Per Vigstad

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Per Vigstad, truleg ved hytta til A.I. Odden i Skjåk. Fotograf ukjent.
Per Vigstad (fødd i Skjåk 9. oktober 1867, død i Oslo 6. januar 1959) var skulemann, jurist og embetsmann. Han var tilsett i Kyrkje- og undervisningsdepartementet frå 1902 til han vart pensjonist i 1938. Som ekspedisjonssjef ved departementets avdeling for folkeskulevesenet frå 1919 stod han sentralt i arbeidet med å realisere einskapsskulen.

Vigstad var oppvaksen i yttarste fattigdom. Som elleveåring flytta han heimefrå for å vere gjetargut på Vestlandet. Såleis visste han godt frå eiga livserfaring kor viktig det var å skape utvegar til fullverdig utdanning for alle og einkvar med evner og vilje til det.

Familie og oppvekst

Ekspedisjonssjef Per Vigstad på slutten av 1930-talet. Frå Byhistorisk samling, Oslo museum. Fotograf ukjent.

Foreldra var Anne Persdotter frå Larskvea under Nord i Lund i Skjåk (1830-1927) og Sylfest Syversen frå Blikka under Bakke i same bygda (1830-1887). Per var den femte av i alt sju sysken (eit av borna døydde som spebarn). Dei tre fyrste var fødde før foreldra gifta seg. Da den fjerde vart døypt 23. juni 1861, var foreldra nyleg blitt gift og budde på plassen Kvernroa under Holmork.

Foreldra var plassfolk fleire stader i Skjåk før dei slo seg til på den nå forsvunne plassen Glåmbakken under Vigstad. Dit er dei komne innan folketeljinga i 1875.[1] I 1865 held dei til på plassen «Fladmoe», som også låg under Vigstad.[2]

På plassen kunne dei i følgje folketeljingane 1865 og 1875 fø ei ku og ein gris og dyrke litt korn og poteter. Faren dreiv elles som garvar og murar. Mora spann og vov for folk, men var særleg kjend som gjetar. Kvar sommar over mange, mange år låg ho i fjellet med store «gjetler» (husdyrflokkar under gjeting) av sau, stundom flokkar på over 1000 dyr. Ho hadde alltid ein av gutungane sine med seg, etter kvart som dei kom i høveleg alder. Det galdt også Per, inntil han som elleveåring tok på seg gjeting på Sunnmøre, på garden Linge i Valldal.

Per Vigstad gifta seg i 1912 med Sally Louise Glad. Ho hadde ei dotter, Ingeborg, som Vigstad adopterte. Per og Sally Vigstad hadde ikkje born saman. I seinare år budde familien på Bestum i Oslo. Han vart gravlagd på Ullern kirkegård, men grava er sletta.

Utdanning og lærargjerning

Folka på Linge hjelpte den gløgge gjetarguten til å kome på amtsskulen på Sunnmøre, noko som vart starten på ei utdannings- og yrkeskarriere som få med hans bakgrunn fekk maken til. I 1885 vart han oppteken ved Tromsø seminar, og var ferdig utdanna lærar i 1887. Han nytta seg av ordninga med fri undervisning ved seminaret mot å lære samisk og ta pliktteneste som lærar i fem år i språkblanda distrikt. Han verka som lærar i Finnmark, Troms og Nordland i til saman 10 år. Mellom anna var han i Lyngen (Kåfjord) og Tysfjord.

I Lyngen fekk han privatundervisning i tysk og latin av presten Hornemann. Han fekk hospitere ved den høgre skulen i Bodø i tre månader og tok mellomskuleeksamen.

Vigstad tok så latinartium i Kristiania i 1895 og anneneksamen ved universitetet i 1897. Fagstudiet, juss, gjennomførte han med embetseksamen i 1901.[3]

Skulebyråkrat

Enhetsskolekomiteen 1911-1915. P. Vigstad nummer fire frå venstre. Fotograf ukjent.
Skoledirektørrådet 1911. P. Vigstad i bakre rekkje, nummer to frå venstre. Fotograf ukjent.
Rett etter embetseksamen fekk Vigstad tilsetjing som sekretær i undervisningsavdelinga i Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Han arbeidde så med skulespørsmål i departementet i resten av si yrkeskarriere, heilt til han fekk avskil i nåde i 1938. Den viktigaste saka han arbeidde med i heile karrieren, var spørsmålet om einskapsskulen.

Den fyrste store oppgåva han vart pålagd i samband med dette, var å vere sekretær for den departementsoppnemnde Einskapsskulekomiteen av 1911. Komiteen vart nedsett etter framlegg frå Stortinget «om nedsettelse av en komite til utredning av spørsmaalet om en nærmere tilknytning mellom folkeskolen og den høiere almenskole.» Komiteen avgav innstilling 14. mai 1913 med avsluttande merknader etter høyringsrunder 21. mai 1915.[4] På denne tida representerte Vigstad også departementet i Skuledirektørrådet.[5]

Frå 1914 var han byråsjef for det nyskipa 3. skulekontor (folkeskulekontoret). I 1919 vart det så oppretta ei eiga avdeling for folkeskulevesenet i departementet.[6] Pådrivaren i stortingsvedtaket om dette var Johan Gjøstein. Han er elles kjend som mannen bak Stortingets einskapsskulevedtak året etter. Vedtaket gjekk ut på å nekte statsstøtte til mellomskular som ikkje bygde på avslutta sjuårig folkeskule. Til ekspedisjonssjef for den nye departementsavdelinga vart Per Vigstad utnemnd. Frå 1927 var han også sjef for for undervisningsavdelinga.

