Dyre Vaa
Dyre Kristofer Vaa (født 19. januar 1903 i Kviteseid, død 11. mai 1980 i Vinje) var bilethoggar og kunstmålar. Han var namnebror av den segnomsuste jegeren og soldaten Dyre Vaa, og skal ha vore ættling av han.
Slekt og unge år
Han var son av gardbrukar og skogeigar Tor Aanundsson Vaa (1864–1928) og Anne Marie Roholt (1866–1947). Han var den yngste av fem syskjen; Aslaug Vaa (1889–1965) var ei av systrene hans. Dyre Vaa vaks opp på farsgarden i Kviteseid. Attåt garden hadde faren også eit spinneri, han handla med eigedom og tømmer og han var ein av dei største skogeigarane i Telemark.
I 1917 ga faren opp gardsdrifta og tok med familien til Kristiania. Dyre Vaa tok middelskulen som privatist, og fekk examen artium frå Kristiania katedralskole i 1920. Kort etter dette gjekk faren fallitt, og familien vart splitta opp. Ein onkel sørga for at Dyre Vaa fekk gått på Statens kunstakademi under Wilhelm Rasmussen i 1922–1923. Han fekk også korrektur av Gunnar Utsond våren 1922.
Karriere
Dyre Vaa kom tidleg i gang som bilethoggar, og allerede i 1930-åra var han rekna som ein av landets fremste i faget. Men det var som skribent han først vart kjent. I 1923 skreiv han om skulptur, og vekte oppsikt då han hevda at forma er grunnlaget for god skulptur. Seinare same året reiste han til Paris, Roma og Athen. Han prøvde å få studere under Antoine Bourdelle, men det vart det ikkje noko av. I 1925 var han for første gongen med på Haustutstillinga. Hans portretthovud av Ivar Tveiten vart innkjøpt av Nasjonalgalleriet. På same tida laga han «Hannulv og Hunnulv» til Ilatrappa, og vart kjent i det breie publikum.
I 1926 fekk han sitt fjerde stipend. Det var på den tida at han byrja å kurtisere sjukepleiar Thora Lange Bojer (1902–1999). Ho var dotter av forfattaren Johan Bojer og Ellen Lous Lange. Dei gifta seg 7. april 1927, og tok bryllaupsreisa i Storbritannia og Frankrike. Dei budde i Oslo til 1935, og flytta så til Rauland der dei bygde hus på Sporanes. Paret fekk seks born. Thora sto modell for mannen sin, og var aktivt med i hans karriere som kritikar og reisefølgje.
Den første separatutstillinga han hadde var i Kunstnernes Hus i 1935, og omfatta skulptur, måleri og teikningar. Han fekk ein del negativ kritikk, mellom anna for den sterke frontaliteten i heilfigurane. Ein kan også sjå ein unaturleg stivleik i figurane som ikkje alltid harmonerar med realistiske detaljar. Mellom verk som har vorte kritiserte for dette er Sjømannsmonumentet i Bergen, Holbergmonumentet ved Nationaltheatret i Oslo og statuen av kronprinsesse Märtha med prins Harald ved Asker kyrkje.
Skulpturar som har fått betre kritikk er mellom anna eventyrgruppene på Ankerbrua i Oslo - brua har fått tilnamnet «Eventyrbrua» på grunn av dei - «St. Clemens» på Nidarosdomens vestfront (med Olav Aukrust sitt andlet som modell), statuen av Aasmund Olavsson Vinje ved Sogn studentby, «Svanegruppe» i borggården til Oslo rådhus, statuen «Rallaren» i Rallarparken på Notodden og sjølvportrettet «Førstepremie».
I 1953 hadde han ei stor separatutstilling i Oslo, og denne gongen var kritikken mot formbehandlinga hans sterk. Same året flytta familien for ei tid til Asker, men vende attende til Sporanes etter ei tid. I seinare år budde dei nokre vintrar i Asker, som har eit mildare vinterklima enn Vinje. I 1960–1962 var Dyre Vaa leiar i Norsk Billedhoggerforening. Han var der ein talsmann for tradisjonell, figurativ skulptur, og kom enda meir på kant med kritikarane. Midt i 1970-åra måtte han avslutte karrieren på grunn av helseproblem.
Dyre Vaa fekk Kongens fortjenstmedalje i gull i 1951 og Nidaros domkirkes gullmedalje 1969. Same året vart han utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden. I 1973 fekk han æresløn frå Telemark fylkesting.
Han gav verka sine til Vinje kommune i 1964, og dei har danna grunnlaget for Dyre Vaa-samlingane som vart opna i 1981.
Galleri
- Plaketten i forhallen i Haugesund rådhus av donorene Elsabeth og Knut Knutsen OAS fra 1931.Foto: Margit Petersen/Karmsund folkemuseum (1931).
- Svanegruppe, fontene, i borggården til Oslo rådhus.Foto: Stig Rune Pedersen (2015).
- Monument i Busterudparken i Halden.Foto: Stig Rune Pedersen (2013).
- «Sigurd Asserson» i Bergen.Foto: Stig Rune Pedersen
- Olav Aukrust ved kyrkja i Lom. 1954.Foto: Hans P. Hosar (2013).
- Krigsminnesmerke ved Rjukan kirke av Dyre Vaa.Foto: Roy Olsen (2019).
Arkiv
Det er oppbevarte ei fotosamling etter Dyre Vaa ved Vest-Telemark Museum i Eidsborg. Sjå oppføring i lista over fotosamlingar ved museet.
Kjelder
- Aamold, Svein: Dyre Vaa i Norsk biografisk leksikon
- Dyre Vaa på Wikipedia på bokmål og riksmål