Kjeldearkiv:Gullik Teigstol

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Artikkelen om Gullik Sveinsson Teigstol og ætti og ættlingane hans er frå Tidsskrift for Valdres historielag 1954.

Meisterspelmannen Gullik Sveinsson Teigstol og ætti og ættlingane hans

av Knut Hermundstad

Straks sør for Løkje hotell i Kvåle skulekrins i Vestre Slidre ligg garden Teigstol. Frå gardstunet er det so fint eit utsyn over Slidrefjorden med skogkledde øyar og nes og fagre grender i kring. Lengst borte ris Ålfjell og Olberg til vers, den siste med varde på toppen. Han vart kveikt om fienden våga seg inn i landet. Sjeldan ser du fagrare syn enn Vestre Slidre i stille og sol. Det er ikkje underleg om det her i Slidre er fostra kunstnarar.

I felespel har Vestre Slidre hatt mange gjæve kunstmenn. Ein av dei merkelegaste var Gullik Sveinsson Teigstol. Han var fødd 10. mai 1807 og døydde 16. januar 1881. Kona hans var Sigrid Olsdotter, fødd Berge i Vestre Slidre den 26. januar 1819 og døydde 22. april 1885.

Gullik vart tidleg ein meisterleg god felespelar. Han hadde lært tå storspelaren Jørn Nilsson Hilme. Og so spelte han mykje saman med Knut Røn, som var tå Rengistad. Dei var båe saman hjå Jørn Hilme i Ulnes i Nord-Aurdal, og han var jamt hjå dei i Vestre Slidre. Spelmann Jørgen Jørgensen Ringestad fortel soleis om Gullik Teigstol:

«Han far, spelmann Jørgen Ivarson Ringestad, tala om at Jørn Hilme hadde ein lått han kalla Spelmannsprøva. Dersom ein spelmann ikkje vonleg lærde han, vilde han ikkje ha noko med han. Men Teigstolen og Knut Røn lærde fort Spelmannsprøva. Ein gong sat både Lars Krøsshaug, Gullik Teigstol og Knut Røn oppå Rengistad og let på fele. Då det leid ut i kveldingi, gjekk dei ned i Teigstolen og stelte seg til å låte der. Om litt kom det inn ein kar til dei, og då dei såg vel på han, var det Jørn Hilme. Då vart det slutt med felelætet, og det bar til å tala med karane. Til slutt gav dei Jørn Hilme ei fele og bad han låte. Men det var ikkje større han vilde lata seg til. Han tala då om at han kom nordan fjellet i frå (d. e. frå Vestlandet). Fela si hadde han sett att under Teigstollåven. Karane truga han då til å gå etter henne, og då han kom inn att, kan du tru det vart spel! Dei hine fann til felone sine og freista lære av meisteren. Heile natti heldt dei på og langt ut på hin dagen. Då var det at Krøsshaugen la fela si på bordet og tok soleis til ords mynnta på Jørn Hilme:

«Fingadn e kji bere på de enn på uss, men bøgin ha styggen gjeve de!»

Gullik Teigstol vart omframt god til å låte. Eg høyrde ofte han let. Ivar Haslebrekk, som for til U. S. A., skulde lære nokre av dei vrangaste Hilmes-taki av Teigstolen før han for. Då sat eg i glaset på Haslebrekk og høyrde på. Det var moro, gut! Det hekk musikk i meg med. Då var eg vel ei 9—10 år. —

Gullik Teigstol og Knut Røn laga ein gong ein lått i hop. Dei kalla han Rengistad-låtten. Han var laga i Rengistad-kleva. To låttar Teigstolen let mykje, var Merkjingen og Sylkjegulen. Teigstolen kjøpte godfela på Røyne og gav 10 dalar for ho. Han selde ho til ein nordan fjellet då han hadde hatt ho nokre år. Ofte anka han på dette salet. Dei hermer soleis etter han:

«Då e hadde Røynis-fela, va de uvandt vera spelemann!»

Det vart mest slutt med spelingi hans då han hadde selt frå seg den fela. Ein mann i Ulnes fekk seinare kjøpt att Røynis-fela og for med henne til U. S. A. Ein Giggjerd i Brøta skal ha ho der borte.»

