qvale 2 Ikkje valmann
Lehnsmand Opdahl 2 Valmann Leikanger
Hermund Hundere 2 Valmann Sogndal
Pastor Dahl 2 Valmann Eivindvik, var 1. representant hausten 1814
Tøger Hansen Leirdals-Øhren 1 Valmann Lærdal
Mons Wiigen 1 Ikkje valmann
Pastor Pavels 1 Ikkje valmann
Sorenskriver Landmark 1 Ikkje valmann
Torger Hellevig 1 Valmann Indre Holmedal
Hermund Tvedt 1 Ikkje valmann
Kapitaine Tuchsen 1 Valmann Ytre Holmedal
Ole Andersen Stubhaug 1 Valmann Førde
Ole Hermundsen Tvedt 1 Ikkje valmann
Ole Svanøe 1 Ikkje valmann, var 3. representant hausten 1814
Foged Kierbøe [?] 1 Ikkje valmann
Kapitaine K. Holck 1 Ikkje valmann
Alexander Standal 1 Valmann Kinn
Pastor Ludvig Daae fra Leganger 1 Valmann Leikanger
Major Lochmann 1 Ikkje valmann
Peder Hjermann 1 Ikkje valmann, var eidsvollsmann 1814

Valmennene frå Kinn var valde "af Præsten og nogle af Menigheden, da ingen Valgforsamling, formedelst stormens Vejr kunde Afholdes".

Frammøte på Stortinget

Representantane møtte på det fyrste ordinære Stortinget som kom saman 1. juli 1815 og vart oppløyst 6. juli 1816.

Falsen vart mellombels permittert 5. september og 20. oktober, og drog heim 26. juni 1816 utan at det vart kalla inn suppleant for han. Urdahl vart permittert på grunn av sjukdom 19. september, og Ohnstad (3. suppleant) vart innkalla same dag og møtte frå 28. november. Det er ukjent kvifor ikkje 1. eller 2. suppleant vart innkalla før han.

Kjelder

  • Stortingsval i Sogn og Fjordane (liste)
  • Statsarkivet i Bergen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Valprotokoll 1815-1925.
  • Lindstøl, Tallak. (1915). Stortinget og statsraadet 1814-1914. Bd. 2, del 1. De enkelte storting og statsraader. Kristiania: Steen'ske bogtrykkeri, s. 29-30 (Digital utgåve, NBdigital).