Kirken sett mot nord. Det lille hvite påbygget er sakristiet. Foto: Wolfmann (2017)
Slidredomen, opprinnelig Mariakirken i Slidre eller bare Slidre kirke, i dag Vestre Slidre kirke, er den største kirken i Valdres og omtalt som Valdres' hovedkirke. Den er viet til Jomfru Maria og er bygget i romansk stil med runde buer over dører og vinduer. Det er et tørrmurt steingjerde rundt kirkestedet og med en port med årstallet 1170.
Den er første gang nevnt i skriftlige kilder i 1264 da den fattige Torstein ble utnevnt av pave Urban IV til prest i «ecclesia santae Mariae de Slidrum». Les mer …
Skip og kor, frå Gamle norske kirker, utg. 1922. Hedalen stavkyrkje står i bygda Hedalen i Sør-Aurdal, sør i Valdres. Ho vart reist som ei einskipa langkyrkje kring 1165, og vart i 1699 ombygd til ei korskyrkje. Den vestre delen av skipet er den opphavlege stavkyrkja. Ho er framleis soknekyrkje for Hedalen sokn. Kyrkja trakk òg folk frå mellom anna Ådalen, dei andre delane av Sør-Aurdal, Etnedal og Hallingdal til feiring av jonsok og mikkelsmess heilt fram til «Hedalsmessa» vart avskaffa kring 1850.Kyrkja vart stilhistorisk datert til kring 1165. Det er ikkje alltid lett å treffe blink med slik datering, men i dette høvet har seinare årringdatering vist at tømmeret vart hogd vintrane 1161/1162 og 1162/1163. Les mer …
Jørgine Paulsdotter Fossen (1861–1940) med åtte av dei tretten ungane. Ho vart enke eit år etter at minstejenta kom til verda. Bak frå venstre: Hjalmar (f. 1903), Gunvor Marie (f. 1885), Josefine Severine (f. 1889), Mathilde (f. 1890) og Johannes (f. 1896). Foran frå venstre Charlotte Johanne (f. 1898), Jørgine med Ingeborg (f. 1905) på fanget og Kristine (f. 1900). Foto: Ukjend (1907/1908) Jørgine Paulsdotter Fossen (fødd 1. februar 1861 i Sør-Aurdal, død 16. mars 1940 i Nes i Hallingdal) var ei småbrukardotter frå Valdres som levde det meste av sitt liv som møllar- og husmannskone og enke i Nesbyen i Hallingdal. Ho hadde eit liv prega av slit og ulukker, men trass all motgang klarte ho å oppdra tretten ungar og å gje dei eit godt grunnlag i livet. Far hennar, Paul Andersson Bakken, var òg ein slitar, og det er sagt om Jørgine av dei som kjende ho, at ho var like sta, seig og sterk som han. Les mer …
Staben i 2017. Fra venstre: Jens Erik Kjelstad, Trygve Ramnefjell, Olav Birketveit, Linn T. Sunne, Øystein Stabell, Silje Grøtan Torp, Kari Anita Johansen, Cecilie Lønnum, Karin Heimdal og Tone Nyseter. Foran sitter Turid Skundberg Syversen. Foto: Drengestua kafé
Oppland fylkesbibliotek ble oppretta i 1947, som Oppland sentralbibliotek. Siden starten har biblioteket vært samlokalisert med Gjøvik bibliotek, og de to bibliotekene hadde felles sjef til 1999. Seinere har det vært to separate organisasjoner, med hver sin ledelse. Fylkesbiblioteket har siden 1980 holdt til i en sidefløy til Gjøvik rådhus, på adressa Kauffeldts plass 1. Pr. 2017 har biblioteket 9,1 årsverk fordelt på 10 ansatte, leda av Tone Nyseter, som har vært fylkesbiblioteksjef siden 2014.
Fylkesbiblioteket er hjemla i Lov om folkebibliotek og yter bibliotekfaglig veiledning og assistanse til folke- og skolebibliotekene i Oppland. Samtidig skal det gi råd til lokale myndigheter og bibliotekeiere. Fylkesbiblioteket arrangerer kurs og møter om bibliotekspørsmål og sørger for samordning og sambruk av boksamlinger som fjernlånsvirksomheten i fylket og organisering av det lokale lånesamarbeidet. I tillegg har fylkesbiblioteket driftsansvar for bokbussen. Les mer …
Hanna Marie Resvoll-Holmsen ved teltet sitt i Adamsfjord, Lebesby kommune. Adamsfjordfossen til venstre. Foto: Gunnar Holmsen/NB
Hanna Resvoll-Holmsen f. Resvoll (fødd 11. september 1873 i Vågå, død 13. mars 1943 i Oslo) var botanikar, og saman med søstera Thekla Resvoll ein av dei kvinnelege pionerane i dette faget.
Ho voks opp i Vågå, med ei mor som hadde ein flott blomsterhage og som gav interessa for planter vidare til døtrene. Do ho var fem flytta familien til Kristiania. Som barn var ho alvorleg sjuk, og etter at ho fylte tolv var ho lite på skulen. Jamvel fekk ho som nittenåring teke middelskuleeksamen, og i nokre år var ho lærar i botanikk. Først i 1902 fekk ho tatt examen artium på latinlinja. Ho byrja så å studere realfag, og hadde nokre gode år på Det kgl. Frederiks Universitet i Kristiania. I 1910 tok ho hovudfag i botanikk, slik søstera hadde gjort i 1899.
Det første feltarbeidet ho gjorde var noko tidlegare, i 1907. Då var ho med på ekspedisjonen til oseanografen Albert I av Monaco til Svalbard. Ho var den einaste kvinnelege deltakaren, men ser ut til å vorte teken på alvor, for ho vart rodd i land med telt, privant og botanisérkasse – og eit gevær om det skulle kome isbjørn. Året etter drog ho åleine til Svalbard for å fotografere for bokverket om ekspedisjonen. Ho etterlet seg ein stor plantesamling frå somrane på Svalvard, og tok nokre av de første fargebileta av arktisk flora. Boka Observations botaniques kom i populærutgåva Svalbards flora i 1927, og var den første floraen for øygruppa. Les mer …
Tosten Raudskjegg på Nedre Nørjordet, fotografert i døra til eldhuset der han budde som føderådsmann. Foto: Ukjent.
Tosten Pålsen Auale (fødd i Skjåk 29. november 1845, død same stad 1. juni 1924) var gardsarbeidar og småbrukar. Han er betre kjent under kallenamnet Raudskjegg-Tosten eller Tosten Raudskjegg, som Olav Aukrust nytta som tittel på eit dikt om ein nifs og vondlynt, men karismatisk skapnad som var truandes til å stå i direkte samband med Fan sjøl. Han hadde eit par oppnamn som refererte til dei trolldomskreftene mange meinte å ha erfart at han hadde: Ronkall-Tosten og Troll-Tosten.
Enda eit kjent oppnamn på Tosten Pålsen var Budei-Tosten, som viste til det yrket som Tosten mykje attåt hadde ein monaleg del av livet sitt. Han var fjøsrøktar på ymse gardar i Skjåk før han sjølv vart småbrukar nedst i Bøverdalen i Lom. Han blir stundom også omtala som Tosten Nørjordet etter namnet på bruket han overtok. Les mer …
|