Tøger Larsson Kruna

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Tøger Larsson Kruna (døypt 1. desember 1774, død 20. januar 1854) var bonde på garden Kruna i Jostedalen i Sogn og Fjordane.

Han var son av lensmann og gardbrukar Lars Tøgerson SnøtunKruna og Kari Rasmusdotter frå Kruna.

Tøger Kruna gifte seg i Hafslo 20. oktober 1802 med Gjertrud Andersdotter (1777-1831) frå Ytre Eikum. Han fekk 20. oktober 1794 skøyte på dei same 2/3 av Kruna som faren hadde hatt, og i 1801 fekk han så skøyte på siste tredelen av bruket.

Tøger Kruna var ein av to jostedøler som 18. mars 1814 vart valde til valmannsforsamlinga i Nordre Bergenhus som skulle velje representantar til riksforsamlinga. Den andre var broren Rasmus Larsson Fåberg.[1]

Tøger var ein av dei tolv fyrste jostedølene som avla eid og fekk statsborgarleg røysterett. Dette hende på hausttinget 10. september 1814.[2]

Det var Tøger og Rasmus som skal ha tevla om kven som kunne byggje tyngste huset kring 1805, og Rasmus vann med Steinstova (sjå Kruna og Nedre Fåberg). Lensmannsdreng Hans Olson Nedrelid var svogeren hans.

Han var med i Jostedal leseselskap frå skipinga våren 1835.

Tøger og Gjertrud budde på Kruna levetida ut og fekk fem born:

  • Kari Tøgersdotter (1803-1878), gift med husmann Ole Larsson i Kveane under Kreken
  • Anna Tøgersdotter (1805-1884), gift med gardbrukar Nils Nilsson på Yttri
  • Lars Tøgerson Kronen (1808-1886) som fekk ta over heimebruket på Kruna
  • Mari Tøgersdotter (1810-1888), gift med gardbrukar Anders Andersson på Haugen
  • Anders Tøgerson (1812-1902), husmann på Kronøygarden under Kruna

Notar

  1. Val til Riksforsamlinga (Jostedal historielag)
  2. Manntal 1814-1897 (Jostedal historielag)

Litteratur

Eksterne lenkjer