Kjeldearkiv:Rengjista´adn

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Artikkelen er henta frå "Valdresfolk" av O.K.Ødegaard gjeve ut i 1918. Forlagt av Erik Gunleikson, Risør.

Rengjista'adn

Jørn Rengjista´, kosst´n ser ut 83 aar gamal
av O.K.Ødegaard


De' e' saa faae sta'n ikringo garadn i Valdres no, at mann paa garo enn nokon taa heno følke ha nokar greie paa ætt'n seno længer tebakars enn te far o mor. — Men han gamle Jørn Rengjista', so no e' over dei 83 han har kji so reint lite o førtælja, endaa han no, so ventande e', tæk te o bli noko meir stytthuksin taa se, enn han før ha vøre. — Han bær likevel aldern sin gøtt o e' enno ein strak kar o sjaa te, o ner'n bli mint um eit o anna taa di, so ha hændt i ætt'n enn paa gare, so jamen syne de' se, at den stilfarande karn veit mykji. — Men so ha'n heldan kji lese se dum paa aviso, solein so mest alle no gjæra.

"E' de' kji so, at gamlekaradn paa Rengjista' hadde svarte kunstboke?" sporde e han Jørn her ein kvældn, me seto o smaasvalla um eit o anna. ;,Han Ola Thorsrud klukkarn paa Bang har ei svartebok, so'n seie ska væra komin tåa Rengjista' o fønne uppaa stogoløfte der." — nNei," seie'n Jørn, ,,de' e' kji sannt, at de' e' fønne nokor slek bok paa Rengjista. E' ei slek bok fønne nokor sta'n her i grændn, lyt de' væra paa Kvaale. De' va meininga han gamle Knut, tipp-oldefar min, — han so va komin taa Ørmesta, skulde ha faatt fatt i ei svartekunstbok ei sta'n utpaa bygdo. De' va løvt hono so sikkert, at han gjorde ivægen ein, dei kalla Andris Svenske, ette'n, o han Andris fekk boko me' se me'. Men paa heimattvæge kom han Andris te o gaa innum hjaa Svenese, o Svenes'n fekk narra boke taa hono, so 'n kom te Rengjista' me inkjinoko. Daa han Knut fekk høyre, ko so te hadde gange, vart han so sinna, at han jaga han Andris Svenske ut o banne paa, at'n alder skulde koma innum døre hjaa hono meir.

Hellist va de' kji fritt før anna, enn han Knut hadde lært lite or boken — o inkji so reint lite heldan — hjaa ,,Gamle Kalle" paa Bakko. Han hadde boke - o sjele den rette me' —, o han haddde hona innmura i kjældare paa Kvaalsbakko, so han de' bele aatte. Han Knut fekk nok eigaang ta i eine snippen taa boken o lære so mykji, at'n kunna løyse trøllskape o binde att de' trøllskape, so va lause; men boke fekk'n inkji. O de' e' vel snaut nok, at de' e' den rette boke, so Thorsru'n ha faatt fatt i, taadi ,,Gamle Kalln" va ræddar før boken, en at han let o ræka att ette se, daa han fløtte taa Kvaalsbakko.

Denne mann, so dei kalla „ Gamle Kalln paa Bakko" va nok komin tåa Heggji austa aasn ifraa, eitte Gøleik Olson Heggji ifraa de' fysste, o han va paa Kvaalsbakko te'n sælde dei i 1785. Kor de' vart taa hono sia, veit e kji so plent.

Men han hadde boke o kunna bruke hona me'. — N'e paa nerre Kvaale vart de' ein haust gaaand ute ein stor ukkse noko førlængji, o daa dei endele skulde ha'n inn paa baasn hadde'n vørte ølm o galin, so de' fannst kji raa o faa'n inn me' mannehjølp. Dei laut daa upp paa Bakkadn ette gamle Kalle. Han kom og o saag berre burtpaa dit, so ukksin va, o ba dei sæta upp fjøsdøre. O daa kom ukksin gaaand role o fint o gjekk inn paa baasn sin i fjøse. Men so pytte dei kji att døre noko viare, o ukksin sleit se laus o braut se ut o vart endaa villare enn før o vetskræmde mest heile Kvaalsgrænde.

