Tosten Olsen Oppnåsen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Sygard Stamstad i Lom. Store delar av sitt vaksne liv budde Tosten Olsen i Øvergrenda på husmannsplassar under Stamstad og andre gardar i nærleiken. Nordgard Stamstad, som kan skimtast i bakgrunnen, var lensmannsgard 1823-ca. 1846. Nabogarden Synstad var lensmannsgard etter det, fram til 1884, så var Sygard Stamstad og deretter igjen Synstad bustad for lensmannen fram til 1891. Tosten var godt kjend i desse gardane. Han var fleire gonger arrestant der. I bakgrunnen: Lomsegga og Fossbergom bygdesentrum.
Foto: Hans P. Hosar (2011).

Tosten Olsen Oppnåsen (fødd i Skjåk 11. april 1829, død i Lom 1918) var husmannsson og livnærde seg i vaksen alder som åkerbrytar, grøftegravar og med anna slags manuelt arbeid. Han fekk tidleg ord på seg for å vere ein rabagast og notorisk tjuvradd. Rettsprotokollane viser at ryktet ikkje var heilt ugrunna. Han vart også hugsa som ein god historieforteljar og skrønemakar. I likskap med ei rekkje samtidige representantar for bygdeproletariatet i Lom og Skjåk er Tosten udøyeleggjord som ein av aktørane i Olav Aukrusts dikt «Aksion på Tande», under oppnamnet Musken.

Oppnamnet

«Dei kalla’n Musken au, og Brisken, etter hamliten og faktene», skriv Olav T. Kvaale, lærar og lokalhistorikar, som kjende Tosten personleg på Tosten sine eldre dagar.

Musken (Muskeguten, Muske-Tosten) kjem av substantivet musk, som mellom anna tyder boss, rusk, og dertil i følgje Ivar Aasen (Norsk Ordbog) «Dunkelhed i Farve, et mørkt eller taaget Udseende, en mørk Plet og deslige». Så oppnamnet kan vel ha samanheng med Tostens ikkje spesielt pertentlege ytre, og/eller at han var mørk i hud og hår. Han kan ha vore i tankane til Aukrust når han i «Aksion på Tande» nemner «svartøygd tater frå nørdst i Skjåk» som festdeltakarar. «Brisken» kan kome av verbet å briske (seg), dvs. hovere, skryte, framstå som ein fan-te'-kar.

Ettermæle

«Aksion på Tande» skildrar eit orgiastisk kalas etter ein auksjon på plassen Tande i Bøverdalen ein gong rundt hundreårsskiftet 1900. Musken opptrer der som ei av slåsskjempene:

Og slusken dansa so sveitten hylja
og fyrkjun’ hivde vart høgt i tak.
Og Storén bråka, og Bruén bølja
og braut ’n Brenn-Amon att-å-bak.
og fem ha’ fullkome nok med Brua,
og Musken rein, og ’n Raud-Hans hua,
og det vart riving
og hogg og hiving,
og Muskeguten seige ende ned,
og Nygjordsvetlen sa: ”Hvil i fred.”
Ordforklaringar:
fyrkjun’ = jentene (litt uhøgtideleg nemning)
bølje = brøle
rein = preteritum av å rine, dvs kvine, skrike i høgt tonelægje (i fistel).

Det er fortalt om Musken at når det hadde vore fest ein stad, og han sjølv ikkje hadde vore med, spurde han støtt: «Slost døm bra der?». Olav T. Kvaale, som hermar dette, gjev elles denne karakteristikken av den særmerkte personlegdomen: «Muske-Tosten var flink til å skryte, betre til å skrøne, låkare til å stela og låkast til å koma frå det. – Oss lyg og stel alt for lite alle samen, hermer dei etter ’om.»

Bakgrunn og familie

Tosten Olsen var fødd på husmannsplassen Oppnåse i Skjåk-ålmenninga.[1] Foreldra var husmann Ola Tostensen (1793-1850) og kone Elisabeth (Lisbet) Jakobsdotter (1795-1830).[2] Tosten var den sjuande i rekkja av åtte heilsysken og ein halvbror. Mora døydde i barselseng året etter at Tosten var fødd.

