Marit Myhre

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

Marit Myhre (fødd 21. mars 1909 i Vestre Slidre, død 28. januar 1989Lillehammer) var ein småbrukar og forfattar frå Vestre Slidre.

Slekt og familie

Ho var dotter av Gullik Olsen Berge (f. 1878) og Ragnhild Knutsdotter (f. 1878), og syster til forfattar Knut Hauge (1911–1999).

Ho vart i 1936 gift med Olav Myhre.

Liv og virke

Ho vaks opp på garden Hauge i Vestre Slidre. Ho og veslebroren Knut vart tidlleg interessert i litteratur, og ho var og interessert i musikk og lærte å spele orgel i ung alder.

I ungdomsåra reiste ho til Oslo der ho hadde ein huspost. Ho kom så attende til Slidre og gifta seg der. Saman med ektemannen bygde ho opp eit småbruk der. Diktinga var noko ho dreiv med på si. Ho hadde ein del dikt på prent i Årbok for Valdres og Jul i Valdres. Fyrst i 1976, då ho var 67 år gamal, vart den fyrste diktsamlinga hennar utgjeven. Den andre kom i 1979. Manga av dikta tar for seg barne- og ungdomsåra, og i den andre samlinga tok ho òg for seg livshausten. Ho fann ofte inspirasjon i naturen i Slidre, og særleg i blomar.

Bibliografi

  • Kvardagen er min ven, Dreyer 1976. (Dikt)
  • Kveldland, Dreyer 1979. (Dikt)

Litteratur og kjelder


05 Oppland vapen.png Marit Myhre er basert på en artikkel fra Forfatternett Oppland, en nettside som drives av Oppland fylkesbibliotek. Artikkelen er lagt ut under lisensen cc-by-sa. Lokalhistoriewikis brukere kan fritt redigere og utvide artikkelen.
Flere artikler finnes i denne alfabetiske oversikten.