Kalln laut kome att, o ukksin laut inn att. Men daa sa „Gamle Kalln", at dei skulde slaa ukksin i hæl me' di sama, flaa taa o skjinne o grava skrøttn ne', taadi at no va de' gjort so mykji ve'n, at kjøte inkji va ætand før følk.

Ja de va taa desse „Gamle Kalle" han Knut hadde lært lite. — Denne Knut'n Rengjista' (Sjaa gamal tru o gamal skjikk" i Valdres s. 41.) va komin taa Ørmesta' o son hass Per Ørmesta'. Me' følke paa Ørmesta' va de' de' bele noko smaatt, o han gamle Haldor Rengjista', so va ein taa rikaste menno i bygdn o hadde berre tvo døtta o ingjin son, likte kji, at han Knut gjekk o dro se ette ællste gjentun hass hona Gro, so garn skulde ha. — De' laut anna te kar enn ein slek ein, so han Knut daa va, skulde han bjøe se fram so værson aat Rengjista'e. De' va difør inkji lite um o gjæra for hono Knut o kunne syne se fram so nokolite te kar.

Sjele i skifte imyljo Ørmesta' o Kvaale va de' ein stor haug, so de' gjekk de' or'e um, at de' va gravhugen aat ein gamal rikjing, o upp paa hauge va de' ei stor bjørk o unde dei bjørken skulde de' staa eit stort pæingskrin. Før o faa fatt i de', laut bjørke haaggast ne', o de' va mange so hadde freista de'; men de' va ingjin so hadde faat fre' te di. Ner de' va nokon so hadde take te o skøra paa bjørke, so kom de' so mykji trøllskap o fa'nskap ikringo dei, at dei va sæle, dei helt upp. O haugen vart liggjand o bjørke vart standande o pæingskrine vart inkji rørt taa nokon.

So va de' ein torsdagskvæld han Knut Ørmesta' hadde gjort se sjele te govens me' „Gamle Kalle" paa Bakko, o so bar de' burtpaa haugen me' baae karo, o daa va de' kji længji, før bjørke laut ne' o pæingskrine upp. Dagen ette gjekk han Knut norover Rengjista' markidn me' skrine unde arme. — Dei høya nor-nea før huso følke paa Rengjista', o hona Gro va me' o raka. Daa han Haldor saag'n Knut kom gaaande, gjorde han hona Gro innatt te o koke graut te dugurs, endaa de va i tilaste lage. Han vilde kji at han Knut o hona Gro skulde faa koma nemme ner in'an.

Hona Gro gjekk o han Knut kom o helsa uti vere te hono Haldor o heno høyefølke. O ette de' va tala lite um høyvere o noko taa kort, so grannadn gjæra, ner dei raakast o summarn, so kom han Knut smettand me' skrine si o ga hono Haldor o ba, um han vilde væra so snil o bæra de' inn te henne Gro. O so gjekk 'n sin væg. — Han Haldor kunne kji anna før skams skuld enn ta imot skrine, o daa han kjende de' va nokolite tungt, so bar 'n de' me' se innatt o sætte de' paa bore, o der vart de' daa øfna. — Ovapaa i skrine va de' tvo fine sylkjipløgg o hellist va de' fullt me' sylvpæing. —

Daa han Knut engon dagen so sia kom te gars paa Ren gjista', va de' han gamle Haldor sjøl, so ba 'n inn. — Ja han Knut fekk daa ho Gro o vart mann paa Rengjista', o de' va de' vessle han hadde lært taa „ Gamle Kalle paa Bakko", so gjorde at 'n fekk de' or'e paa se, at 'n hadde svartekunstboke o at de' sia ha vøre mang-ein i bygdn so ha meint, at Rengjista'adn ha kunna lite meir enn anna følk. — Hellist va nok denne Knut 'n inkji so reint undele, ette so me kunne sjaa taa di, so han o han gamle Einar Røe hadde me' in'an o gjæra. ( Sjaa gamal tru o gamal skjikk" i Valdres s. 41)

