Embetsmenn i Nordre Bergenhus amt i 1814
Dette er ei liste over embetsmenn i Nordre Bergenhus amt 1814-15. Embetsmennene spela ei sentral rolle i den lokale gjennomføringa av opprøret mot Kielfreden, gjennomføringa av vala til riksforsamlinga og etableringa av det nye norske statsapparatet. Nordre Bergenhus amt hadde i 1814, utanom amtmannsembetet, to futeembete, fire sorenskrivarembete og ein birkedommar og 21 sokneprestembete. I tillegg kom kapellanane og offiserane. Minst tre av offiserane i amtet var med i felttoget på svenskegrensa 1813-14.
Lista femner om geistlege, sivile og militære embetsmenn som anten var i amtet i 1814 eller hadde tilknyting til amtet. Eventuell rolle i samband med dei to vala i 1814 og stortingsvala i 1815 og 1817 er teke med. Lista byggjer på dei underskrivne fullmaktene frå mars 1814 og lista over valmenn 1814-1817, men gjer ikkje krav på å vere komplett.
Namn | Stilling/tittel | Prestegjeld | Rolle 1814-15/merknad | Verv 1814-1817 |
---|---|---|---|---|
Christian Magnus Falsen | Amtmann (frå 1814) | Styrte amtsvalet 1815 | Eidsvollsmann (for Akershus), stort.repr. 1815 og 1817 (avvist) | |
Herman Gerhard Treschow | Amtmann (til 1814) | Styrte amtsvalet v-1814 | ||
Peter Johan Arnet | Sokneprest i Askvoll | Askvoll | Underskrift fullmakt | |
Ole Aabel | Sokneprest i Aurland | Aurland | Underskrift fullmakt | Valmann v-14 |
Claus Frimann | Sokneprest i Davik og prost i Nordfjord | Davik | Underskrift fullmakt | |
Frants Henrik Blichfeldt | Sokneprest i Eid | Eid | Underskrift fullmakt | Valmann 1817 |
Nils Griis Alstrup Dahl | Sokneprest i Eivindvik | Eivindvik | Underskrift fullmakt | Valmann og stort.repr. h-14, valmann 1815 |
Niels Christian Kierboe | Fut over Sunnfjord og Nordfjord | Førde | Underskrift fullmakt | |
Mathias Lind | Sokneprest i Førde | Førde | Underskrift fullmakt | |
Peder Pavels | Sokneprest i Gloppen | Gloppen | Underskrift fullmakt | Valmann h-14 |
Hartvig Kaas Munthe | Major | Hafslo | Underskrift fullmakt | |
Niels Friis | Sokneprest i Hafslo | Hafslo | Underskrift fullmakt, død 17.5.1814 | |
Hans Wiingaard | Sokneprest i Indre Holmedal og prost i Sunnfjord | Indre Holmedal | Underskrift fullmakt | |
Johan Siegfried Cammermeyer | Sokneprest i Innvik | Innvik | Underskrift fullmakt | |
Christian Uchermann | Regimentskirurg og distriktslekjar | Innvik | Underskrift fullmakt | |
Gulbrand Aamodt | Sorenskrivar i Nordfjord og kanselliråd | Innvik | Underskrift fullmakt | |
Holger Halling Schjødt | Sokneprest i Jostedalen | Jostedal | Underskrift fullmakt | |
Andreas Doth | Sokneprest i Jølster | Jølster | Underskrift fullmakt | |
Willads Doth | Personleg kapellan i Førde | Kinn | Underskrift fullmakt | |
Claus Finde | Sokneprest i Kinn | Kinn | Underskrift fullmakt | |
Ole Elias Holck | Kaptein | Lavik | I militærteneste på svenskegrensa 1814 | Eidsvollsmann (for Bergenhusiske regiment), valmann og 2. vararepr. 1815, valmann (forfall) og stort.repr. 1817 |
Ludvig Daae | Sokneprest i Lavik | Lavik | Underskrift fullmakt | Valmann v-14 |
