Hermund Tvedt

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Hermund Tvedt (fødd 10. januar 1842 i Hyllestad, død 1. august 1925 i Jostedalen) var lensmann og gardbrukar i Jostedalen i Sogn og Fjordane. Han var gardbrukarson frå garden Tveit i Hyllestad i ytre Sogn.

Tvedt gjekk Underoffisersskolen i Bergen i 1860-åra. Han var sersjant då han gifte seg fyrste gongen 18.6.1871 med syskenbornet Kari Aslaksdotter frå Ås i Hyllestad. Dei felles besteforeldra deira var husmann Anders Simonson frå Utheim under Sørheim i Luster og kona hans. Dei budde i Hyllestad, men Kari døydde alt 30.12.1874.

Hermund Tvedt gifte seg opp att i Sogndal 3.9.1877 med Anna Christence Frettem (1847-1911). Ho var fødd i Bergen og var dotter av fanejunkar Guttorm Frettem og Malene Severine Børseim. Anna skal ha vore gift tidlegare med offiseren Hans Didrik Bakke frå Aurland. Hermund og Anna budde i Sogndalsfjøra til 1885 der han var sersjant og ho var jordmor.

Alt i 1882 hadde Tvedt vorte tilsett som lensmann i Jostedalen, og dei flytte til bygda etter at han 14.4.1885 fekk skøyte på Sperløyane. Tvedt var lensmann i Jostedalen til 1912 då Lars Stølen overtok.

Tvedt stilte til stortingsvala i 1891 for Moderate Venstre og 1894 for Høgre. Ved båe vala vart han suppleant medan Venstre-representanten, ordførar A. C. Ormbergstøl, vart valt til valmann og møtte på distriktsforsamlinga.

I 1887 tok han initiativet til Jostedal skyttarlag der han var formann dei tre fyrste åra.

Hermund hadde to born frå det fyrste ekteskapet med Kari:

  • Andrea Elise (Lisa) Tvedt Veset (1872-1958)
  • Sophia Alette Tvedt (1873-1897)

Anna hadde eitt barn frå det fyrste ekteskapet:

  • Susanna Andrea Tvedt (1847-1917)

Hermund og Anna fekk sju born i lag:

  • Carl Otto Tvedt (1878-1958), utvandra til USA
  • Ingeborg Mathilde (Tilla) Tvedt
  • Andrea Severine Tvedt (1881-1952), utvandra til USA
  • Guttorm Tvedt (1883-1886)
  • Ingeborg Tvedt (1885-1964)
  • Guttorm Tvedt (Thomas Twedt) (1886-1941), utvandra til USA
  • Simon Tvedt (1889-1970), som tok over heimebruket i Sperløyane

Litteratur og kjelder

Eksterne lenkjer


Forgjengar:
 Lars Rasmusson Faaberg 
Lensmenn i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Lars Stølen