Jødedom

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Parókhet (arkforheng) (datert 5670 (1910)) frå synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim.
Foto: Olve Utne

Jødedom er den tradisjonelle religionen til det jødiske folket. Jødedommen er ein monoteistisk religion som har grunnlag i Tenákh (Den hebraiske bibelen, Det gamle testamentet) med hovudvekta på Toráen (Mosebøkene). Hovudretninga av jødedommen i dag er rabbinsk jødedom, som i tillegg baserer seg den munnlege tradisjonen som han nedfeller seg i Talmúd med sine kommentarar. Sjølv om det på mange tidspunkt i historia har vore eit mindre tal jødar i Noreg, er det først sidan dei par siste tiåra av 1800-talet at det har vore offentlege jødiske gudstenester her i landet. I dag finst det fullt ut organiserte jødiske meinigheiter i Oslo (Det mosaiske trossamfund i Oslo) og Trondheim (Det mosaiske trossamfunn, Trondheim), men føre andre verdskrigen var det òg meir eller mindre organiserte grupper andre stader, inkludert i Kristiansund (sjå Jødedom i Kristiansund).

Høgtider og merkedagar

Sjabbát

Sjabbát (hebr.) eller shabbes (jid.), òg kalla sabbá blant portugisarjødar og sabbat på skandinavisk, er den jødiske kviledagen og varar frå solnedgang på fredagskvelden til etter solnedgang på laurdagskvelden. På sjabbát er det ikkje lov å arbeide med handverk eller handel og heller ikkje lov å gjera opp eld etter tradisjonell jødedom. Rett føre sjabbáten begynner på fredagsseinettermiddagen, er det skikk å tenne to (eller fleire) lys til ære for dagen; og etter at sjabbáten er over på laurdagskvelden er det skikk å seie habdalá (jid. havdóle) over levande lys, krydder og vin/druejuice. Helgemåltidet på fredagskvelden blir innleia med kiddúsj (bøn føre maten) for sjabbát-kvelden som blir sagt over vin eller druejuice og hammoṣí som blir sagt over to brød (ofte kalla ḥallót (hebr.) / challes (jid.)). Det første hovudmåltidet på laurdagen, som gjerne blir kalla desayuno blant portugisarjødar, blir innleia på tilsvarande vis, med ein litt annan tekstvariant av kiddúsj for sjabbátmorgonen.

Dei tre valfartshøgtidene

I Toráen (Mosebøkene) finst dei tre valfartshøgtidene nemnte: pesaḥ (flatbrødfesten), sjabungót (vekefesten) og sukkót (lauvhyttefesten).

Pesaḥ (hebr.) eller peisech (jid.), òg kalla páscua de las cenceñas (port.j.) eller jødisk påske (norsk), har opphav i ein grødefest og fruktbarheitsfest der korn (særleg bygg) og husdyr (særleg sauer) står i sentrum. Samtidig er pesaḥ eit minne om utgangen av Egypt under Mosjé (Moses) si leiing. Den kristne høgtida påske har deler av opphavet sitt, inkludert namnet, i pesaḥ. Under pesaḥ er det forbode å eta gjæra mjølmat av noko slag av kveite, spelt, rug og vanleg bygg såvel som det femte slaget, som etter Talmúd og den sefardiske autoriteten Moshé ben Maimón (Maimonides, Rambam) er villbygg/toradsbygg, men som den asjkenaziske autoriteten Rashi og dei fleste seinare asjkenaziske autoritetar har meint er havre. I staden blir det laga maṣṣót (hebr.) / matses (jid.), eller flatbrød som er laga så raskt at deigen ikkje vann å begynna å heve seg på noko vis. Desse flatbrøda og fleire andre symbolske matretter blir serverte under haggadáen (port.j.) / sederen (asjk.) — eit rituelt måltid der forteljinga om utgangen av Egypt utgjer kjerna.

Sjabungót (hebr.) eller shvues (jid.), òg kalla páscua de las semanas (port.j.) eller jødisk pinse (norsk), finn stad sju veker etter pesaḥ og svarar slik sett til pinsa i kristendommen. Høgtida blir feira i éin eller to dagar til minne om at Toráen vart gjeven til jødane på Sinaifjellet. Typiske skikkar inkluderer eting av mjølkemat.

Sukká (cabaña) på Nordmøre i 2011.

Sukkót (hebr.) eller sukkes (jid.), òg kalla páscua de las cabañas (port.j.) eller lauvhyttefesten, er ei høgtid som fell i september eller oktober, fem dagar etter jom kippúr (forsoningsdagen). Det finst to særleg karakteristiske skikkar i samband med sukkót: Den eine skikken er at det blir vifta med ein etróg (søtsitron) og ein kvast som inneheld palmeblad, pilegreiner og myrtegreiner. (I kristendommen vart dette elementet overført til påska, og i deler av Fjordane blir tradisjonelt pilvarianten selje faktisk kalla palme og vifta med på palmesøndag.) Den andre skikken er å byggje ein sukká (sukke (jid.), cabaña (port.j.)) — ei lita hytte med minst tre ikkje-permanente, ofte glisne, vegger og glisse tak. I denne hytta er det skikk å eta måltid medan høgtida varar, og i varmare strøk er det ikkje uvanleg å sova i sukkáen òg. På grunn av klimaet i Midt-Noreg, med kalde dagar og mykje regn i oktober, er det relativt få som byggjer seg sukká der.

