Olav T. Kvaale

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Olav T. Kvaale (fødd i Lom 30. september 1895, død same stad 25. januar 1985) var lærar, og gjennom mange tiår ein sentral kulturpersonlegdom i heimbygda si. Han var verksam på mange område, fyrst og fremst som oppsedar av mange kull skuleborn, men også som eldsjel i organisasjonslivet og innan lokalhistorisk arbeid og kulturvern. Han var ein eksponent for norskdomsdyrkinga og den folkelege høgkulturen som hadde sett sitt særpreg på Lom alt frå 1870-åra av.

Familie

Olav T. Kvaale var fødd og oppvaksen på garden Kvåle på Søre Strond i Lom, som foreldra åtte og dreiv. Faren var Torkjell Pålsson Kvåle (1853-1925) og mora var Anne Olsdotter Lykre frå Skjåk (1862-1946). Olav var den åttande i rekkja av i alt 14 sysken, fødde i tidsrommet 1882-1907.

Han gifta seg i 1924 med Mari O. Galde (1900-1982), fødd og oppvaksen på Galdesanden og dotter av landhandlar Ole J. Galde og Rønnaug fødd Elvesæter. Mari var også lærar, og ho og Olav var i mange år tilsette ved same skulen, Loar i Lom. Dei fekk to søner, Torodd (1927-1995) som var journalist, og Roar (fødd 1932), psykolog. Frå 1929 budde familien i Ljosli, ein heim dei hadde bygd seg på tomt frå ein av Andvordsgardane, like ved Tor Jonsson-stugu. Diktaren Tor Jonsson vart ein familieven, om enn diktaren og Kvaale kunne ha ulikt syn på den bygdekulturen dei båe var ein del av.

Utdanning og lærargjerning

Etter sjuårig folkeskule gjekk Olav T. Kvaale framhaldsskulen i Lom 1909-1910, der han hadde Olav Aukrust som lærar. Olav T. Kvaale vart sterkt oppmoda om å skaffe seg vidare utdanning, mellom andre av soknepresten i bygda, prost Theodor J. Børresen. Olav drog til Kristiania i 1912 for å ta mellomskuleeksamen ved Hauges Minde. Han tok examen artium i 1916,og avla lærarprøva ved Oslo lærarskule i 1917. Året etter var han lærar ved Garmo skule i heimbygda. Året 1920-1921 gjekk han lærarhøgskulekurset som Torstein Høverstad hadde sett i gang på Bondi i Asker. Sidan tok han kurs i teikning, gymnastikk og helselære.

Kvaale hadde planar om å studere teologi, men fekk tuberkolose og gav opp dette. Da han vart frisk att, valde han heller å bli lærar.

I Oslo-tida trefte han kjende personlegdomar og målfolk som Arne Garborg og Rasmus Steinsvik. Det norske teateret opna nettopp på den tida, og den nynorske kulturrørsla var på full frammarsj i hovudstaden. Miljøet og hendingane han opplevde, har vore omtala som ein «kulturell dåp» for Olav T. Kvaale.[1]. Det gjorde han motivert for å vende attende til heimbygda og bruke vilje og evner på lærargjerninga og anna kulturarbeid der.

Etter kortare engasjement som lærar ved lærarhøgskulen på Bondi og deretter so ved Gudbrandsdal folkehøgskule på Hundorp 1921, vart Kvaale tilsett som lærar i Søre Lia skule i Lom. Der var han til 1926, da han tok til ved folkeskulen Loar på Fossbergom. Heilt til han gjekk av for aldersgrensa i 1960 hadde han arbeidsdagen sin der. Kvaale vart saman med kollegaen Anders Kvaløy arrestert og send til Kirkenes under læraraksjonen i 1942.

Samfunnsengasjement og kulturarbeid

Kvaale var formann i Lom skulestyre 1932-1934, og i fleire år frå 1945. Han var lærarrepresentant i skulestyret 1934-1946. Han var formann i byggjekomiteen da nybygget for Loar skule vart reist 1937-1938, på tomta etter prestegarden som hadde brunne. Det var Kvaale som sytte for at det gamle store steinfjøset vart ominnreidd til gymnastikk- og forsamlingssal. Kvaale var formann i Lom lærarlag 1930-1934, i Lom helselag 1935-1938 og ei lang rad andre samskipnader i bygda. Særleg interesse hadde han for lokalhistorie og kulturvern. Han var med i Lom heimbygdslag, og var med og bygd opp bygdemuseet i Presthaugen. Han var med i Norsk folkeminnelag. Interessa for lokal kultur var tett sambunden med Kvaales engasjement for målsaka. Han var nestformann i Dølaringen 1934-1936, og var før det med og fekk i gang Dølaringens årbok/Årbok for Gudbrandsdalen, og han var aktiv i Austmannalaget.

Det lokalhistoriske arbeidet fekk Kvaale betre tid til etter at han vart pensjonist. Han dreiv innsamling av folkeminne og gransking av folkeliv og dialekt. I 1975 gav han ut boka Gamalt frå Lom.

Referansar

  1. Aukrust, P. 1985:183

Kjelder og litteratur

  • Aukrust, Pål: «Olav T. Kvaale» (minneord) i Årbok for Gudbrandsdalen 1985.
  • Kolden, Jon: Bygdabok for Lom (red. Arnfinn Kjelland), bd. 2 side 386 og bd. 3 side 461.
  • Norske skulefolk 1952.
  • Studentene fra 1916, Oslo 1942 og 1966.