Ole Myklemyr

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Ole Myklemyr (fødd kring 1556, død kring 1642) var gardbrukar på Myklemyr i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Det er uvisst både når han vart fødd og kvar han kom ifrå, men han var kanskje ein av pionérane i Jostedalen under nyryddinga sist på 1500-talet. Det er truleg denne "Olluff Neder Mycklemyr" som er nemnd i presteskattelista frå 1596, det fyrste dokumentet der Jostedalen er nemnd etter øydetida.[1]

I jordebøkene frå 1612 og 1613, knekteskattlista 1611-13 og landskattlista 1613 er "Oluff Myckelmyr" nemnd som lensmann i Jostedalen. Både før 1611 og frå 1614 att hadde Knut Åsen embetet.

Det er ikkje kjent om han var gift eller hadde born.

Notar

  1. Skattelista 1596, Jostedal historielag

Kjelder og litteratur