Nord i Lund (Skjåk)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Nord i Lund
Skjaak Nord 2012 e.jpg
Nord. Biletet er teke med utsikt frå aust mot vest. Frå venstre: Nåverande våningshus (bygt 1937), gammalt våningshus, stabbur, fjøs, moderne driftsbygning. Foto: Hans P. Hosar 2012.
Alt. navn: Nord. Nordi Lund. Lund Nørdre Øvre.
Sokn: Skjåk
Kommune: Skjåk
Fylke: Oppland
Gnr.: 27/2 og 28/1.
Areal: 1080 dekar, derav 136 dekar fulldyrka, 794 dekar skog fordelt nokså jamt på låg, middels og høg bonitet.
Type: Familiebruk. Mjølk, kjøt, høy og korn.
Garden sett frå sør mot nord. I bakgrunnen, på andre sida av Ottaelva, Bispberget.
Foto: H.P. Hosar (2009).

Nord i Lund er ein gard i Skjåk kommune. Den ligg sentralt i Lundagrenda, og er etter lokale forhold ein nokså stor gard. Nåverande gardsbruk er danna av to nabobruk (Nord og Øvre), som vart samanslegne i 1888. Dei tilhøyrde kvar sin matrikkelgard, høvesvis gnr. 27 «Tøfte nordre» og gnr. 28 «Lund nordre». Det er bakgrunnen for at Nord har to gardsnummer i dag.

Grannegardane er i dag Horten i vest, Nedre Lund i nord, Nigard Lund, Tøfte og Asplund i aust.

Fyrste gongen vi har registrert «Nord» som bruksnamn, er i 1838 (matrikkelen). Men kjeldematerialet gjev grunnlag for å fastslå at sjølve bruket har eksistert som eiga eining iallfall attende til 1660-åra, kanskje enda tidlegare. Vi omtalar denne brukseininga som «Nord» i det følgjande, utan at vi altså veit kva namn som faktisk vart brukt før det tidlege 1800-talet.

Frå ca. 1740 fram til dags dato kan vi sjå at garden har gått i arv i slektsledd etter slektsledd fram til i dag, frå far til son, med unntak av to brukarskifte der garden har gått over til eit syskenbarn (1888) og ein grandnevø (2001) av førre brukar.

Opphavet

I 1660-åra er det i matriklar og skattelister opplista fire gardar med namnet Lund, som litt seinare blir nummererte frå 93-96, og ved å følgje desse nummera framover i kjeldene, ser vi at Nord har høyrt innunder matrikkelnummer 95. Denne matrikkelgarden er delt i to bruk alt frå 1660-åra eller før, og vi kan rekne med at Nord er det eine av desse. Det andre må vere nåverande gnr. 27/1 (Nørdre) Tøfte. I kjelder frå 1661, 1668 og 1713 heiter dei to brukarane på matrikkelnummer 95 Eilev og Gullik, utan at vi kan avgjere kven av dei som dreiv Nord.

Dei gamle husa: stabbur og våning, bygde på 1800-talet. Bakarst skimtar ein det nåverande våningshuset bygt i 1937.
Foto: H.P. Hosar (2012).

Frå og med den såkalla prøvematrikkelen 1723 kan vi med stor visse følgje historia til bruket Nord med matrikkelskyld 9 skinn. På det tidspunktet blir garden skildra som «letvunden, Jordarten noget frostlendt og uvis til Korn». Utsånaden er sett til to tønner bygg, og høyavlinga til 11 lass. Garden har seter, god hamning og skog til brensel og gjerdefang. Husdyrbesetninga blir sett ein hest, sju storfe, 20 sauer og seks geiter.

Oppsitjaren på garden i 1723 heiter Pål Olsen, men han er leiglending under ein annan mann i bygda, nemleg Jakob Pedersen Forberg som eig heile gardsbruket.

Brukarfamiliane frå 1723 fram til i dag

Ut frå gjennomgåtte kjelder, der Ættebok for Skjåk har gjeve det meste av opplysningar om familiane, kan vi setje opp følgjande noko ufullstendige oversyn over brukarrekkja:

Rundt 1723

  • Pål Olsen


Ca. 1742 ca. 1775-

  • Torø Jakobsdt. Lund (død etter 1749) og Sevald Hansen (1715-1745).
Torø Jakobsdt. og Sevald Hansen gifta seg 6. desember 1742. Han kom frå Uppigard Dagsgard og er omtala i kyrkjeboka som «Soldat Sævald Hansen». Brura er nemnt som Torø Jacobsdaatter Lund, og det kan tyde på at ho var odelsarving til garden. Det er tenkjeleg at ho vardotter til han som åtte garden i 1723, Jacob Pedersen Forberg.
Born:
  1. Åse (døypt 25. august 1743)
  2. Sevald (fødd 1746). Neste brukar.
Etter at Sevald Hansen døydde, gifta Torø Jakobsdt. seg opp att med Rasmus Knutsen. [1]I ein futematrikkel frå 1764 er nettopp ein Rasmus oppført som brukar. Det framgår ikkje av ætteboka om Torø og Rasmus fekk born saman.


