Lund (Skjåk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Lund
Skjaak Lundagrenda 2.jpg
Næraste garden (til høgre) er Nord i Lund, nedanfor (til venstre) ser vi Nedre Lund («Ne're»)og Eide, bortover mot Tøfte og Nigard Lund og til bureisingsbruk og villaer som Nordbu, Lunde o.fl. Heilt i bakgrunnen skimtar vi grenda Reppen, med Loms-Horrungen tronande over.
Alt. navn: Lundagrenda
Først nevnt: 1574 (Oslo og Hamar stiftsjordebok)
Rydda: Jernalderen?
Sokn: Skjåk
Kommune: Skjåk
Fylke: Oppland
Gnr.: 25, 26, 27, 28 pluss nokre bnr. under gnr. 61 og 30-33
Type: Namnegard, grend
Ofossen mølle, desmber 2010. Den furukledde høgda rett bak blir kalla Lundahaugen. Bak skimtast Tverrflellet til høgre og Lendfjellet opp mot Lomsegga til venstre, på kvar si side av Lundadalen.
Foto: Hans P. Hosar

Lund er ei grend og ein namnegard i Skjåk, ofte omtala som Lundagrenda, og gjerne nemnd under eitt med nabogrenda i aust som «Lund og Dalane». Lund er den vestlegaste grenda i Skjåk sokn på baksida (sørsida av hovuddalføret), rett overfor kommunesenteret Bismo på andre sida av Ottaelva. Grenda ligg ved foten av Tverrfjellet og er avgrensa i aust av tverrelva Skjøle, og i vest av åa Søre Juva, som også dannar soknegrensa mot Nordberg (Teigomsgrenda).

Grunneigedomane i grenda er inkluderte i gardsnummera 25, 26, 27 og 28 med «eigedomshistorisk tilfeldige» innslag av bruksnummer under gardsnummera 61 (Nordgard Ramstad) og 30-33 (dei fire Forbergs-gardane). Busetjinga i Lund går sannsynlegvis attende til førhistorisk tid, men med eit lengre avbrot i øydetida etter Svartedauden. Den eldste historia ligg rett nok mykje i mørker. Det eldste skriftlege kjeldebelegget er frå 1574.

Den gamle Ofossen mølle, kjend for produksjon av Skjåk-mjølet i vår tid, tilhøyrer denne grenda. Elles er jordbruket så å seie einaste næringsverksemda som blir drive i Lund. Lyrikaren Jan-Magnus Bruheim var fødd og oppvaksen i Lundagrenda, og han budde der i det meste av levetida si.


Landskapet

Området utgjer ei landtunge mellom Ottaelva, som renn gjennom hovuddalføret, og Skjøle, som kjem frå skog- og seterdalen Lundadalen. Den sentrale delen av Lund er dominert av eit ope jordbrukslandskap med fire litt større, gode gardar (Eide, Nord, Tøfte og Nigard Lund), omkransa av ei rad mindre gardsbruk og einebustader. Småbruka er dels tidleg utskilde sjølveigarbruk, dels tidlegare husmannsplassar og dertil nokre nyare bureisingsbruk.

I møtet mellom Ottaelva og Skjøla er landskapet prega av furumoar, og ved munningen av Lundadalen ligg store, skogkledde grus- og sandformasjonar, danna av bre- og elveavsetningar. Dette har danna grunnlag for eit stort sandtak. Ein god del av småbruka og bustadtomtene er rydda i desse utmarksstrekningane og i skogterrenget ved foten av Tverrfjellet vestover i grenda.

Namnegarden og matrikkelgardane

Dei fire gardane som låg i grenda fram til byrjinga av 1800-talet, er alle nemnde berre som «Lund» i skattematriklar og andre skriftlege kjelder. Det indikerer at Lund frå fyrst av utgjorde ei bustad- og driftseining, og som sidan har blitt oppdelt i dei fire matrikkelgardane som i dag har gardsnummera 25-28. Seinast frå og med matrikkelen 1838 har desse fire einingane fått eigne namn: Eide, Tøfte søndre, Tøfte nordre og Lund nordre. I denne matrikkelen og tidlegare hadde dei nummera 93-96 (løpenummer 183-189). Tre av dei fire gardane var i 1838 delte i to bruk med kvar sine løpenummer slik:

93 Eide

Lnr. 183 Eide. Brukar: Sylfest Olsen. (Nåverande gnr. 25/1 Eide)
Lnr. 184 Lund nedre. Brukar: Ole Iversen. (Nåverande gnr. 25.4 Nigard Lund)


