Lærdalsøyri

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nokre av dei gamle bygningane i Lærdalsøyri.
Foto: Elin Olsen (2013)

Lærdalsøyri er ein tettstad og administrasjonssenter i Lærdal kommune i Sogn. Staden ligg ved botnen av Lærdalsfjorden, der Lærdalselvi renn ut i fjorden. Han var opphavleg ein marknadsplass for handel mellom fjellbygdene på Austlandet og sjøbygdene på Vestlandet. Det er omkring 1150 innbyggjarar i tettstaden (2012).

Eit bygningsmiljø frå 1700- og 1800-talet er bevart i tettstaden. Heile 161 bygningar ligg i verneområdet Gamle Lærdalsøyri, og to av dei er freda.

Motiv frå Lærdalsøyri.
Foto: Ukjend/Nasjonalbiblioteket

Det var i 1830- og 1840-åra planer om å gje Lærdalsøyri status som ladestad, og i 1842 vedtok Regjeringa å gje slik status til Lærdalsøyri, Haugesund og Namsos. Dette vart avvist i Odelstinget, så ingen av dei tre stadene vart ladestader. Dei to sistnemnde stadene fekk status som ladestader noko seinare, men Lærdalsøyri fekk det aldri. Det finst ei skildring av Lærdalsøyri sett utenfrå nett frå denne tida. Briten William Henry Breton var innom staden på sin reise i Sør-Noreg i 1834, og seier at Lærdalsøyri er «en samling usle hytter, men kan kalles en landsby. Den ligger innerst i en gren av Sognefjorden og er et skittent sted med en luft som på en varm dag er enda vemmeligere enn i en afrikansk landsby»[1]. Men om sjølve bygda ikkje fall i smak, var han imponert over naturen rundt Lærdalsøyri. Han klatra opp på et fjell i nærleiken, og seier at «utsynet var unektelig storartet.»[2].

Turisme og handel er dei viktigaste næringsvegane i Lærdalsøyri. Ein finn også nokre mindre industriforetak. Lærdal er ein av kommunane som ligg innafor verdsarvområdet «Vestnorsk fjordlandskap», og Lærdalsøyri er ein av dei viktigaste turiststadene i kommunen. Noko anna som trekk turistar er lakse- og sjøørrefisket i Lærdalselvi, som har vore populært sidan engelske turistar byrja å fiske der i 1850-åra. Norsk villakssenter held til i Lærdalsøyri.

Tidlegare var ferjetrafikken frå Lærdalsøyri til Kaupanger, Frønningen og Gudvangen viktig for kommunikasjonen i området, men etter at Lærdalstunnelen opna i 2000 er det ikkje lenger så mykje trafikk på desse strekningane.

Natt til søndag 20. januar 2014 vart tettstaden ramma av ein katastrofal brann, der 42 hus vart totalskadd. Av desse var 17 bolighus. Ein av bygningane var det freda bakeriet Synneva Eris hus frå 1840-åra. Det var også mange hus som fekk brann-, røyk- og vannskader. Ein må attende til storbrannen i Hemnes i 1923 for å finne ein brann i Noreg der fleire hus gjekk tapt.

Galleri

Referanser

  1. Breton 1835, s. 85.
  2. Breton 1835, s. 85.

Kjelder

Koordinater: 61.10004° N 7.47361° Ø