Gullik var fødd og oppalen på Teigstolen, og han vart bonde der etter faren. Teigstolen er ein litenvoren, men god gard. Han føder hest og 4—5 kyr og nokre småkrøter. Bonden der kunde ikkje tole store utlegg. Difor laut Gullik tidleg freiste vera sjølvhjelpen. Om haustane låg han jamt austi Mørken og brende kol. Dette nytta han til smiding, for han smidde alt han trong til gardsbruket, og ofte kunde han hjelpe ein annan av grannane og. Mangt underleg trudde han å ha opplevt med han låg og passa kolmila. Ein gong låg han soleis aust i Lien og brende kol. Då det vart kvelden, hadde mila slokna, som han meinte. Han la seg då inn i selet sitt til å sova. Då det leid på natti, totte han det var noko som skreik på seg. «Gullik!» skreik det so kvelt. Han spratt opp. Det vår på høg tid at han vakna, for det hadde fata i mila att. Og det heldt alt på loga gjennom torvlaget. No fekk han i ein fart sløkt elden, og dermed berga han mila. —
Ein annan gong han låg aust i Mørken og hogde ved, la han seg til kvile. Best det var, fekk han høyre eit slikt makelaust fint felespel, som han aldri hadde høyrt før.

På Teigstol var det tørrstoge, og i ein bekk straks sunnanfor garden stod det ei bekkekvern. Han Gullik turka og mol sjølv alt garden trong av mjøl og malt. Når han hadde elda godt opp i tørrstoga, la han seg på golvet og passa kornet eller maltet. Det vart varmt og godt der. Og so likte han å høyre bekkesurl, fossedur og fuglesong. Det kveikte og nørde spelmannen i han. Om vinterkveldane var det kveldsetoliv. Gullik hogg då opp mykje tyrispik. Desse vart lagde opp på hyllor under taket til turk. Når dei vart knasturre, vart dei nytta om kveldane til ljos. Dei vart lagde på supen eller ljospeisen og kveikte, ei eller to i senn. Då lyste det so godt ut i romet, at alle kunde arbeide alt dei trong kring ljoset frå supen. Kvinnene spann, batt og sydde. Gullik sjølv og gutane hans lagga eller snikra alt dei trong til huset og gardsdrifti.

Gullik Teigstol vart etter kvart ein mykje kristeleg mann. Når han skulle ta ei lengere reise, soleis til vestre stølen, og kløvi var ferdig, sa han: «So i Jøssu nam.»
Når tora slo, og det kom ein skimt, sa han og «Jøssu nam!»
Han var lett å røre. Når han las ein salme, vart han alltid rørd.

Gullik Teigstol var 34 år då han vart gift med Sigrid Berge frå Røn. Ola, far hennar, var sonen til Gudbrand Hødne. Mor hennar heitte Ingrid Tomasdotter, f. 1792. Faren Tomas, f. 1755, døydde 1797, og mori, Marit Halvorsdotter Jarstad, f. 1759, gifte seg 2. gongen med den kjende og gjæve rose-målaren Ola Hermundson Berge, som var frå Juvkam i Sør-Aurdal. Ola Hermundson vart soleis stefar hennar Ingrid.

Ingrid og Ola Hødno fekk to søner og seks døtrer.

Sonen Gudbrand vart skulemeister og styrar av kornmagasinet på Vollen. Han var ein sers omtykt kar. Det laga seg so at han vart trulova med ei gjente på vestre sida av Slidre-fjorden, truleg tå Granheim. So skulde han dit ein vinterkveld. Han batt på seg skeisene under Hande-landet og skeisa i veg.
Men i Pjåten bleiv han. Der fann dei att liket.
Ola, den andre sonen, vart og skulemeister, sidan prest og prost. Store-Marit, eldste dotteri, fekk garden Berge. Ho vart i 1848 g. m. Nils Person Semelenge. Sigrid, som kom åt Teigstol, var andre dotteri. Den tredje, Sønneva, vart g. m. Lars Tuv. Dei for til Amerika. Den fjerde var Ingrid, f. 1825. Ho vart gift til Fystro, men dø av vattersott nokso ung. Den femte var Kari, f. 1829. Ho vart g. m. Torstein Li i Øystre Slidre. Men det «gjekk ut» med dei, og so for dei og til Amerika. Den yngste, Vesle-Marit, vart g. m. Nils Ukshøvd i Øystre Slidre. Her vart det velstand.

