Hans Grøn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Hans Grøn (fødd kring 1709, død 1745 i København) var son av Johan Grøn, sokneprest i Stjørdal. Han vart student i 1739 og sidan cand.theol. før han 16. april 1734 vart personleg kapellan i Vik for sokneprest og prost Anders Daae. Her gifte han seg 12. september 1736 med Christine Daae, som var dotter av soknepresten og dotterdotter av tidlegare sokneprest i Vik Ludvig Munthe (1657-1708).

Den 29. desember 1738 vart Hans Grøn pålagd av biskop Oluf Bornemann å gjere presteteneste i Jostedalen, som då hadde vore utan fast prest sidan Rasmus Wibye forlet bygda og drog til København våren 1738. Hans Grøn og huslyden flytte til Jostedalen på nyåret 1739 og vart buande her fram til august 1739.

I august 1739 flytte Hans og Christine Grøn attende til Vik. Han tok på eit tidspunkt avskil herifrå og reiste til København, der han døydde i 1745.

Hans og Christine Grøn fekk fire gutar, som alle vart teologar. Christine vart buande i Vik til ho døydde i 1782.

Litteratur

  • Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer, s. 94. (Digital utgåve, Digitalarkivet)
  • Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune, s. 330. (Digital utgåve, NBdigital)


Forgjengar:
 Christopher Munthe 
Prestar i Jostedalen
Etterfølgjar:
 Gjert Geelmuyden