Faren er truleg identisk med ein Ole Opnaaslien som i 1815 vart stemna for forlikskommisjonen for å ha rydda plassen og slege seg ned der utan løyve frå ålmenningseigarane (gardbrukarane i bygda). Han fekk etter forliket lov til å behalde plassen mot å inngå husmannskontrakt som mellom anna innebar åtte dagars årleg pliktarbeid.[3]

Tosten gifta seg i 1861 i Lom med Oline Ottarsdotter (1828-1882).[4] Ho var fødd på Frøyse i Lom (blant «uplasserte» under den garden i bygdeboka) og døydde på plassen Blakarseige. Tosten kalla visst kona si for Olea. Folk herma dette etter han (han likte å knote bymål):

Briskens skare ut på vakt
Olea min kone, vær ei forsagt

Og: «Olea min kone og Lea min datter.» «Lea» stemmer rett nok dårleg med opplysningane om familien i kyrkjebøkene og folketeljingane. Tosten og Oline fekk to born: Barbro (fødd 1861) og Ola (fødd 1872).[5]

Tre år etter at Oline døydde, gifta Tosten seg på nytt i 1885 med Marit Persdotter. Ho var fødd på Nedre Haugen i Lom i 1828. Ho døydde allereie tre år etter at ho og Tosten gifta seg.

Bustader og levebrød

Når Tosten flytta ut frå ålmenningsplassen Oppnåse veit vi ikkje, anna enn at han høgst sannsynleg måtte ut og tene allerie som smågut. Han budde iallfall i Skjåk til ut i tjueårsalderen, da han vart teken for tjuveri der i 1853 (sjå nedanfor). Da vart han send til Christiania på straff, og kanskje slo han seg ikkje til i heimbygda på nytt etter det. Han har truleg søkt levebrød fleire stader. Mellom anna skal han ha vore i Molde, og han likte sjølv å fortelje at han endatil hadde vore med på Lofot-fiske. Det var vanleg for karar av hans stand og stilling å reise lange vegar for å søkje lykka, eller iallfall arbeid. Ja, ikkje berre karar. Oline var i ungdomen i Trondheim ei tid, frå 1851.

Ikkje berre einslege, men også familiefolk innan dette sosiale sjiktet flytta gjerne mykje rundt, oftast innanfor heimbygda. Det blir til fulle illustrert ved dei bustadene vi har registrert at Tosten og familien budde på.

Ved ekteskapsinngåinga i 1861 er både Tosten og Oline nemnde Haugom, og det er namnet på eit småbruk i Øvergrenda i Lom hovudsokn. I bygdeboka står det at Tosten og Oline ei tid budde som innerstar i Haugomkvea, ein plass eller småbruk der som syster til Tosten og hennar familie dreiv. Vi har ikkje funne familien i folketeljinga 1865. I den neste teljinga, 1875, har bur Tosten og Oline med småborna sine på plassen «Gjeilen», eller Geilstugu under Stamstad i det same grannelaget. Tosten er da titulert jordarbeider.[6]

Da Tosten gifta seg andre gongen, i 1885, budde han i Frøysehagen og brura Marit på Andvordseige, om vi har funne rette paret i kyrkjeboka.[7] Der er dei nemleg båe oppgjevne med fødselsåret 1832, som jo ikkje stemmer. Brudgomen er «dagarbeider». Dagarbeidar er Tosten også i følgje folketeljinga 1900.[8] Da bur han i Sevaldstugu under Andvord. Han er enkjemann, og dei andre som bur der, er ekteparet Herman Andersen og Ingrid Pedersen, som er arbeidarar og hovudpersonar på plassen. Mor til Herman, Marit Helgesdotter, bur der også. Om ikkje før, er det rimeleg å tenkje seg at Olav Aukrust vart kjend med Muskeguten på denne tida. Sevaldstugu ligg ikkje langt frå heimegarden til diktaren, og Marit Helgesdotter var endatil mor til Aukrusts jamaldrande ven Jørgen Bråten («Jørgen jeger og fisker»).

Tosten og enkja Marit Helgesdotter ser ut til å ha vorte eit sambuarpar. Dei bur iallfall toeine på ein plass under Blakar på folketeljingstidspunktet i 1910.[9] Plassen er i folketeljinga omtala som Roen, og er vel identisk med Roastugu som er oppført under Blakar i bygdeboka. Der er rett nok ikkje Tosten og Marit nemnde. At enkjemannen Tosten og enkja Marit levde i eit parforhold, blir stadfesta av det Olav T. Kvaale fortel om Tosten:

«På sine gamle dagar levde han saman med ei enkje. – Du trøyng da ikkje kvinnfolk du som er så gamal, sa ho mor, han Tosten sat og venta på mjølkespannet. – Veit du ikkje det da, at gamlaste bukkein har stivaste høynne, sa’n Tosten.»

I følgje bygdeboka hadde Muskeguten tilhald i Iverstugu da han døydde i 1918. Det var ein plass under Stamstad med det namnet. Men korkje der eller på nokon av dei tre andre plassane i bygdeboka med namn «Ivastugu» er Tosten nemnd.

