Simen Nilssen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Signatur i futerekneskapen 1620-21 (Arkivverket)

Simen Nilssen (Nielssen, Nielssøn) var fut i Sogn frå 1620 til 1629. Han budde i Kroken i Luster, deretter på Fet og i Solvorn i Hafslo.

Simen Nilssen tok over som fut for Sogn (Sogn len) etter Anders Lunde som sat til 1619. Nilssen har signert futerekneskapane frå 1620-21 til perioden 1.5.1628-1.5.1629. Futedømet omfatta indre og ytre Sogn i Bergenhus len unnateke Luster (tidlegare Dale len) der det var eigen fut. Nilssen var fut under to lensherrar over Bergenhus, Knut Gyldenstjerne (1619-1627) og Oluf Parsberg (1627-1629).

I motsetnad til forgjengaren hadde Simen Nilssen ikkje ansvaret for godset til den domfelte og bortrømde futen Gjøde Pedersen (avsett 1611). Dette godset var i 1619 lagt under futen for Luster, Anders Lauritssen.

Ein del bønder i Sogn klaga i 1636 til kongen på at Nilssen i ufredstid hadde kravd inn ein del sylv og pengar som han ikkje hadde gjeve rekneskap for.

Kjelder og litteratur