Men de' va kji før di — ko mykji pæing han Knut hadde me' se paa garn te henne Gro, so kunna kji han Haldor gløyme taa, at 'n va berre taa Ørmesta'. O daa dei skulde ha ællste son hass te kristnan o gje hono namn, so skulde kji gutebaadne kallast uppatt ette hono Per Ørmesta', noko so fall te, ette so skjikk o bruk va o e' i bygdn. De' Per-namne skulde kji bli hangang ve' Rengjista'. Men daa gjekk de' kji sjele an o kalle 'n Haldor helder, o so vart de' Ivar ette far hass. De'vart den are son, so kom te eite Per o planta Per namne paa Einang, o den trea vart daa Haldor o fekk de' namne te Vikhaga. —

Daa han Ivar Knutsen i 1773 gjifte se me' henne Marit, døtte hass Knut Vik, laut de' bli endaaa noko gjildare. Daa skulde ællste guttn kallast uppatt ette gofar henne Marit, so va prestn Jørgen Greel i Vang, — han so Vangsgjeldiangdn kalla Græln. Solein kom Jørn-namne te Rengjista' o ha halde se der ratt te no, o de' ska ei sers oheppe te, ska kji eigaradn te Rengjista' eite anti Jør'n enn Ivar.

Han Knut Rengjista, daa vart kalla, va ein dugele o hendi g kar, o va lite baade taa ein sylvsme' o ein spelemann. Baae desse haandværke ha okso sia halde se paa gare. Men um kji ein ha vøre baade de' eine o are so ha daa ein vøre anti de' eine enn de' are. — Hona Gro døyde ette hona o 'n Knut hadde faatt mange bødn isamen. O han Knut gjifte se att me' eine tenestgjentun si, ei so eitte Ranei o va austate or Ukkshøvd. Han Knut hadde daa tvo tenistgjento, o daa han syntest at han likeso gøtt kunna gjifte se me' ei taa dei so o renne aresta'n ette ei kjæring, so vart 'n førlikt me' dei um, at dei skulde dragast, o at den so vann skulde bli gjift me' hono. — Gjentudn drogast paa karavis, o hona Ranei vann. Men hona Ranei vart eit likeso stort trøll te kjæring so ho hadde vøre glup te tenistgjente, o han Knut fekk de' kji før gøtt paa sene gamle dage. Han Knut o hona Ranei fekk fem bødn; men taa dei skulde de' berre vøre den eine gutn, ein so dei kalla Haakun, so høyrde hono Knut te."

Son hass Knut, han Jørn, so fekk garn vart ein rik o dugele mann o baade spelemann og sylvsme'. Han lærde baade de' eine o are taa di hjaa gamle Røyna o taa hono hadde 'n, meinte følke, okso lært noko are kunste, um 'n kji hadde lært dei taa far seno. — De' e' enno att i bygdn taa sylvsme'arbeie ette hono gamle Jørn Rengjista'. Son hass — han gamle Ivar Rengjista' va okso sylvsme, men inkji spelemann. De' va are son, han Knut Røn, vart sia, so va meister paa felun. — O han gamle Jørn no e', o han so ha førtæl dette,- ha okso kunna brukt sylvsme'-reiskapen ette far si.

"Men de' e' rart, kosst bygderadde kan ha halde se læn gji," seie han Jørn. ,,Kom kji her ein dag her trasst eitaare han gamle Gudbrand Mekjelson i Beito o ba me ut o norum staldsvæggen o tok upp lummeflæska si o ba um, e vilde seia hono, kæm so hadde støle aav nete hass austi Øyange o haustn. — E laut nok smaka paa de', so va paa flæskun, men so sa e berre, at hadde ha'n far levt, so kanskji de' kunna vørte ei raa me' di."

— O so log 'n Jørn, so 'n dilla alle igjøno.

Av O.K. Ødegaard