Olav Naadland 1927 Foto: Ukjent.
Olav Naadland (fødd i Seljord 16. juli 1899, død 14. oktober 1965 i Vinje) var lærar og folkehøgskulestyrar.Olav Naadland tok eksamen artium ved Stavanger høiere offentlige almenskole i 1921, og tok også førebuande prøve i filosofi ved universitetet. Han avla lærarprøva ved Notodden private lærarskule i 1926, og fekk det meste av si yrkesgjerning i folkehøgskulen. Allereie før han tok lærareksamen vikarierte han ved Telemark folkehøgskule i Kviteseid (1922-1925) og ved Sunnhordland folkehøgskule (1923-1924). I 1926 vart han tilsett ved Gudbrandsdalens folkehøgskule, der han vart verande i 14-15 år. I 1940 tok han over etter far sin som styrar ved Telemark folkehøgskule, og var der til skulen vart nedlagd i 1950. Deretter var han lærar i folkeskulen i Vinje til sin død.
Han var også gardbrukar i feriane og på heiltid under okkupasjonstida 1941-1945. Les mer …
Bauta over Olav den heilage på ein gravhaug på Hundorp, avduka under eit stemne olsokaftan 29. juli 1907. Skulestyrar Rasmus Stauri, den gongen på Vik i Kvam, leia arbeidet med å få reist minnesmerket. Monumentet over kristningskongen står på skulens grunn, og har nok hatt stor symbolverdi i folkehøgskulemiljøet. Foto: Øyvind Holmstad (2011)
Gudbrandsdalens folkehøgskule var i verksemd frå 1902 til 1987. Dei fyrste åra hadde han tilhald på garden Vik i Kvam i Nord-Fron, men i 1915 vart han flytta til Hundorp i Sør-Fron. Skulen var driven i grundtvigiansk ånd, og følgde opp tradisjonen etter Christopher Bruuns verksemd i Gudbrandsdalen. Gudbrandsdalen folkehøgskule er uløyseleg knytt til familien Stauri i to generasjonar, ekteparet Rasmus og Lise Stauri og deira son Are og kone Dagny samanhengande i meir enn 70 år. Les mer …
|