Leirmo (Gaupne)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Leirmo
Knudsen Leirmo.jpg
Leirmo mot nord, fotografert av Knud Knudsen i 1870-åra
Stad: Gaupne
Sokn: Gaupne
Fylke: Vestland
Kommune: Luster
Gnr.: 90

Leirmo (Luster, gnr. 90) er ein matrikkelgard i Gaupne sokn i Luster kommune. Leirmo ligg på vestsida av Jostedøla og grensar i sør mot matrikkelgardane Røneid og i nord mot Alsmo. Leirmo ligg der Leirdalen møter hovuddalføret i Jostedalen.

Vegen mellom Gaupne og Jostedalen kryssar Leirdøla over Leirmo bru rett nord for gardstunet.

Leirmo skal vere ein av dei nyare gardane i Gaupne sokn og vart rydda kort etter 1600.

Den gamle Leirmostova står i dag på De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum.

Leirmo mot sør, fotografert av Knud Knudsen 1895-1902
Husmann på Leirmo, fotografert av Knud Knudsen 1875-1880

Litteratur

  • Øyane, Lars E. (1991). Gaupne sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 4). Gaupne: Luster kommune, s. 889ff.
  • «Leirmo», Gardsleksikon, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane