Lensmenn i Jostedalen
Dette er ei førebels liste over kven som hadde lensmannsembetet i Jostedalen fram til andre verdskrigen. Sjå elles detaljar og kjeldeopplysningar under kvar einskild lensmann.
| År | Namn | Merknader |
|---|---|---|
| Før 1610-1611 | Knut Åsen | |
| 1612-1613 | Ole Myklemyr | |
| 1614-1624 | Knut Åsen | |
| 1626-1638 | Daniel Kjeppe | |
| Ca 1636-37 | Torstein Espe | |
| 1639-1647 | Sjur Paulson Kruna | |
| 1648-1655 | Torstein Espe | |
| 1656 | Sjur Paulson Kruna | |
| 1656-ca 1699 | Ole Arneson Åsen | |
| 1690 | Knut Olson Nedrelid | |
| Ca 1703-1728 | Anders Olson Åsen | |
| 1728-1734 | Sjur Anderson Åsen | |
| 1734-1758 | Tøger Ottoson Snøtun | |
| 1758-1768 | Otto Tøgerson Snøtun | |
| 1768-1795 | Lars Tøgerson Snøtun | |
| 1808-1816 | Hans Arneson Urdahl | Saman med Luster. Hans Olson Nedrelid vert oppgjeven som lensmannsdreng 1813-14. |
| 1816-1850 | Ole Hansson Urdahl | Saman med Luster |
| 1850-1881 | Lars Rasmusson Faaberg | |
| 1881-1913 | Hermund Tvedt | |
| 1913-1938 | Lars Stølen | |
| 1938-1965 | Anders Fosøen |
Lensmannsembetet vart lagt inn under Hafslo i 1965.
Fram til 1689 byggjer lista på ein gjennomgang av skattelistene i lens-, amts- og futerekneskapane. Etter 1690 er kjelda ei liste av førebels karakter laga av Jon Laberg. For å kvalitetssikre og utvide lista, er det naudsynt med ein gjennomgang av primærkjeldene, særleg tingbøkene.
Arkiv
- Arkiv etter Lensmannen i Jostedal 1825-1967 (Arkivportalen)
Kjelder
- Skattelister i lensrekneskapane og amtsstoverekneskapane (Digitalarkivet)
- Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200. (digital utgåve, Jostedal historielag)