Berthe Stenhovden

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Berthe Andersdotter Stenhovden (fødd i Tiller (nå Trondheim) truleg i 1777, død i Flora i Sunnfjord september/oktober 1857), var ein kjend haugianar. Før ho gifta seg, var ho kjend som Berthe Løvaas.

Ho var fødd på garden Lauvåsen i Tiller. Fødselsdatoen er uviss. Foreldra var gardbrukarparet Anders Halvorsen Løvaas (fødd ca. 1730) og Maren Larsdotter Forset (fødd ca. 1744). Berthe hadde ei litt eldre syster, Randi Solem, som også var ein kjend haugiansk forkynnar. Både Berthe, Randi og tre andre sysken bur på foreldregarden i 1801, utan at vi veit om dette var heile syskenflokken.

Ho vart vakt i ung alder, truleg av Hans Nielsen Hauge sjølv. Han budde gjerne hjå familien på Lauvåsen når han var på dei trakter. H.G.Heggtveit skriv om den unge Berthe sitt virke for saka:

«Hun optraadte først ved Bøn og private Samtaler i smaa Forsamlinger; siden holdt hun fri Formaningstale og udlagde Guds Ord i større Sammenkomster baade på Hjemstedet og i andre Bygdelag. Efter fleres Vidnesbyrd var hun udrustet med en usædvanlig skarp og klar Forstand og eiede en mærkelig Ævne til at udtrykke sine Tanker nøiagtig og flydende.»

Forkynningsverksemda hennar bringa henne mellom anna til Sunnfjord. Der gifta ho seg i 1802 seg med enkemannen Peder Abrahamsson Stenhovden (1778-1838) gardbrukar på Steinhovden og landhandlar i Eikefjord sokn av Kinn prestegjeld (nåverande Flora kommune). Det var nærast eit arrangert ekteskap, som ikkje var uvanleg innan den haugianske vennekretsen. Det var Hans Nielsen Hauge sjølv som hadde rådd Peder til å fri til Berthe. Heggtveit skriv om dette: «Da hun var vakker og i alle Maader rigt udrustet, samtykte han med Glæde, friede til hende, fik «Ja», og hun blev ham en from og ualmindelig driftig og dygtig Hustru.» Dei fekk mange born, Heggtveit skriv «13–14».

I følgje same kjelde sat ho att som enkje «i gode Kaar», trass den store barneflokken, og «(hun styrede) Husstellet og Gaardsbruget med enestaaende Dygtighed». Men Heggtveit har visse atterhald når det gjeld hennar evner som mor:

«...hendes Barneopdragelse var neppe alltid heldig. Hun var maaske for stræng, stolede kanske for meget paa sig selv og sin egen Visdom og Dygtighed og var vistnok forlidet mild og kjærlig. Af sine Gutter fik hun adskillig Sorg, medens Døtrene derimod artede sig vel, saa hun fik Glæde af dem.»

Det er å vone at det kan finnast kjelder som kan modifisere, avkrefte eller eventuelt stadfeste dette biletet av Berthe Stenhovden.

Kjelder og litteratur