| Smakebitar fra artiklar
|
Framskåp laga av Skjåk-Ola, frå slutten av 1700-talet. Skåpet var opphavleg frå Nigard Lund i Skjåk. Det er nå på Kunstindustrimuseet i Oslo. Foto: Ukjent
Skjåk-Ola, eller Ola Rasmussen Skjåk, (fødd 1744 i Skjåk og død same stad 1803) var snikkar og treskjerar. Han er særleg kjend for stoveinnreiingar med store stuguskåp (framskåp) og anna fast inventar med rik akantusornamentikk. Ei rekkje av arbeida hans er bevarte, og framskåp frå hans hand har i vår tid vore takserte for millionbeløp på antikvitetsmarknaden. Ola Rasmussen er også kjend under namnet Teigroen, etter ein av bustadene han hadde. Han levde ugift livet ut.
Skjåk-Ola vart ein tonegjevande utøvar av ein meir prangande interiørstil og ein ny byggjeskikk som fekk gjennomslag i heimbygda hans nettopp i andre halvparten av 1700-talet. Det var ein del av det som har vorte kalla eit kulturskifte i Gudbrandsdalen 1750-1850. Som mange andre stader i landet var dette ei tid med aukande velstand blant gardbrukarane. I Skjåk hadde det samanheng med inntekter av tømmerdrift, og særleg frå ein aukande eksport av byggkorn til kornfattige bygder og til verkssamfunn som Røros, Folldalen og Lesja. Les mer …
Garden Nedre Brekk i Skjåk. Her var Sylfest og hans åtte sysken fødde og oppvaksne. Biletet er udatert, men må vere teke seinast 1957.
Sylfest (Sølfest, Sylvester) Bræck (fødd i Skjåk 10. juni 1842, død i Oslo 9. september 1931) var lærar, pianostemmar, instrumentmakar og forretningsmann. Les mer …
Frå møte i Den skandinaviske tannlegeforening 1886. Alle dei fire tannlegesyskena Bræck og Bræck Aurlie er med her. Lina sitjande som nr. 3 frå venstre. Ståande: Syver nr. 3 frå venstre, Gudbrand Julius nr. 6, Hans nr. 9. For komplett namneliste: Klikk på biletet og vidare til kjelda. Foto: Ukjent.
Lina Breck (fødd i Skjåk 5. april 1858, død i Oslo 14. desember 1948) var tannlege. Lengste praksisen sin hadde ho i Drammen. Ho var ein pioner som kvinneleg utøvar av dette yrket, som framleis var nokså nytt i landet som offentleg autorisert profesjon. Da Breck tok tannlegeeksamen i 1883, var ho den fjerde kvinna i Noreg som hadde gjort det. Hennar val av yrke er ikkje minst slåande med tanke på at ho var ei jente frå ein vanleg bondefamilie i ei noko avsidesliggjande fjellbygd. Lina var forresten ikkje den einaste i syskenflokken som etter tid og omstende gjorde utradisjonelle livsval. Ikkje mindre enn tre av brørne var som henne tannlegar. Les mer …
Christi Brandser Foto: Ukjent/Skjåk historielag.
Christi Brandser (fødd 1861 i Skjåk, død 1931 i Heidal i nåverande Sel kommune) var lærar og gardbrukar. Han var også ein ivrig amatørfotograf, og dessutan kjend som oppfinnar. Førenamnet er stundom skrive Christie, Kristie og somme stader mistydd som Kristen.Han var fødd og oppvaksen på garden Nørdre Brandsar i Skjåk. Foreldra var gardbrukarparet Kristen Hansen på Brandsar (1830-1865) og Margrete Erlandsdotter frå Sygard Kvåle (1827-1907). Les mer …
Utsyn over ein del av Skjåk hovudsokn. Grendene Skjåkstronda (med Skjåk kyrkje) og Bersustronda på hitsida (sørsida) av Ottaelva, Aura (tverrelv frå Aursjoen) og grendene Reppen og Ramstadstronda på andre sida.
Geografien og ressursgrunnlaget i Skjåk har gjort at næringslivet heilt opp mot våre dagar i all hovudsak har vore jord- og skogbruksbasert. Dei store utmarksområda og høgfjellsstrekningane innan kommunen har vore utnytta som ein integrert del av gardsdrifta, og i nyare tid også til reiseliv, ferie- og fritidssyslar. Vassdraga har frå 1920-åra av vore utnytta til kraftproduksjon, seinast med utbygging av Øvre Otta på 2000-talet. Næringslivet er i dag etter måten differensiert, med eit ikkje ubetydeleg innslag av industri i bygdesenteret Bismo. Les mer …
Bruheim med portrett av seg sjølv, måla av Knut Ljøsne da Bruheim var lærar i Skogbygda i Vågå 1957-1958. Fotografiet er teke i 1987 i heimen til Bruheim i Lundagrenda i Skjåk.
Jan-Magnus Bruheim (fødd i Skjåk 15. februar 1914, død same stad 10. august 1988) var forfattar, fyrst og fremst lyrikar, men også med innslag av prosa i sin litterære produksjon. Han gav ut 20 diktsamlingar, og er også kjend for ei rekkje barnebøker med dikt, rim og regler og forteljingar på vers. Bruheim var ein populær opplesar, i Kringkastinga ( Ønskediktet), i skular og foreiningar mange stader i landet. Bruheim verka også som folkeskulelærar i ein periode. Han var samfunnsengasjert, i ungdomen med sterke antisosialistiske og antinazistiske haldningar, etter krigen mellom anna i freds- og antiatomvåpenarbeid og i motstand mot skulesentraliseringa. Men engasjementet gjorde seg sjeldan eller aldri gjeldande som agitasjon eller tendens i lyrikken hans. Les mer …
|
|
|
| Sjå òg
|
|
|
|
|
| Kategoriar for Skjåk kommune
|
|
|
|
|
| Andre artiklar
|
|
|
|
|
|