Ca. 1775-1809

  • Sevald Sevaldsen (døypt 18. mars 1746) og Anne Persdt (1755-1824). Sevald fekk skøyte på garden tinglyst 24. juli 1809.
Born:
  1. Sevald (1786-1876). Neste brukar.
  2. Torø (fødd 1788)
  3. Sidsel (1790-1848)
  4. Anne (fødd 1792). Gift 1819 med Rasmus Jonsen Lund (fødd 1793)
  5. Per (fødd 1794), gift 7. desember 1820 med Kari Sevaldsdt. Krogstad. Dei var brukarar i Larskvea.
  6. Jakob (fødd 1798), gift 21. mars 1832 med Gunhild Rolvsdt. Forberg (fødd 1809)


1809- ?

  • Sevald Sevaldsen (1786-1876), gift 1810 med Marit Toresdt. Vigstad (fødd 1792).
Born:
  1. Sevald (1811-1880). Neste brukar.
  2. Tore (fødd 26. desember 1813, død 1854), gift 19. april 1842 med Marit Persdt. Godtland (fødd 2. desember 1823). Dei var brukarar i Øvre (Lund) frå 1844.
  3. Per (fødd 30. desember 1816), gift 19. mars 1846 med Marit Jonsdt. Storbråten (fødd 23.juni 1826). Dei var brukarar i Skriu (Skriden), som var husmannsplass under Tøfte (i folketeljingane 1865, 1875, 1900), under Nord/Øvre da plassen vart seld til sjølveigande småbruk 1909. Per var børsemakar og smed. Saman med broren Sevald produserte han såmaskiner.
  4. Ola (fødd 5. februar 1820), gift 19. april 1859 med Anne Olsdt. Prestgardsøygard (fødd 22. juni 1832). Dei var brukarar på Prestgardsøygarden (løpenr. 194c i folketeljingane 1865 og 1875).
  5. Rasmus (fødd 5. juli 1823), død ung.
  6. Rasmus (fødd 20. desember 1825, død 1903), gift 13. april 1858 med Rønnaug Olsdt. Lund. Dei to var brukarar på Sygard Forberg.
  7. Ola (fødd 17. januar 1828) gift 27. mars 1852 med Torø Olsdt. Bruheim (fødd 9. februar 1828). I Ættebok for Skjåk (I, s. 166) er også denne Ola i likskap med broren Ola gjeven namnet Prestgardsøygarden. Han er ikkje nemnd under Prestgardsøygarden i folketeljingane 1865, 1875 eller 1900.
  8. Sevald (fødd 15. april 1831), gift 19. november 1868 med Torø Toresdt. Teigen (fødd 22. mai 1837.


? -1869

  • Sevald Sevaldsen (18. mars 1811-1880), gift 21. november 1833 med Marit Olsdt. Bruheim (fødd 7. september 1811). Tidspunktet dei overtok garden er uvisst. Det ser ut til å ha vore faren som sat med den formelle eigedomsretten til 1869. I panteregisteret er det tinglyst ei fullmakt frå Sevald Sevaldsen Nord til (sonen) Rasmus Sevaldsen Forberget "til at meddele førstnævntes Sønnesønn Sevald Sevaldsen Skjøde paa dette Brug" og skøytet er tinglyst 20. februar 1869.
Born:
  1. Sevald (1836-1881). Neste brukar.
  2. Marit (fødd 13. november 1840, død 1914), gift 25. mars 1863 med Torstein Toresen Teigum (fødd 16. september 1835).
  3. Ola (fødd 17. august 1843)
  4. Rasmus Lund (fødd 8. juli 1846), gift med Sigrid Eiriksdt. Tykket, Lom. Dei to var brukarar på Marlosøygarden i Bråtå.
  5. Anne (fødd 25. februar 1849), gift 27. april 1871 med Ola Eiriksen Sæteren (fødd 17. september 1846).


1869-1888

  • Sevald Sevaldsen (fødd 27. september 1836, død 25. august 1881), gift 11.4.1867 med Anne Olsdt. Sperstadøygard. Sevald tok sitt eige liv. Enkja selde Nord til Sevalds syskenbarn Per Toresen Lund i 1888.
Born:
  1. Sevald (fødd 1. april 1868, død ung.)
  2. Marit (fødd 1. juli 1869), gift 25. april 1889 med Lars Olsen Larskveen (fødd 1867).
  3. Anne (fødd 1. september 1871), gift 28. august 1896 med Peder P. Skamser (fødd 24. mai 1856). Dei budde i Nystugu i Påsågrenda.
  4. Marie (fødd 11. desember 1873, død 1886).
  5. Sevald (fødd 5. januar 1876).
  6. Oleanna (fødd 26. september 1878).
Per og Livø Lund, brukarar i Nord 1888-1911.

