Rasmus Wibye
Hopp til navigering
Hopp til søk
Rasmus Wibye (fødd kring 1696 i Danmark, død våren 1761 i Helleland) vart cand.theol. 24. april 1726. Han var kapellan til Helleland på Jæren til han 24. september 1733 vart utnemnd til sokneprest i Jostedal prestegjeld, og han heldt gudsteneste i Jostedal kyrkje fyrste gong 16. juli 1734.
Han og familien drog i juni 1738 til København for å søkje eit betre prestekall. Formelt var Wibye likevel sokneprest i Jostedalen fram til 14. april 1741 då han vart utnemnd til sokneprest til Klepp. Den 7. mai 1756 vart han så utnemnd til sokneprest til Helleland.
Litteratur
- Lampe, Johan Fredrik. (1896). Bergens stifts biskoper og præster efter reformationen. Biografiske efterretninger. (Bd. 2). Kristiania: Cammermeyer. (digital utgåve, Digitalarkivet)
- Øyane, Lars E. (1994). Jostedal sokn. Gards- og ættesoge for Luster kommune. (Bd. 5). Gaupne: Luster kommune.(digital utgåve, NBdigital)
- Prestar i Jostedalen ca 1300-1395 (Jostedal historielag)
- Øvregard, Kåre, Asbjørg Ormberg, og Oddmund L. Hoel. (2010). Jostedal kyrkje. Fakta, segn og soge gjennom 350 år. Leikanger: Skald forlag.
Forgjengar: Hans Christian Frørup |
Prestar i Jostedalen |
Etterfølgjar: Christopher Munthe |