Torleiv Hannaas

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Torleiv Hannaas.
Foto: Henta frå Studentene fra 1899 (1924)

Torleiv Hannaas (fødd 14. juli 1874 på Hannås i Hornnes, død 19. november 1929 i Bergen) var filolog, folkeminnesamlar, lærar, målmann og boksamlar.

Familie

Foreldra til Torleiv Hannaas var Thomas Nilsson Hannaas (1843–1915) og Anne Tolleivsdotter Vetrhus (1845–1944). Han vart gift med lærar Ingerd Yttreland (15. april 1879 – 16. september 1954) den 4.juli 1906. Ho kom frå Sigdal, og var dotter til lærar Svein Yttreland (1852–1921) og Lisbeth Hauge (1848–1945), begge født på Karmøy. Torleiv og Ingerd Hannaas busette seg på Minde i Bergen i 1914. Dei fekk minst sju born saman.

Liv og virke

Hannaas utdanna seg som lærar ved i Kristiansand 1895 og examen artium som privatist 1899. Etter eksamen jobba han som lærar fleire plassar, blant anna ved den private lærarskulen i Elverum frå 1903 til 1905. I 1905 tok han "sproglig-historisk lærareksamen" (cand.philol.) og byrja same år som lærar ved Stord lærarskule. Der vart han værande fram til 1914. Skuleåret 1908-09 fekk han permisjon for å reise på studietur til København, og kikka særleg på dei gamle norske dokumenta på biblioteka der. Same vinteren reiste han også på ein langtur til Konstantinopel, Midtausten, Egypt, Hellas og Italia saman med Helge Væringsaasen.

Heilt sidan oppveksten i Setesdalen var Hannaas interessert i målføre og folkeminne, og ved sida av studie og lærarjobb gjorde han eit omfattande innsamlingsarbeid både i Vest-Agder og på Vestlandet. Frå 1914 kunne han vie meir tid til slike oppgåver. Då vart han statstipendiat ved Bergens Museum, og 4 år etter, i 1918, vart han den fyrste professoren i "Vestlands dialektsforsking" same plass. Hannaas tok initiativ til, og vart fyrste styrar av, Folkeminnesamlingi ved Bergens museum. Den vart etablert i 1921, og inneheld material Hannaas «i løpet av den tid han har arbeidet ved museet faat istand av sproglige , literære og kulturhistoriske folkeminder»[1]. I tillegg inneheldt denne samlinga material som Hannaas fekk tilsendt frå andre samlarar, samt det materialet han sjølv hadde samla før han vart tilsett ved museet. Han vart etterfulgt av Gustav Indrebø. Denne samlinga er no ein del av Etno-folkloristisk arkiv ved Universitetet i Bergen.

Det er språkforskaren Hannaas det er skrive mest om, og det er også innan målgransking han har publisert mest forsking. Han var spesielt opptatt av korleis det norske språket utvikla seg i dansketida, men også det norrøne språket og den norrøne litteraturen. Han vitja Island og Færøyene fleire gonger. Som redaktør i Norsk Aarbok frå oppstarten i 1920 og fram til han døydde, fekk han publisert fleire tekstar om måla i vest. Nynorsk målreising er også sterkt representert i årboka. Hannaas var ein aktiv målmann, og ytra seg ofte offentleg om målsaka. Han var formann i Vestlandske Mållag 1920–26 og i Noregs Mållag 1926–29.

Hannaas var også ein flittig boksamlar, og særleg samla han på litteratur på nynorsk. Denne nynorske boksamlinga vart kjøpt av Bergens museum i 1932 og er i dag på Universitetsbiblioteket i Bergen.

Referanser

  1. Bergens Museum Årbok 1921, s. 53

Litteratur og kjelder

  • Bergens Museum Årbok 1921.