Ola G. Hødno var etter tidi ein opplyst mann. Han hadde mange bøker, var vyrd og velståande, men var ein alvorleg og streng husfar som kravde lydnad av alle borni sine. Nordre Berge var to gardar då han vart bonde. Men Ola kjøpte garden i hop att. Stogebygningen var innreidd til to huslydar. Det var to fjøs, to låvar, to stabbursdeilder, to kvernhus osb. Det var med andre ord tvibøndt der.

Kona hans, ho Ingrid, var sers godhjarta. Ho var som soli, når mannen var storm. Til kvar jol hadde ho laga til eit stort trog med kjøt- og fleskestykke, som ho delte ut til alle som gjekk ikring med posen og bad. Ho var gjestfri, og alle som kom til Berge, fekk nøgdi med mat og drikke.

Ho Sigrid, dotter deira, vart hugteken i Gullik Teigstol i ein dans på øvre Hande. Gullik var der og let på fela. Ho Sigrid gav seg til å sjå på den kjekke Gullik og dansa ikkje. Ho vart glad både i guten og spelet hans, og so vart det truloving. Men far hennar, Ola Gulbrandsen, likte nok ikkje denne venskapen. Teigstol var nok ein for liten gard, for i den tidi skulde rikdom møtast med rikdom. Men det vart no gifting lell. Gjenta var ikkje til å rikke. Og i heimafylgd fekk ho Sigrid to kyr, fleire småkrøter, 200 dalar i pengar og mykje andre eigedeilder, so ho var «eit gødt gifte», som dei sa.

Ola Teigstol, sonen hennar Sigrid og Gullik, skreiv soleis om mor si i nokre «Minne» som han har late att etter seg:

«Ho mor var eit umåtele arbeidsmenneskji. Stor o sterk va ho, men so let ho se te mæ. Ho var høg o slankvøksi mæ mest svart hår o fine trekk, men mæ litt beskjymra uttrykk i anlete. Då ho kom te Teigstole, va kji stogo fælig tess meir. I mange maata maatte ho mor like se ille: Fat-tigt o smaatt bygt, ei fremandis kjæring (livaurskjæringe, ho farmor), o dei tvo vaksne systadn hass far i huse kor dag. — Mø hadde langstølen vaare i Strø den tie. Der æ e kaamin te ver'n. Sia bytte'n far støla mæ'o Lars Stee.» —

Stølane til Teigstol vart no Lie, Perstølen og Ristestølen på Synda. Husi på Teigstol i 1855—60-åri var ei tvi-høgda stoge, to stabbur, låve, trev, fjøs, eldhus, trøsstogo og smie. Ho Sigrid, kona til Gullik, var ei finsleg og dugande husmor og djupt kristelegsinna. Dette var ein arv frå Berge, barneheimen hennar i Røn. Om sundagane når huslyden i Teigstolen hadde biska, var det stødt husandakt. Då vart det lese or huspostilen og sunge salmar. Sidan om sundagane laut borni halde seg heime. Dei fekk ikkje lov til å vera med ungdomen på all den ufine moro som det då var, med brennvinsdrikking og råskap.

Då Gullik vart gift, vart det etter kvart mindre med felespel. Kona likte ikkje på det livet som jamt fylgde med fela. Tilslutt selde han ho — slik som alt er omskrive.

Gullik Teigstolen vart ingen gamal mann, berre 74 år. Han fekk kreft i lepen. So for han til Kristiania og fekk skore han vekk. Men sjukdomen kom att, og so vart det banen hans.
«Då far skulde til døy,» sa Sigrid Sørbu, dotter hans, «låg han og levde oppatt det han hadde lært i kristendom. So seier han brått ein dag høgt og klårt:

«I Dag er Nådens Tid. I Dag er Gud at finde!» So slokna han frå oss.»