1888-1911

  • Per Toresen Lund (fødd 13. februar 1850, død 24. august 1932), gift 23. nevember 1871 med Livø Olsdt. Dagsgard (fødd 8. januar 1852, død 4. april 1924). Dette paret hadde vore brukarar på nabogarden Øvre sidan 1873. Dei kjøpte Nord i 1888 og slo saman dei to gardane. Tunet på Øvre vart nedlagt, og familien flytta inn i Nord.
Born:
  1. Marit (fødd 8. august 1872, død 1873).
  2. Marit (fødd 5. februar 1874, død 1955), gift 20. juli 1896 med Syver Eriksen Bromellem Sønsteng (fødd 29. oktober 1865, død 1908). Dei budde i Vågå.
  3. Anne (fødd 24. mai 1876, død 1965), gift med Gudbrand Sylfestsen Lundemo (fødd 26. april 1872, død 1962). Dei var brukarar på gnr. 25/5 Lundamoen.
  4. Maria (fødd 6. oktober 1878, død 9. oktober 1949), gift meed Andreas Sevaldsen Grotli (fødd 28. desember 1868, død 20. november 1941). Dei var vertskap på Grotli fjellstove og åtte og dreiv Grotli hotell.
  5. Pauline (fødd 17. april 1881, død 4. november 1956), gift 1913 med Christian Larsen Hosar (fødd 9. mai 1881, død 30. juni 1954). Dei var brukarar på gnr. 49/1 Nørdre Hosar.
  6. Tore (1884-1966). Neste brukar.
  7. Ola (fødd 20. februar 1887, død 1967) gift med Live Gabrielsdt. Nordal (fødd 1. juni 1895, død 1944). Dei bygde opp og dreiv Fossberg kafe og gjestgiveri.
  8. Sevald (fødd 5. november 1890, død 1963), gift med Kari Olsdt. Flåten (fødd 24. november 1886). Emigrerte til USA.
  9. Arne, (fødd 9. mai 1893, død 1964. Ugift.
  10. Petra Lina (fødd 8. mai 1900, død 1977), gift med Ola N. Sveine (fødd 22. august 1899, død 1960). Dei dreiv Kvil, kafe og gjestgiveri på Otta.


1911-1953

  • Tore (fødd 8. mars 1884, død 1966), gift 1911 med Anna Olsdt. Løkre (fødd 3. desmeber 1884, død 1965).
Born:
  1. Livø (fødd 22. februar 1912, død 2003), gift med Rikard Edvin Grande (fødd 14. august 1913, død 2002). Dei var brukarar i gnr. 28/4,8,11 Strikvilten.
  2. Anne (fødd 25. juli 1913, død 2003), gift med Einar Forberg (fødd 23. mai 1911, død 1991).
  3. Per (fødd 10. januar 1915, død 1987) gift med Bertha Solveig Håve (fødd 3. februar 1914, død 1985).
  4. Olav (fødd 26. september 1916, død 2001), gift med Torø Forberg (fødd 6. februar 1916, død 2000). Dei var brukarar på gnr. 30/1 Nordgard Forberg, hennar foreldregard.
  5. Marie (fødd 14. oktober 1918, død 1989), gift med Einar Aurstad (fødd 15. februar 1915, død 1988).
  6. Torbjørn (fødd 27. november 1920, død 1983), gift med Olga Lykre (fødd 7. desember 1921). Dei var brukarar på gnr. 118/14 Søre Lykre.
  7. Gunvor (fødd 21. august 1922), gift med Olav Hørven (fødd 11. oktober 1921). Dei budde på gnr. 31/2 Bjørkli, Olav var sagbruksarbeidar.
  8. Trygve Alfred (1924-2xxx), neste brukar.


1953-2001

  • Trygve Alfred Lund (fødd 16. august 1924, død 2xxx), ugift.


2001-

  • Lars Olav Lund (fødd 9. april 1982)

Setrer og anna tilliggjande

Nord har seter i Lundadalen, både ved Heimaste og Ytste seterstulen der, og dessutan på Brennsetra ved Liavatnet. I Lundadalen ligg det også fleire skogteigar som høyrer garden til. Nord har 1,5 huder eigarrett i Skjåk Almenning.

Husmannsplassar og utskilde bruk

Under 27/2 Nord

  • Larskvea (gnr. 27/3 og 26/3) utskilt 1858
  • Permoen (27/6) 1909 [2]

Under 28/1 Øvre

  • Horten (gnr. 28/2) utskilt 1854.
  • Larsmoen (gnr. 28/6) utskilt 1909.
  • Skriu (gnr. 28/7) utskilt 1909.


Referansar

Kjelder og litteratur