Vigstad kunne i si embetstid følgje prosessen fram mot einskapsskulen til og med lov om den høgare allmennskulen 1935 og folkeskulelovene av 1936. Og han var altså sjølv ein sentral aktør i prosessen. Han var embetsmann, ikkje politikar, men etter alt å dømme var han sterkt personleg oppteken av nettopp desse sakene. Eit vitnemål om det finn vi i Aftenpostens 70-årsomtale av Vigstad:

«Vi vil ikke legge skjul på at vi ingenlunde har været enig i den skolepolitiske linje som har været fulgt i de år hr. Vigstad har været ekspedisjonschef og som han selv har været en varm forkjemper for[7] (Utheva her.)

Omtalen er elles svært anerkjennande kva gjeld Vigstads dugleik og arbeidskraft, og avisa takkar han for «elskverdighet og imøtekommenhet ved alle anledninger».

Vigstads gode ven i Skjåk, Amund I. Odden, fortel ein anekdote som også kan illustrere tilhøvet mellom byråkraten og politisk leiing. Odden jamfører Vigstad med Vinje:

«Gjætarguten, læraren og juristen Aasmund Olavson Vinje fekk og fotfeste i departementet i si tid (kopist i Benådningskontoret). Men stakkars Vinje! Han fekk snart dei styrande "åndelege husmenn" imot seg, og dei greidde å drive han "ut or riksens store fehus" vonoms snøggare. Det spøkte nok for han Per au ein gong. I alle fall så spøkte han ikkje mindre med det sjøl ut gjennom åra. Jau, det var ein kyrkjestatsråd (ein prest) som vart så forhakkande sint på han at han rett og slett kravde at han skulle på dør. Dette gjekk no ikkje. Elles kom han no godt ut av det med dei fleste statsrådane han arbeidde under.»[8]

Historia om konflikten mellom Vigstad og kyrkjeministeren har Odden openbert høyrt fortalt av Vigstad sjølv, som var kjend for sitt gode humør og for slagferdig tale. Men det er ikkje gjort nærare greie for kva saka galdt, eller kven ministeren var. Vigstad tente i departementet under 23 statsrådar, og ein stor del av dei var teologar.

Andre offentlege oppgåver

Vigstad var departementets medlem i styret for Norsk rikskringkasting. Han var leiar i komiteen for programordninga i Kringkastinga, som var oppnemnd etter ønskje frå Stortingets post- og telegrafkomite hausten 1930.[9] Av andre verv kan nemnast: Medlem i styret for Nationaltheatret (departementsoppnemnd),[10] i styret for Landsrådet for edruelighetsundervisning.[11] i styret for Norsk folkemuseum og Framkomiteen.[12]

Kjelder og litteratur

  • Dokka, Hans-Jørgen: En skole gjennom 250 år. Den norske allmueskole - folkeskole - grunnskole 1739-1989. NKS-Forlaget.
  • Per Vigstad i Historisk befolkningsregister.
  • Fladmoe i folketelling 1865 for Skjåk prestegjeld fra Digitalarkivet
  • Peder Sølfestsen i folketelling 1875 for Skjåk prestegjeld fra Digitalarkivet
  • Peder Vigstad i folketelling 1900 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet
  • Per Vigstad i folketelling 1910 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet
  • Haffner, Vilhelm: Innstillinger og betenkninger fra kongelige og parlamentariske kommisjoner, departementale konmiteer m.m. 1814-1924. Oslo 1925.
  • Leigland, Inggjald: «Ein god mann for den nordnorske skulen fyller 80 år», i avisa Tromsø 8.10.1947.
  • Odden, Amund: «Per Vigstad. Nokre minneord om ein god ven og gamal skjåkvér», i ''Årbok for Gudbrandsdalen'' 1959.
  • Randen, Lars Ivar: «Av godtfolk vera fødd», i Kvelds-seto - Gåmålt frå Skjåk. Skjåk Historielag 2004.
  • Studentene fra 1895. Jubileumsbøker ved 25-årsjubileet (Kristiania 1920) og 50-årsjubileet , Oslo 1949.
  • Tønnesson, Kåre D.: Sentraladministrasjonens historie. Bind 4 1914-1940. Universitetsforlaget, Oslo 1979.
  • Ættebok for Skjåk I, Skjåk Historielag, 1946, side 214 spalte 2.
  • Gravferdsetaten i Oslo om Vigstads grav. Graven er sletta.

Referansar

  1. Peder Sølfestsen i folketelling 1875 for Skjåk prestegjeld fra Digitalarkivet
  2. Fladmoe i folketelling 1865 for Skjåk prestegjeld fra Digitalarkivet]
  3. I studietida budde han i Pilestredet 63, sjå Peder Vigstad i folketelling 1900 for Kristiania kjøpstad fra Digitalarkivet.
  4. Haffner nr. 1073 (side 598)
  5. Dokka, H.-J. 1989:91 (foto).
  6. Tønnesson, K. 1979:43-44.
  7. Aftenposten 9.10.1937
  8. Odden, A. 1959:133.
  9. Aftenposten 24.10.1930
  10. Studentene fra 1895 ved 50-årsjubileet
  11. Aftenposten 1.9.1938,
  12. Odden, A. 1959:134