94 Tøfte søndre

Lnr. 185 Tøfte søndre. Brukar Ole Rolfsens enke. (Nåverande gnr. 26/1 Søre Tøfte, kalla Myra eller Systun-Myra, som ikkje lenger eksisterer som sjølvstendig bruk)


95 Tøfte nordre

Lnr. 186 Tøfte nordre. Brukar: Isak Pedersen. (Nåverande gnr. 27/1 Tøfte)
Lnr. 187 Nord. Brukar: Sevald Sevaldsen. (Nåverande gnr. 27/2 Nord, som i dag også omfattar gnr. 28/1)


96 Lund nordre

Lnr. 188 Lund nordre. Brukar: Guttorm Arnesen. (Seinare kalla Øvre, inngått i nåverande Nord)
Lnr. 189 Utan namn, brukar eller eiga skyld i 1838 (sidan delt på Lund nordre (Øvre) og Horten)

Opphavshistoria

Lund er fyrste gong nemnd i skriftlege kjelder i 1574, da ein part i garden er opplista i registeret over jord som tilhøyrde Vågåkyrkja. Tidspunktet og det kyrkjelege eigedomstilhøvet er klåre indikasjonar på at historia til garden skriv seg frå katolsk tid, og i så fall også frå før Svartedauden 1350, da det er usannsynleg med nyrydding der i øydetida. I bygdeboka er det gjete på at det har lege ei jordbruksbusetjing på staden frå jernalderen av. Namnet kan godt vere så gammalt, og ressurstilgangen i området, både for jordbruk og på den måten at det ligg strategisk til for rein- og elgfangst, gjer det rimeleg at Lund er fell i aldersklasse med Bøje, Skjåk og nokre andre stader som i bygdeboka blir utpeikte som dei eldste faste jordbruksbusetjingane i Skjåk.

1500-1800

Seinast frå 1660-åra av hadde alle dei fire Lund-gardane seter i Lundadalen. Her frå den fremste Lundadalssetra. Elva er Skjøle.
Foto: Hans P. Hosar 2011.

Grenda vart gjenrydda i åra kring 1600. I den fyrste skattelista vi finn Lund nemnt, bygningsskatten 1604, er det to bruk i skatteklassen øydegardar der. Dei to gardbrukarane får vi namna på to år etter: Ågot og Endre. Ågot var moglegvis enkje. Iallfall var ho gardbrukar i eigen rett, og figurerer i listene i tidsrommet 1604-1629. Endre kjenner vi etter måten godt til. Han hadde ein son, Syver, som fekk ei tragisk skjebne. Han gjorde seg til drapsmann i eit bryllaup i Lom, rømde, men vart fakka tre år seinare og halshogd i 1631, og da er faren enno brukar i Lund. Endre finst også i futerekneskapa bøtelagd for å ha stukke grannen Ola med kniv.

Talet på skatteytarar og fordeling på skatteklassene varierer i skattelistene utover på 1600-talet. Truleg vart det før 1660 rydda fire bruk. I koppskattemanntalet 1645 er «øydegardsmennene» Ola, Amund, Knut og Jon nemnde. Frå 1660-talet (landkommisjonen 1661 og matrikkelen 1668) kan vi nokonlunde følgje brukarhistoria til kvar einskild av dei fire ovannemnde matrikkelgardane som litt seinare får nummera 93-96:

Matrikkelnummer 93:

1661, 1668, 1713: Ola, Lars. (Kanskje ulike generasjonar).
1723: Ola Larsen, Ola Olsen. Pluss ein husmann med jord (ikkje namngjeven).
1764: Sylfest, Ola.
1802: Ola Sylfestsen, Iver Olsen.

Matrikkelnummer 94:

1661, 1668: Knut.
1713: Arne.
1723: Sevald Arnesen.
1764: Tore.
1802: Ola Sevaldsen

Matrikkelnummer 95:

1661, 1668, 1713: Eilev, Gullik. (Kanskje ulike generasjonar).
1723: Børre Østensen, Pål Olsen.
1764: Østen, Rasmus.
1802: Per Østensen, Sevald Sevaldsen.

Matrikkelnummer 96:

1661, 1668, 1713: Per. (Kanskje ulike generasjonar.)
1723: "1 opsidder", men følgjande er namngjevne som brukarar i matrikkelen: Kristen Ramstad, Sylfest Olsen, Marit Larsdotter Ramstad. Pluss ein husmann med jord (ikkje namngjeven).
1764: Guttorm.
1802: Arne Guttormsen, Lars Larsen.

