Claus Winther Kamstrup
Claus Winther Kamstrup (døypt 23. mars 1759 i Stavanger, død 26. mai 1841 i Fåberg) var prest. Han vosk opp i Stavanger som son av prost og sokneprest Hans Kamstrup og Helene Elligers Winther.
Kamstrup vart student og cand.theol i 1770-80-åra og var frå oktober 1783 personleg kapellan i Stavanger. Han vart utnemnd til sokneprest i Håland ved Stavanger 14.2.1794 og Sogndal i Sogn og Fjordane 6.6.1806. Etter tolv år på kvar av desse stadene fekk han sokneprestembetet i Fåberg ved Lillehammer 10.10.1818 der han vart til han fekk avskil 13.4.1835 og døydde seks år etter.
Kamstrup var valmann i samband med valet til det ekstraordinære Stortinget hausten 1814.
Han gifte seg i 1787 med Anne Margrethe Rosenkilde (1763-1846) frå Stavanger. Dei fekk åtte born.
Litteratur
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 49-50. (Digital utgåve)