Om ætti

Om ætti til Teigstolen gav Sigrid Sørbu desse opplysningane: (Men dei fleste dataene og årstali er utskrifter or kyrkjebøkene av sokneprestane Skipenes og Ås!) :

Far til Gullik Teigstolen var Svein Eirikson (f. 1755 og d. 1835). Han var fyrste gongen gift med Kari Gudbrandsdotter Bråten. Ho døydde frå han i 1803 utan barn. Same året vart Svein gift andre gongen med Sigrid Gulliksdotter Hegge. Ho var fødd 1777 og døydde 1845. Dei hadde desse borni :

1. Store-Kari, f. 1804, d. 15/1 1886, vart g. m. Gullik Li i Øystre Slidre. Dei fekk desse fire borni: a. Gullik som fekk garden Li. Han vart g. m. Marit Skattebu. b. Svein slo seg i hel i ei snøskrede ein stad på eit fjell i Sogn. Han skulle vestetter på handel og vart ikkje attfunnen, c. Sigrid vart g. m. ein som heitte Gullik, ein retteleg fin og bra kar. d. Guri som og vart gift, men ingen veit no kva mannen heitte.

2. Gullik Teigstol, som det er skrive om før.

3.og 4. Marit, f. 1810, d. 17/1 1892, og Vesle-Kari, f. 24/12 1813, d. 9/2 1891. Om desse skriv brorson deira, amtskule-styrar Ola Teigstol soleis:
«Dei levde ugifte, var truværdige i arbeid, sparsame te dæ yttaste, trufaste i venskap, allti fattige, allti tefresse, alder hørde du dei jamra enn sytte før utkommun endå dæ fanst nok inkji nokon i bygd'n so eigde noko mindre. Men dei heldt se uppe, ærekjære te dæ yttaste — dei va gardmanns-jento, dei vøro tåa Teigstole, den beste kødngarden i bygd'n! Tala ikji ille um den garden! De trotta dei kji. Dei førsvara 'n, roste 'n, prøvde faa fram alt so kan faa 'n te ein gild gard!
Dei vøro paa arbei stødt. Bygde sleit dessa tvo jentudn ut o stelte dei uførskammele, eit følkemisbruk, so ein kan kalle heirsle. — O bittalinge va ynkele, over all gjærd, lite mjøl, æple, kødn o anna slikt.
O vet'n spønno dei fraa klukka 6 mørgo te 8 kveld, o endaa skulde dæ knabbast um dei tente 6 skilling (20 øre) på sin eigen køst! Køsfn ja! Gud bærre veit kost dæ va. Magre va dei no allti, men heldt se mæ go helse te dei vørto noko te års. Dæ dei allti bar se ille før, va at dei ikji hadde hus so dei aatte, um dæ so va bærre ei stakkars hytte. O «halde te» va dei trøytte tå, so rimele æ. I blant maatte dei «halde te», ei her o ei der, men øfto va dei i samen um eit lite værils o heldt se sjølve mæ ve, va i skoge o hogde o drogo i hop o fekk so ein te kjøre dæ um vet'n. Dei frøso nok dugele o svølto likeso.
Men syndagadn va dei paa Teigstole — kaamo stillandis, den eine daa o den are daa, dragne so tåa usyn-lige — dei maatte sjaa barneheimen sin, den fagraste dei visste.
So kaam den tie dei hadde vanskele før åa greie se mæ arbeie sitt. Folk vilde no at dei skulde faatt tåa kassun, o dæ hadde dei, men daa dei hørde dæ, daa gret dei so dei va piska. Nei, stri te siste stund o inkji trøngji! Va alle so no, vart lande spara før milliona. No æ dæ nok ikji den aand'n længer, skuld' e tru — dæ faa mø so tene nokolite svie før mæ fæle skatta!
Ja, dei va rett kji burtskjemde mæ fine vana, stakkara, ein krakk o lite uppaa se, so hadde dei nattelosji. Noko faae i øskun steikte æplo, so hadde dei mat! E trur dei hadde ein stakk i 15—20 år!
Snille va dei, allti venlige, blie o morosamme, kvad viso o hulla. Ho Marit va den mest lettliva tåa dei. So vart ho Kari værande paa Teigstole hjaa 'o Svein, o der dø ho. Ho Marit kom syø Haugadn te Erik, bror sino, o der dø ho.

