Hebraisk

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Bøn for inkvisisjonsoffera på hebraisk og portugisisk frå ei portugisarjødisk bønebok frå 1810.

Hebraisk (nyn./bokm./da.) eller hebræisk (da.; sv. hebreiska) er eit språk som hører til den vestsemittiske greina av afroasiatiske språk. Sptåket, som er nærmast i slekt med akkadisk og arameisk, var språket til hebrearane og er i si eldste litterære form (bibleks hebraisk) hovudspråket i den jødiske Tenákh eller Den hebraiske bibelen, som i lett omarbeidd form svarar til det kristne Gamle testamentet. Rabbinsk hebraisk er hovudspråket i Misjná, som utgjer grunnstammen i Talmúd, og har elles vore mykje i bruk som liturgisk, akademisk og litterært språk blant både portugisarjødar og asjkenazím framover mot nyare tid. Moderne israelsk hebraisk har utgangspunkt i rabbinsk hebraisk med ein god del påverknad frå blant anna jiddisch. I Noreg er hebraisk først og fremst bruka som liturgisk språk i jødedommen og i varierande grad som dagligspråk blant den nasjonale minoriteten jødar; og i tillegg spelar språket ei viss rolle innanfor kristendommen — dels som grunnspråk for Det gamle testamentet, og dels som akademisk disiplin — det siste kanskje særlig i evangelisk-luthersk kristendom.