Bøverdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Landskap i Bøverdalen. Fra Nordiska taflor, utgitt 1865.
Maleriet «Juliformiddag i Bøverdalen, Flåklypa» av Gunnar Wefring, 1949.

Dalføret Bøverdalen i Lom kommune reknast som grense mellom det eigentlege Jotunheimen og Breheimen. Dalen har namn etter elva Bøvra, som renn gjennom dalen frå kjeldene ved Smørstabbreen til Ottaelva nær Fossbergom. Sidedalane Visdalen og Leirdalen reknast ofte med som ein del av Bøverdalen, særleg når det er snakk om turisme - som er ein viktig næringsveg i dalen.

Riksveg 55 over Sognefjellet går gjennom Bøverdalen. Det er fleire turisthytter nær vegen: Bøvertun, Krossbu, Jotunheim fjellstue og Sognefjell turisthytte med fleire. På sideveger kjem ein til mellom anna Høydalseter, Leirvassbu, Spiterstulen og Juvasshytta. Vegen til Juvasshytta over Raudbergstulen er den høgste bilvegen i landet, med toppunkt på omkring 1855 meter over havet.

Ein finn også Elveseter turisthotell der Sagasøyla står, og den tidlegare skysstasjonen Røisheim. På garden Sulheim står fleire freda bygningar. Ein annan kjent attraksjon er Flåklypa, ein stad der vegen går gjennom eit smalt pass med overhengande stein. Kjell Aukrust tok namnet på sin fiktive bygd herifrå.

galleri

Kjelder

Koordinater: 61.71948° N 8.2826° Ø