Med unntak av ein eigedomspart til Vågåkyrkja (i matrikkelnummer 93), var det meste av jorda i grenda sjølveigarjord, med nokre partar åtte av andre bønder i bygda. Alle fire matrikkelgardane hadde seter i Lundadalen frå og med 1668 da dette for fyrste gong er registrert. Under matrikkelnummer 93 ligg det eit engeland «Løchøre» (1661, 1668), «Løchen» (1713). Kor vidt dette peikar mot Lykre i Nordberg, Lykkja Norda Aura eller noko anna, er ikkje på det reine.

1800-talet fram til vår tid

Grenda ekspanderer

Det er utover på 1800-talet at grenda får det nemnde særpreget med fire-fem større gardar i sentrum og med ein krins av småbruk rundt seg. Frå fyrst av var i mange tilfelle desse småbruka husmannsplassar under dei fire matrikkelgardane i grenda. Nokre plassar har også hatt andre gardar i bygda som husbondsgardar (Nordgard Ramstad og fire Forbergs-gardar).

I 1723 er det registrert berre to husmannsplassar i Lund. I folketeljinga 1801 er det framleis registrert berre tre husmannsfamiliar med jord: Hans Halvorsen og kone Mari Hansdotter, Eirik Gudbrandsen med kone Mari Jonsdotter, Tor Persen med kone Kari Knutsdotter. Innan folketeljinga 1825 har det kome sju husmannsplassar under dei til saman seks gardsbruka med matrikkelnummer 93-96 Lund.

Husmannsplassar 1875

I folketeljinga 1875, om lag da husmannsvesenet var på sitt mest utbreidde, får vi god oversikt både over talet på husmenn, namn på plassane og kva husbondsgard dei høyrer til:

Under løpenr. 183 Eide. Sylfest Olsen. (Nåverande gnr. 25/1):

  • Sisselstugu. Sissel Olsdt.
  • Halvorgjerdet. Hans Rasmussen og kone Marit Halvorsdt. (Nåverande gnr. 25/6.)


Under løpenr. 184a Lund nedre. Ivar Olsen. (Nåverande gnr. 25/4 Nigard Lund):

  • Plassen (Lars Isaksen)
  • Kvee. Hans Larsen. (Nåverande gnr. 25/3.)


Under løpenr. 185a Tøfte søndre øvre (i folketeljinga nemnd «Tøftemyren»). Jon Guttormsen. (Nåverande gnr. 26/1 Søre Tøfte, nedlagt.)

  • Hanskvee. Hans Rolvsen.


Under løpenr. 186 Tøfte nordre. Per Østensen og kone Kari Kristensdt. (Nåverande gnr. 27/1 Tøfte):

  • Moen øvre. Anne Toresdotter.
  • Rakstad. Rolv Amundsen og kone Kari Jonsdotter.
  • Skriu. Per Sevaldsen og kone Marit Jonsdt.


Under løpenr. 187a Nord. Sevald Sevaldsen og kone Anne Olsdotter. (Nåverande gnr. 27/2.)

  • Moen midtre (Per Persen og kone Synne Tostensdotter)


Under løpenr. 244a Forberget søndre. Rasmus Sevaldsen og kone Rønnaug Olsdt. (Nåverande gnr. 33/1 Sygard Forberg.)

  • Strikvilte. Lars Olsen og kone Torø Hansdt.. (Nåverande gnr. 28/4.)


Under løpenr. 282 Nordgard Ramstad. Lars Kristensen. (Nåverande gnr. 61/1.)

  • Randen. Rasmus Olsen og kone Marit Rasmusdt. (Nåverande gnr. 61/5.)


Utskilde sjølveigande småbruk

  • Kvernstugu. Ivar Ivarsen og kone Margrete Olsdotter. (Lnr. 183. Nåverande gnr. 25/2.)
  • Lundamoen. Sylfest Kristensen og kone Mari Jakobsdotter. (Lnr. 184b. Nåverande gnr. 25/5)
  • Kolvangen. Amund Olsen og kone Marit Ivarsdt. (Lnr. 185d. Nåverande gnr. 26/4.)
  • Larskvea. Sevald Persen og kone Margrete Jonsdt. (Lnr. 187b. Nåverande gnr. 26/3.)
  • Horten. Ola Ivarson og kone Eldri Olsdt. (Lnr. 188b og 189b. Nåverande gnr. 28/2.)



Kjelder og litteratur

  • Matrikkelen 1838 (Eide, Tøfte søndre og nordre, Lund Nordre)
  • Matrikkelen 1886. (Søk på gardsnamna Eide, Tøfte søndre, Tøfte nordre, Lund nordre – alle i «Skiaaker».)