Peder Paasche

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Signatur i futerekneskapen for Sogn 1629-30

Peder Paasche (Paaske) (fødd kring 1595 på Jylland i Danmark, død i Bergen kring 1648) var fut i Sogn og rådmann i Bergen.

Paasche var truleg ein brorson av biskop Niels Paaske i Bergen. Han gifte seg med Maren Michelsdotter van Thien, enkja etter slottsskrivar Jørgen Pederson Finde på Akershus.

Peder Paasche vart fut i Sogn i 1629, same året som Jens Juel tok over som lensherre over Bergenhus, og han var fut så lenge Juel var lensherre. Paasche etterfølgde Simen Nilssen. Futedømet femnde om heile Sogn unnateke Luster (Dale len) som lenge hadde hatt eigen fut. Paasche var fut i Sogn til 1633, og etter han vart futedømet delt.

Paasche gifte seg for andre gong med Metta Andersdotter frå Fuhr i Luster. Ho var tidlegare gift med Henrik Nitter (ca 1580- ca 1629). Ho var dotter av Anders Lauritssen, fut i Luster til 1626 og stor jordeigar, og dermed kom Paasche inn i den mektige fute- og jordeigarætta i Luster. Henrik og Metta hadde budd på Tandla i Gaupne, men Metta flytte til Bergen etter at Henrik døydde, og det er uvisst om Metta og Peder Paasche budde på Tandla etter at dei gifte seg (kring 1631). Paasche fekk hand om ei rekkje gardar i Luster etter Henrk Nitter. I Gaupne galdt det Belgen, Tandla og partar i Valde og Øvrebø.

Den siste futerekneskapen for Sogn som Paasche har signert, er for perioden 1.5.1632-1.5.1633. Etter det budde han og Metta utan tvil i Bergen. Den 4.1.1634 fekk han borgarskap i byen, og same året vart han rådmann der.

Metta hadde seks born frå ekteskapet med Henrik Nitter, fødde ca 1618-ca 1629. Peder Paasche og Metta fekk fire born i lag, alle visstnok fødde i Bergen:

  • Metta Paasche (ca 1632-ca 1660)
  • Maren Paasche (ca 1634-ca 1670)
  • Christen Paasche (ca 1636, død før 1666)
  • Nils Paasche (ca 1638, død før 1666)

Kjelder og litteratur