E ynskjy: Fre over deiris grave o velsignelse umkring deiris minne. Men kem veit um dessa plikttrue, gamle jentudn ikji kaama framum manga grussa damo.
Dei liggji paa Lomis kjyrkjigarde baae tvo mæ krøssa so 'n Svein, broe, visst ha gjort. Gud kvile dikka sjæl!»

5. Eirik Haugo (f. 1816, d. 6/12 1903) g. m. Barbro Skatrud i Øystre Slidre. Dei budde i Haugo under Kvåle. Dei hadde desse fire borni:

1.Ingrid, g. m. Ola Haugo, 2 born.
2.Svein, f. 18/8 62, d. 1948. Han bygsla fyrst Haugo etter far sin og budde her ikr. 20 år. Ikr. 1920 kjøpte han Teigstol av Svein Gullikson og vart bonde der, g. m. Guri Dalen, 4 born: Sonen Ola, g. m. Ragndi Tune, har no Teigstol, l barn, Eirik, g. m. Lina Olsdtr. Kvåle, 3 born, Marit, g. m. Ola Tune, 3 born, og Knut, g. m. Betsy Hoel, Hokksund, 6 born.
3.Knut, g. m. Dorte Hausåker, 3 born.
4.Ola, gift i U. S. A., 2 born.

Eirik Haugo var omframt flink til å leggje skifersteinstak. Han tekte såleis Lærdals kyrkja, Tønjum kyrkja, Øystre Akers kyrkje o. fl. kyrkjor og andre tak i mengdevis. Sonen Svein var uvanleg flink skomakar. Så var han som faren taksteintekkjar. M. a. tekte han taket på Slidredomen — også tårnet — ikr. 1890.

Borni til Gullik og Sigrid Teigstol var:

1. Svein var g. m. Ingebjørg Larsdotter Stee og fekk garden. Dei hadde sonen Gullik. Svein bygde nytt sel, bu og fjøs på Ristestøle og nytt sel i Lien, heimstølen. I hans tid tok dei til med vekselbruk på garden. Svein var f. 25/3 1843, d. 21/5 1925.

2. Store-Ola var den nesteldste. Han var f. 20/8 1846 og dø 1904. Då han var 18 år, for han på lærarskulen i Land. Fyrste året budde han saman med O. K. Ødegaard, han som sidan vart lensmann i Vestre Slidre. Om livet her har lærar Ola K. Ødegaard skrive ei utgreiing som står i Tidsskrift for Valdres historielag IV band s. 120. Her var han to år og fekk ein svært god eksamen. So fekk han post i Luster frå 1866—76. Eit av desse åri var han huslærar hjå kjøpmann Helland m. fl. på Lærdalsøyri. So fekk han post i Hurum i Buskerud fylke. Med han var her, bar det til Asker seminar. Her fekk han i 1882 ein fin eksamen. I 1884 vart han amtskulemeister og var det i 14 år. So i 1899 vart han styrar på Akershus amtsskule. Med dette yrket dreiv han i 4 år til sjukdomen dreiv han til å slutte. Det var ein snikjande magekreft som tok livet hans. Teigstol meinte sjølv at han var komen på ei gal hylle i livet. Det var lækjar han hadde hatt hug til å vorte, men rådi rokk ikkje til å ta denne eksamen.
Ola Teigstol vart gift med Magda Helland, dotter til kjøpmann Helland på Lærdalsøyri. Dei fekk fyrst ei dotter Ellen, som dø då ho var 11 år. Ei onnor dotter, Magnhild, bur i Bergen.
Ola Teigstol var ein uvanleg dugande og samvitsfull skulemann, og han skulle ha vore ein meister til å fortelja. Med han låg sjuk, skreiv han ned «Minne frå barneåri». Sumt av det han skreiv, er teke med i denne artikkelen. Det rann og ei fin poetisk åre i Ola Teigstol. Diktet som no kjem om «Lomis-kyrkja» er prov for det:


Liti o brun so trygt ho står
mæ stupule attåt so tenar.
Klukkudn ring i snart tusen år,
o ingjin stan låte dei venar.