Høge heilagdagar og fastedagar

Rosj hasjaná, òg kalla rosasaná/rosaná (port.j.) og rosheshóne (jid.)...

Bøn for ofra for inkvisisjonen og for dei som vandrar på vegen. Frå ei portugisarjødisk bønebok for kippúr utg. i London i 1810.

Kippúr eller jom hakkippurím (hebr.), òg kalla jom kippur eller jonkipper (jid.) og el ayuno blanco (sp., 'den kvite fasta'), er den jødiske forsoningsdagen. Dagen er ein av dei to fulle fastedagane i året, og alle jødar som er religiøst myndige og har helse til det fastar tradisjonelt eit heilt døgn — frå solnedgang til solnedgang.

Tisjngá beáb (hebr.) eller tishebov (jid.), òg kalla el ayuno negro (sp., 'den svarte fasta'), er minnedagen over tempelets fall. Dagen er ein av dei to fulle fastedagane i året, og alle jødar som er religiøst myndige og har helse til det fastar tradisjonelt eit heilt døgn — frå solnedgang til solnedgang.

Det finst ein del andre fastedagar òg, men desse er mindre strenge, er stort sett avgrensa til berre deler av døgnet, og er meir variable mellom dei ulike greinene av jødedommen.

Andre høgtider og merkedagar

Purím (hebr.) eller púrem (jid.) er ei høgtid som ikkje finst nemnt i Torá (Lova) eller Nebiím (Profetane). Grunnlaget finst i Megillàt Estér (Esters bok), der det står skildra korleis Hadassá (seinare kjent som dronning Estér) og onkelen hennar, Mordekhái, bergar dei persiske jødane frå undergang. Høgtida, som fell i overgangen mellom seinvinter og tidleg vår, blir feira ved opplesing av Megillàt Estér, ved å gje misjlóaḥ manót (matgåver) til naboar, slekt og vener, ved å drikke vin (gjerne i store mengder), ved å kle seg ut og ved song, musikk og underhaldning. Mange asjkenaziske jødar held eit såkalla púremshpíl — eit skodespel med handling henta frå, eller i det minste inspirert av, purímhistoria. Ein annan skikk er å halde parodiske føredrag om tilsynelatande alvorlege emne men der ordspel, tabu-reverseringar og rein surrealisme er vanlege trekk.

Gammal ḥanukkijjá (ḥanukká-lysestake) frå Trondheim. Sjamásjen (den niande armen) manglar.
Foto: Olve Utne

Ḥanukká (hebr.) eller chàneke (jid.) finst ikkje nemnt i Tenákh, men er basert på historia vi finn i dei apokryfe Makkabearbøkene. Ḥanukká er ei åtte dagar lang høgtid som blir markert kring nymåne i desember — frå den 25. kislév etter den jødiske kalenderen. Høgtida blir markert ved levande lys, feit mat og mjølkemat, og i nyare tid har det vorte gradvis vanlegare å gje gåver til kvarandre.

Kulturelle retningar

Portugisarjødar, eller sefardim

Utdypende artikler: Sefardiske jøder og Portugisarjødar

Sefardiske jøder, flertall sefarder (hebraisk: סְפָרַדִּי, tiberiansk: səp̄āraddî) er et generelt begrep som hovedsakelig viser til jøder med historiske røtter på Den iberiske halvøy (Spania og Portugal) i middelalderen før de ble utvist i 1492 av Isabella I av Castilla og Ferdinand II av Aragón. Begrepet benyttes også om de jøder som benytter seg av den sefardiske liturgien, eller på andre vis definerer seg selv i henhold til jødiske skikker og tradisjoner fra Den iberiske halvøy.

Sefardiske jøder i denne forstand omfatter først og fremst jøder fra Marokko, Algerie, Hellas, Tyrkia, og i tillegg mange jøder fra Italia, Frankrike, Belgia, Nederland, Storbritannia, Amerika og Israel. Navnet brukes imidlertid også i praksis om ikke-iberiske jøder fra arabiskspråklige land såvel som helt generelt om jøder av ikke-askenasisk opphav. I israelsk dagligtale brukes betegnelsen om ikke-europeiske jøder.

Sefardisk jødedom ble utviklet hovedsakelig i middelalderens Spania og Portugal. Den sefardiske jødedommen skiller seg ut fra askenasisk jødedom hovedsakelig i ritualet for rosj hasjaná og jom kippúr, i uttalen av hebraisk og arameisk, i terminologibruk, i interpretasjonen av halakhá og i en del liturgiske detaljer.