Tjuven

«Tosten sat ofte inne for tjuveriet sitt», skriv Olav T. Kvaale. Frå rettsprotokollane har vi iallfall dokumentert at han i 1853 vart dømd til fire år og ein månad straffarbeid i Christiania for fleire tjuveri. Da var han 24 år og budde enno i Skjåk.[10]

Tosten Olsen vart fyrste gongen teken for eit innbrot på garden Bøje der i bygda. Han var da i hop med ein etter seiande trollkunnig kar som vart kalla Asbjør-Sylfest og dertil ein kar til frå Skjåk. Dommen frå 1853 galdt dette, og i tillegg ei rad andre innbrot: På setrene til Dagsgard og Kvålheim, for nasking i Lindsheim og for å ha stole neper frå ein åker på Skjåkøygarden. Ved innbrotet på Dagsgardssetra hadde han operert saman med ei ung jente og mor hennar frå Søtilen, ein annan ålmenningsplass ikkje så langt frå Oppnåsen.

Underjordiske og attgangarar

Tosten Olsen hadde mykje å fortelje om opplevingar han hadde hatt, ikkje minst slikt som ikkje var så lett forklarlege ut frå den dennesidige røyndomsforståinga. Olav T. Kvaale gjengir for eksempel denne historia hans Tosten:

Det var ein juleftasmorgon eg og'n Fel-Jakup skulle åt ein gard og hente jul-brennvin. Da oss kom åt Hyrve-haugje, opna haugen seg for oss, og oss kom inn åt di ondebuandes. Det var gjestbo' og dans der. Spelmeinn sat på borde'. 'N Jakup au laut låte åt døm. Døm trur på ein frelsar døm au, Døm song denne salma:
Oss håpa' og trur på ein frelsar, oss,
oss håpa' og trur på ein frelsar, oss, song'n Tosten.

Tosten var om lag jamaldrande med Fel-Jakup, og dei tilhøyrde definitivt det same sosiale sjiktet i bygda. Fel-Jakup budde på ålmenningsplassen Felodden, ikkje så langt frå Oppnåsen. Da Fel-Jakup fekk fyrste barnet sitt i 1842, budde barnemora Anne på ein av plassane Oppnåsen. Anne og Jakup gifta seg fem år seinare, og det var truleg da dei slo seg til på Felodden. Det skjedde seks år før Tosten vart hekta for tjuveri og send ut av bygda på straff.

Ein juledagsmorgon kom Tosten ruslande søretter til Bismoen i Skjåk. Så møtte han ein gammal mann som han ikkje drog kjensel på. Han bar eit knippe med sko-leistar på ryggen. Tosten vart plutseleg vár at mannen ikkje sette far etter seg i nysnøen som hadde falle om natta. «Det var nok Jerusalems skomaker, sa'n Tosten.»

Ei natt medan familien budde i Gjeila, fekk Tosten besøk av ein kar med augo som det gløste ut or, og som kvarv bort da Tosten korsa seg og sa «i Jesu namn». «Um morgon sporde eg kjerringje: - Såg du fa'n i natt, Oline'? 'N var kledd i samari-.»

Kjelder og litteratur

  • Aukrust, Olav: Dikt i samling, Gyldendal, Oslo 1967.
  • Hosar, Hans P.: Skjåk bygdebok bd. 3., Skjåk kommune 1998.
  • Kolden, Jon (red. A. Kjelland): Bygdabok for Lom, bd. 1 (2000), bd. 2 (2002), bd. 3 (2005). Lom kommune: Snøhetta forlag, Lesja, 2005.
  • Kvaale, Olav T.: Gamalt frå Lom. Folk og fylgje tå alle slag. Lom Heimbygdslag 1975.
  • Ættebok for Skjåk, bd. 1, Skjåk historielag 1946.
  • Tosten Olsen Oppnåsen i Historisk befolkningsregister.

Referansar

  1. Kyrkjebok for Lom.
  2. Ættebok for Skjåk I side182.
  3. Hosar, H.P. 1998:28.
  4. Klokkarbok for Lom hovudsokn nr. 12.
  5. Kolden, J. 2002:487.
  6. Tosten Olsen i folketelling 1875 for Lom. fra Digitalarkivet.
  7. Kyrkjebok for Lom.
  8. Tosten Olsen i folketelling 1900 for Lom fra Digitalarkivet.
  9. Tosten Olsen i folketelling 1910 for Lom fra Digitalarkivet.
  10. Hosar, H.P. 1998:159, 162-163.