Krøssadn stytte, tå måla tre,
stå tette so trjøn i hallo,
lyse før dei so læsa Guds fre
o peike på dau'n før allo.


Der ligg 'n far o der ligg ho mor,
der liggi bror o syste.
Men kjyrkjegar'n æ inkji stor,
so grava dei upp att dei fyste.


Stig du inn, tak huva di tå!
Gå stilt på dei gamle plankol
Hugs på far din o mor di då,
dei sto der i sino tanko.


Der vart dei døyfte o vigde mæ,
o stilt dei Fadervår mulla.
Uttafør vegge lagdist dei ne
o attåt dei are se krulla.


Dei klukkudn gjeva slik underle
klang ner væle blir tung å bera.
Ner skrøtfen bli tung o tie lang,
hjå Gud æ dæ best å væra.


3. Erik Gullikson Teigstol var f. 6/8 1849. Han var sers kunstferdig og vart gullsmed og sylvsmed. Fyrst gjekk han i sylvsmedlære hjå Ivar Rengistad, far hans Jørgen. So var han hjå Nils Høve, sylvsmed og kunstferdig til noko av kvart. Sidan bar det til sylvsmed Tostrup i Christiania. Men han illtreivst der og for heim om eit halvt år. No sette han seg ned som gull- og sylvsmed ei tid i Vestre Slidre. Men so for han brått til Amerika. Her miste han snart helsa og kom heim og dø 15/7 1880, berre 31 år gamal. Ein evnerik kunstnar vart borte med han.

4.Ingrid var f. 9. september 1852. «Ho var klen attåt i uppvoksteren, men vart ei sterk o fin jente,» skriv Ola, bror hennar. Ein vinter var ho på Gjøvik og lærde skreddarsaum. So tente ho ein annan vinter hjå Ola, bror sin, som då var lærar i Luster. Der vart ho kjend med lærar Kristen Bremer frå Hafslo. So flytte ho med bror sin til Hurum i Buskerud og var der eitt år. Men so vart ho gift med Bremer, som då var vorten fyrstelærar på Lærdals-øyri. Dei fekk to døtrer, Sigrid og Kari. Men so dø ho i 1881 og vart gravlagd på den nye kyrkjegarden på Lærdalsøyri. Ei tid etter gifte mannen seg oppatt. a. Sigrid vart g. m. dyrlækjar Jonas Mossige i Sogndal i Sogn. b. Kari, g. m. David Hauge, Storhaugen 25, Bergen. Borni deira er: I. Dagfinn Hauge, generalsekretær i Norges Kr. Ungdomsforbund, no res. kap. i Vestre Aker. Han er elles mykje kjend for boki frå krigsåri, «Slik dør menn». II. Steinar Hauge, forretningsførar i Motorførernes Avholdsforbund. III. Ingard Teigstol Hauge, lektor i Asker. IV. Kjetil Bremer Hauge er tannlækjar i Larvik.

5.Sigrid (f. i Lome 6/12 1856) g. m. Torstein Øye. Dei kjøpte garden Sårrbu i Øye i Vang og tok namn etter denne garden. Dei var barnlause. Sigrid døydde 8/12 1947. Ho var ei kristelegsinna, flink kvinne.

6.Vesle-Ola var tvillingbror til Sigrid. Då han vart vaksen, for han til USA og busette seg i St. Paul i Minnesota. Der var han tømmermann og snikkar. Her vart han g. m. ei Hanna frå Sunnfjord. Dei fekk to gutar og ei gjente. I USA skreiv dei seg Theiston.


7.Marit (f. i Lome 30/5 1860, d. i Øye 12/2 1940) var ugift. Ho var eit svært arbeidsmenneske.

Alle ætlingane til Gullik og Sigrid Teigstol vart gjæve folk, som vart til ære for ætti og bygdi som hadde fostra dei.

/ Knut Hermundstad.