Begrepet sefardisk betyr i all vesentlighet «spansk» og kommer fra Sefarad (hebraisk: סְפָרַד, tiberiansk: Səp̄āráḏ), en bibelsk lokalisering. Obadjas bok i den hebraiske Bibelen og Det gamle testamente, 1–20: «Denne hæren av israelitter i eksil skal ta det som tilhørte kanaaneerne, helt til Sarepta, og de fra Jerusalem som er i eksil i Sefarad, skal ta byene i Negev.» Denne lokaliseringen er diskutabel, men «Sefarad» ble uansett identifisert av senere jøder som Den iberiske halvøy.

Sefardiske jøder, tidligere mest kjent som «Portugisjøder» eller «(Jøder af) den Portugisiske Nation», hadde fram til 1814 i prinsippet innreise- og bosetningsrett i Norge — i motsetning til askenasiske jøder, som i utgangspunktet trengte kongelig leidebrev. Den sefardiske innreiseretten ble varierende praktisert, og det finnes eksempler på at sefardiske jøder ble fengslet på 1700-tallet. Med Grunnloven av 17. mai 1814 ble et totalforbud mot jødisk innreise satt i kraft. De få ikke-assimilerte sefardiske jøder som ble i Norge etter 1814 konverterte offisielt til evangelisk-luthersk kristendom. Forbudet ble opphevet for sefardiske jøder av Høyesterett i 1844. Medlemsmassen i de mosaiske trossamfunn som finnes i Norge i dag har i all hovedsak sin bakgrunn i askenasisk innvandring etter grunnlovsendringen av 1851.

Romaniotes og bené Roma

Høgtyske jødar, eller asjkenazim

Utdypende artikkel: Asjkenaziske jødar

Politiske retningar

Fram til tida kring 1800 hadde dei moderne politiske retningane av jødedommen ikkje utkrystallisert seg enno. Mange av trekka vi i dag finn i dei ulike retningane fanst allereie i tradisjonell jødedom, og variasjonen var hovudsakleg geografisk/kulturell.

Reformjødedom eller progressiv jødedom oppstod som retning først og fremst i Hamburg først på 1800-talet.

Ortodoks jødedom oppstod som retning i Hamburg tidleg på 1800-talet som reaksjon på reformjødedommen. DMT Oslo er ei ortodoks meinigheit. DMT Trondheim er òg i prinsippet ortodoks, men med ein del element frå ikkje-ortodoks jødedom; særleg er å merke at sjabbát og jom tov (heilagdag) er sett til fast tid i synagogen — start kl. 17:30 heile året — der tradisjonelle ortodokse og masorti synagogar normalt har varierande tidspunkt etter kva tid det er solnedgang.

Konservativ jødedom, seinare særleg kalla masorti jødedom i Europa og Israel, oppstod utover andre halvpart av 1800-talet som ei mellomliggjande retning mellom ortodoks jødedom og reformjødedom. Det geografiske tyngdepunktet var Breslau (Wrocław) og etter kvart New York. Den mest egalitære fløya skilte seg etter kvart ut under namnet rekonstruksjonistisk jødedom. Både masorti og rekonstruksjonistisk jødedom er karakterisert ved at det tradisjonelle ritualet er bevart i alle sine hovudtrekk, men det blir gjerne lagt vekt på dei kjeldene ein ser på som meir kompatible med samfunnet i dag. Bruk av instrument, inkludert pipeorgel enkelte stader, kan forekomma, men det er like vanleg at gudstenesta føregår utan instrument i dei synagogane der det blir lagt vekt på klassisk form. I dei meir liberale gruppene og i synagogar med ein meir uformell profil er bruk av gitar, rytmeinstrument og liknande ganske vanleg, særleg i Nord-Amerika. Hovudskiljet mellom masorti jødedom og rekonstruksjonistisk jødedom er at den sistnemnte oftast er noko meir eintydig radikal i egalitære spørsmål — inkludert kjønn, legning, religiøs klasse og religiøs/etnisk bakgrunn. I Skandinavia er masorti jødedom hovudretninga i dei jødiske samfunna i Göteborg og Stockholm. Judiska församlingen i Stockholm og DMT Trondheim har hatt ein del kontakt gjennom åra, og gjennom dette har enkelte element av masorti jødedom vore tilgjengelege for norske jødar.

Andre retningar finst òg. Den av desse som i første grad er aktuell i Noreg er den nyḥasidiske, egalitære rørsla jødisk fornying (Jewish Renewal). Det finst i dag ein rabbinarstudent frå Oslo, Lynn Feinberg, ved det rabbinske seminaret deira. Når ho blir ordinert, vil ho etter alt å dømme vera den første kvinnelege rabbinaren frå Skandinavia.[1]

Jødedommen i Noreg

Synagogen i Bergstien i Oslo stod ferdig i 1919 og vart innvigd i 1920, her fotografert vinteren 2012.
Foto: Stig Rune Pedersen

Føre 1851

Austlandet

Agder

Vestlandet

Midt-Noreg

Synagogen i St. Jørgensveita i Trondheim vart innvigd i 1899 og fungerte fram til den noverande synagogen vart ferdig i 1925.
Foto: Olve Utne

Nord-Noreg

Fotnotar

  1. Holm, Tine: «Uortodoks rabbiner», på NRK P2, søndag 3. august 2008.

Lenkjer