Jostedalsrypa

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Pesta kommer. Av Theodor Kittelsen, teikna 1894-95.

Jostedalsrypa er ei segn om ei jente som var den einaste overlevande i Jostedalen etter Svartedauden. Det er den mest kjende norske segna om Svartedauden, men liknande motiv går att i ei rad segner både frå andre delar av Noreg og andre land.

Somme versjonar av segna hevdar at stormannsfamiliar i Sogn flykta opp i Jostedalen for å kome unna pesten. Bygdefolket prøvde å isolere seg fullstendig, og brev ut og inn av bygda vart lagde under ein stein, Brevsteinen. Pesten kom likevel til dalen, og alle unnateke den vesle jenta døydde. I dei versjonane av segna der det vert sagt kvar ho kjem frå, vert ho heimfesta til garden Bjørkehaugen i Mjølvergrendi.

Då buskapen frå Jostedalen kom til ei grannebygd, ante folket der uråd, og dei drog til Jostedalen for å undersøkje tilhøva. Det varierer med versjonane om folket kom over Jostedalsbreen frå Nordfjord, frå Skjåk i Gudbrandsdalen eller frå fjordbygdene i Luster. Dei fanga den ville jenta og tok ho med seg.

I somme versjonar enda ho hjå storfolk i Danmark, i andre versjonar på Røneid i Luster eller i Jostedalen, og ho skal ha vorte stammor til dei gjevaste jostedalsættene. For Jostedalen er segna såleis òg ein viktig opphavsmyte. Alt i ei tysk geografibok av Johann Hübner frå 1695 vert folk av ”rjupeslekt” i Jostedalen omtala. Heiberg-ætta frå Sogn hevdar i slektshistoriske arbeid at dei ættar frå Jostedalsrypa.

Den eldste versjonen av segna er attgjeven av Jonas Ramus i 1715. Det finst ei rekkje versjonar frå 17- og 1800-talet. Det store offentlege gjennombrotet for Jostedalsrypa kom då segna vart teken med i Norske sagn av Andreas Faye (1833/1844), og ikkje minst i norske lesebøker frå slutten av 1800-talet. Versjonen som Olav Sande gjev att i Segner fraa Sogn (1892), har vorte den mest kjende.

Henrik Ibsen byrja i 1850 å skrive på eit ufullført skodespel med tittelen Rypen i Justedal, og ein finn att noko av motivet i Olaf Liljekrans (1856). Den ufullførte operalibrettoen Fjeldfuglen byggjer òg på segna om Jostedalsrypa. Johan Storm Wang (1844), Jon Flatabø (1899) og Kirsten Thesen (1984) er andre forfattarar som har handsama Jostedalsrypa litterært.

Anja Breien fekk gjennombrotet sitt i 1967 med kortfilmen Vokse opp. Rypa fra Justedal, og Breien skreiv òg manuset til spelefilmen om Jostedalsrypa, Trollsyn (1994), regissert av Ola Solum.

Kjelder