Ludvig Daae | Kapellan i Leikanger | Leikanger | Underskrift fullmakt i Vik der han forretta 18.3. | Valmann v-14 (for Leikanger), valmann 1815, valmann 1817 |
Gerhard Heiberg Daae | Kaptein | Leikanger | I militærteneste på svenskegrensa 1814 | Valmann 1815 |
Nils Andreas Boserup | Residerande kapellan i Leikanger | Leikanger | Underskrift fullmakt | |
Anders Daae | Sokneprest i Leikanger og prost i Sogn | Leikanger | Underskrift fullmakt | |
Peter Bortmann Voss | Sorenskrivar i Ytre Sogn | Eivindvik | Underskrift fullmakt | Valmann for Eivindvik 1815 og 1817 |
Joachim de Knagenhielm Daae | Major | Luster | Underskrift fullmakt | |
Edvard Qvale | Sokneprest i Luster | Luster | Underskrift fullmakt | Valmann v-14 |
Amund Wiegh | Kaptein | Lærdal | I militærteneste på svenskegrensa 1814 | Valmann 1817 |
Claus Rumohr | Kaptein i infanteriet | Lærdal | Underskrift fullmakt | |
Melchior Falch | Premiærløytnant i infanteriet | Lærdal | Underskrift fullmakt | Valmann 1817 for Sogndal |
Ulrik Frederik Bøyesen | Sokneprest i Lærdal | Lærdal | Ikkje underskrift prestegjeldsfullmakt | Valmann v-14, valmann h-14 |
E. A. Friis | Losoldermann (konst.) for Stadt losdistrikt | Selje | Underskrift fullmakt | |
Severin Lohmann | Major, dimittert | Selje | Underskrift fullmakt | Valmann h-14 |
Gabriel Heiberg | Sokneprest i Selje | Selje | Underskrift fullmakt | Valmann 1817 |
Claus Winther Kamstrup | Sokneprest i Sogndal | Sogndal | Underskrift fullmakt | Valmann h-14 |
Lars Johannes Irgens | Sorenskrivar i Indre Sogn og kanselliråd | Sogndal | Underskrift fullmakt | Valmann v-14, Eidsvollsmann, valmann 1817 |
Rasmus Endresen | Fut for Indre og Ytre Sogn, konst. amtmann 1814 | Vik | Underskrift fullmakt | Valmann v-14, styrte valet h-14 |
Thomas Fasting | Oberstløytnant i infanteriet | Vik | Underskrift fullmakt | |
Jacob Thode | Sokneprest i Vik | Vik | Underskrift fullmakt, sjuk og forretta ikkje 18.3.1814 | |
Hans Lem Jersin | Birkedommar i Sunnfjord | Ytre Holmedal | Underskrift fullmakt | Valmann 1815 |
Tuchsen | Kaptein | Ytre Holmedal | Valmann 1815 | |
Niels Nicolay Nielsen | Sokneprest i Ytre Holmedal | Ytre Holmedal | Underskrift fullmakt | Valmann v-14, Eidsvollsmann |
Nils Landmark | Sorenskrivar i Sunnfjord | Ytre Holmedal | Underskrift fullmakt | Valmann h-14, valmann 1817 |
Kjelder og litteratur
- Riksforsamlingens forhandlinger. 2 : Adresser og fuldmagter. Utg. Grøndahl & Søns Boktrykkeri. xx. 1914. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Statsarkivet i Bergen, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, Valprotokoll 1815-1925
- Barstad, H.J.. Bergenhusiske nationale Skarpskytterbataljons Historie 1810-1817 : (Oberstlieutnt. Stabells Kampe paa Østsiden af Glommen og Norske Jægerkorps's Retræt fra Svinesund til Rakkestad i Felttoget 1814). Utg. S. og Jul Sørensen. 1914. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Barstad, H.J.. Bergenhusiske regiment i krigen mod Sverige 1813-1814. Utg. S. & Jul Sørensen. 1918. Digital versjon på Nettbiblioteket.
- Øvre-Eide, Rasmus. Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970. Utg. Nordfjord sogelag. 1973. Digital versjon på Nettbiblioteket.