Valet til riksforsamlinga i Nordre Bergenhus 1814

Fra lokalhistoriewiki.no
(Omdirigert fra «Valmenn i Nordre Bergenhus 1814»)
Hopp til navigering Hopp til søk

Nordre Bergenhus amt skulle velje tre representantar til riksforsamlinga på Eidsvoll som kom saman 10. april 1814.

Valmannsvala

Rundskriva frå regent Kristian Fredrik 19. februar 1814 gav retningslinene for valet. Kvar «menighed» skulle halde ein bededag der det vart valt to representantar som så skulle kome saman til eit amtsmøte som valde dei tre utsendingane til riksforsamlinga. Minst ein av dei to utsendingane skulle vere frå bondestanden. 20 av prestegjelda heldt bededagar og val fredag 18. mars (Eivindvik 11. mars).

Amtsmøtet i Vik

Alle dei 42 valmennene møtte på amtsmøtet som vart halde på i Vik 30. mars. Valforsamlinga vart halde i huset til futen Rasmus Endresen (1767-1841) på garden Vange. Det vart leia av amtmann Herman Gerhard Treschow som kort tid etter fekk avskil og drog til Danmark der han kom frå.

Dei tre som vart valde som representantar til Eidsvoll, var sorenskrivar Lars Johannes Irgens (Sogndal), sokneprest Niels Nicolay Nielsen (Ytre Holmedal) og gardbrukar Peder Hjermann (Lærdal). I 2014 vart det kjent at det ikkje var Peder Hjermann som fekk flest røyster som boderepresentant, men Hans Urdahl frå Luster. Urdahl var sjuk og fekk fritak frå vervet, difor vart Hjermann med nest flest røyster representant.

Både Hjermann og Irgens prøvde å be seg fritekne på grunn av sjukdom, men fekk ikkje fritak av valforsamlinga. På grunn av helsetilstanden deira gav amtmann Treschow likevel ordre til sokneprest Ulrik Frederik Bøyesen i Lærdal om å bli med til Eidsvoll som "Reserve-Deputeret", noko han gjorde. Bøyesen og sokneprest Edvard Qvale i Luster hadde fått like mange røyster bak Irgens og Nielsen, men Treschow utnemnde Bøyesen til vararepresentant. Det vart ein større strid om reiserekninga til Bøyesen etter riksforsamlinga som er ei viktig kjelde til hendingane på valforsamlinga i Vik (Kleppa 2014).

Valmennene

Fullmakta som vart utferda på møtet, inneheld underskrifta til amtmannen og 39 av valmennene. Dei tre valmennene som vart valde til representantar, skreiv ikkje under fullmakta, men er her tekne med som nr. 41-43 på lista. Amtmann Treschow møtte og skreiv under i kraft av embetet og var ikkje vald frå noko prestgjeld.

Berre åtte av dei 42 valmennene var embetsmenn. Det var kring 40 embetsmenn i Sogn og Fjordane i 1814.

Underskrift amtsfullmakt inneheld namn og eventuell yrkestittel attgjeve bokstavrett frå amtsfullmakta. Dei andre kolonnene er sette til her. Nummer er den rekkjefølgja dei skreiv under i. Yrke er den tittelen dei stod oppgjevne med i fullmakta frå prestegjeldet. Prestegjeldsnamna er attgjevne i modernisert rettskriving.

Nr Underskrift amtsfullmakt Yrke prestegjeldsfullmakt Prestegjeld Fødd
1 Treschow, amtmand 1780
2 R. Endresen, Foged for Indre og Ytre Sogn foged Vik 1767
3 U. F. Bøyesen, Sognepræst til Leirdals Præstegjeld sognepræst Lærdal 1773
4 Edv. Qvale, Sognepræst i Lyster sognepræst ridder Luster 1766
5 Ole Aabel, Sognepræst sognepræst Aurland 1757
6 Ludv. Daae, Sognepræst sognepræst Lavik 1774
7 Ludvig Daae, Personel Capellan personel capellan Leikanger 1786
8 T. L. Ravn, Forligelses Commissair handels-mand og proprietair og forligelses comissair Eid 1753
9 Tobiesen, Forligelses Comissair forligelses commissair Hafslo 1749
10 Hans Urdahl lensmand Luster 1769
11 Peder Erichsen Otterdahl gaardbruger og bygselmand Eid 1781
12 O. Kaland gjæstgiver Askvoll 1781
13 Peder Jenssen Florøen gaardbruger Kinn 1780
14 Peder Abrahamsen gaardbruger Kinn 1778
15 Wilum Jansen Wilnes bondemand Askvoll 1774
16 Joen Tollevsen Høydal gaardmand Aurland 1783
17 R. Kirkhorn lensmand Innvik 1765
18 Lasse Abrahamsen Opeim bondemand Innvik 1764
19 Anders Pederssen Ottren bondemand og gaardbruger Davik 1764
20 Marttins Pedersen Levdhal bondemand og gaardbruger Davik 1769
21 Ingebrigt Hanssen Hals gaardbruger Selje 1745
22 Christen Waldemarsen Barmmen gaardbruger Selje 1777
23 Mathias Mortensen Flogeness gaardmand Førde 1773
24 Ole Iversen Gravdahl gaardmand Førde 1759
25 Seffen Thorsen Biercheloe (ingen) Gloppen 1779
26 Jetmund Larssen Ryg (ingen) Gloppen 1758
27 Johannes Erichsen Nedrebøe forligelses commissair Jølster 1764
28 Ole Nielssen Huus gaardmand Jølster 1757
29 Lasse Johannessen Hægejm bonde Ytre Holmedal 1759
30 Lars Arnessøn Grow bondemand Hafslo 1774
31 Marchus Anfindssøn Hovland gaardmand Leikanger 1763
32 Tøger Larssøn Kronen (ingen) Jostedalen 1774
33 Ole Rognaldssøn Hopperstad gaardmand Vik 1761
34 Ole Olssøn Torvesetter (ingen) Indre Holmedal 1777
35 Rasmus Larssøn Faaberg (ingen) Jostedalen 1777
36 Mads Olssøn Grønhoug (ingen) Indre Holmedal 1764
37 Lars Iversen Westrem lehnsmand Sogndal 1749
38 Mons Anderssen Netteland (ingen) Eivindvik 1784
39 Lasse Hermundsen Breche (ingen) Eivindvik 1759
40 Anders Torchildsen Ringerejde lensmand Lavik 1761
41 Herr cancellieraad og sorenskriver Lars Johannes Irgens sorenskriver Sogndal 1775
42 Sognepræsten til yttre Holmedahls Præstegjeld Nr. Nicolay Nielsen sognepræst Ytre Holmedal 1777
43 Gaardbruger Peder Hjermand gaardbruger Lærdal 1754

Dei tre siste (41-43) vart valde som representantar til riksforsamlinga og stod ikkje som underskrivarar på fullmakta.

Kjelder