Forside:Vestre Slidre kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

ØSTLANDET • SØRLANDET • VESTLANDET • MIDT-NORGE • NORD-NORGE
Østfold • Akershus • Oslo • Hedmark • Oppland • Buskerud • Vestfold • Telemark
Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres
Etnedal • Sør-Aurdal • Nord-Aurdal • Øystre Slidre • Vestre Slidre • Vang

Om Vestre Slidre kommune
0543 Vestre Slidre komm.png
Vestre Slidre kommune ligg i Valdres i Oppland. Administrasjonssenter i kommunen er Slidre. Det er ein landbrukskommune, med stor mjølkeproduksjon, skogbruk og fiskeoppdrett.

Kommunen vart oppretta i 1849, da Slidre vart delt i Øystre og Vestre Slidre. Vestre Slidre grensar til Vang i nordvest, Øystre Slidre i nordaust, Nord-Aurdal i aust og Hemsedal i sørvest.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Artikkelen om Gullik Sveinsson Teigstol og ætti og ættlingane hans er frå Tidsskrift for Valdres historielag 1954.

Straks sør for Løkje hotell i Kvåle skulekrins i Vestre Slidre ligg garden Teigstol. Frå gardstunet er det so fint eit utsyn over Slidrefjorden med skogkledde øyar og nes og fagre grender i kring. Lengst borte ris Ålfjell og Olberg til vers, den siste med varde på toppen. Han vart kveikt om fienden våga seg inn i landet. Sjeldan ser du fagrare syn enn Vestre Slidre i stille og sol. Det er ikkje underleg om det her i Slidre er fostra kunstnarar.

I felespel har Vestre Slidre hatt mange gjæve kunstmenn. Ein av dei merkelegaste var Gullik Sveinsson Teigstol. Han var fødd 10. mai 1807 og døydde 16. januar 1881. Kona hans var Sigrid Olsdotter, fødd Berge i Vestre Slidre den 26. januar 1819 og døydde 22. april 1885.

Gullik vart tidleg ein meisterleg god felespelar. Han hadde lært tå storspelaren Jørn Nilsson Hilme. Og so spelte han mykje saman med Knut Røn, som var tå Rengistad. Dei var båe saman hjå Jørn Hilme i Ulnes i Nord-Aurdal, og han var jamt hjå dei i Vestre Slidre. Spelmann Jørgen Jørgensen Ringestad fortel soleis om Gullik Teigstol:

«Han far, spelmann Jørgen Ivarson Ringestad, tala om at Jørn Hilme hadde ein lått han kalla Spelmannsprøva. Dersom ein spelmann ikkje vonleg lærde han, vilde han ikkje ha noko med han. Men Teigstolen og Knut Røn lærde fort Spelmannsprøva. Ein gong sat både Lars Krøsshaug, Gullik Teigstol og Knut Røn oppå Rengistad og let på fele. Då det leid ut i kveldingi, gjekk dei ned i Teigstolen og stelte seg til å låte der. Om litt kom det inn ein kar til dei, og då dei såg vel på han, var det Jørn Hilme. Då vart det slutt med felelætet, og det bar til å tala med karane. Til slutt gav dei Jørn Hilme ei fele og bad han låte. Men det var ikkje større han vilde lata seg til. Han tala då om at han kom nordan fjellet i frå (d. e. frå Vestlandet). Fela si hadde han sett att under Teigstollåven. Karane truga han då til å gå etter henne, og då han kom inn att, kan du tru det vart spel! Dei hine fann til felone sine og freista lære av meisteren. Heile natti heldt dei på og langt ut på hin dagen. Då var det at Krøsshaugen la fela si på bordet og tok soleis til ords mynnta på Jørn Hilme:

«Fingadn e kji bere på de enn på uss, men bøgin ha styggen gjeve de!»   Les mer …

Gro Røvang-Rogstad er gravlagt på Hovin kirkegård i Ullensaker, mens mannen Hans ligger i Gjerdrum, ved siden av den første kona si.
Foto: Tore Johansen (ca. 2012)

Gro Røvang-Rogstad (født Røvang 22. mars 1888 i Vestre Slidre, død 18. august 1967) var distriktsjordmor i Ullensaker.

Hun var datter av Peder og Marit Røvang, som begge var fra Vestre Slidre i Valdres. Da dattera Gro var omtrent ti år gammal, kjøpte de garden Taugland i Ullensaker. Ifølge folketellinga for 1910 var Gro sysselsatt med fjøsstell hjemme på garden.

Hun ble rundt 1938 gift med enkemann og tidligere herredskasserer Hans H. Rogstad (1873-1960) fra nabobygda Gjerdrum, og de bosatte seg i Gamle Trondheimsvegen 98 på Jessheim, der det også var fødestue.   Les mer …

 
Sjå òg
 
Eksterne ressursar
Forside:Vestre Slidre kommune/Eksterne ressursar
 
Kategoriar for Vestre Slidre kommune
ingen underkategorier
 
Andre artiklar