Ole Arneson Åsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Ole Arneson Åsen (fødd kring 1621, død kring 1700) var truleg frå Bruheim i Jostedalen. Han gifte seg med Gunnhild Andersdotter frå Åsen, og dei overtok Åsen kring 1655. Gunnhild var dotter til gardbrukar Anders Knutson Åsen og barnebarn til lensmann Knut Åsen.

Ole Åsen var lensmann i Jostedalen og er iallfall nemnd i embetet i 1660[1], 1666[2] og 1684[3]. I 1656 er han nemnd som lagrettemann, men ikkje som lensmann, så han hadde neppe overteke embetet då.[4] Arne Kvitrud meiner han var lensmann heile perioden 1663-1699.

Sonen Anders Olson Åsen er nemnd som lensmann i 1703, så faren må iallfall ha gått av som lensmann før det. Det kan såleis ikkje stemma at Ole Åsen hadde lensmannsembetet til kring 1705.[5]

Ole måtte møte på tinget både i 1685 og 1694 for å svare for sonen Anders Olson Åsen, som fekk born utanfor ekteskap med to ulike kvinner.[6]

Fire born etter Ole og Gunnhild er kjende:

Notar

  1. Synfaring av Jostedal kyrkje, 2. oktober 1660
  2. «Oluff Aassenn» i Futemanntalet 1666 (Digitalarkivet)
  3. Tingbok 1684
  4. Synfaringsdokument 6. januar 1656
  5. Laberg 1948, s. 193; Laberg 1939, s. 48
  6. Laberg 1939, s. 48

Litteratur

  • Laberg, Jon. (1939). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 10), 15-70. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Laberg, Jon. (1948). Jostedal. Ei stutt utgreiding om bygdi og folket der. Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn (nr. 13), 177-200. (digital utgåve, Jostedal historielag)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 211. (digital utgåve, NBdigital)
  • Kvitrud, Arne. (1999). Luster. Fra pest til hungersnød. 1600 tallet. Stavanger. (Digital utgåve)