Jo Turtumøygard

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Hytta ved Pollvatnet. Hildur og Jo Turtumøygard sitjande til høgre.

Jo Turtumøygard (fødd i Lom 18. mars 1898, død same stad 5. januar 1984) var lærar. Han hadde mangfelte interesser, og var aktiv på mange måtar innan kulturliv, organisasjonsarbeid og generelt samfunnsengasjement. Ikkje minst er han kjend som ein forkjempar for lokalt kulturvern. Særleg arbeidet i Lom heimbygdslag og bygdemuseet opptok han sterkt i seinare år. Han har mykje av æra for at heimen til Tor Jonsson vart teke vare på og gjort til museum. Turtumøygard var ein nær ven av den ein god del yngre diktaren.


Bakgrunn og familie

Jo Turtumøygard var fødd og oppvaksen på garden han har etternamn etter, gnr. 94/2 Turtumøygarden i Nørdre Lia i Lom. Foreldra var brukarar på garden, som mor hans var odelsarving til, og som ho var oppvaksen på. Mora heitte Kari Olsdotter (1863-1957), faren Johannes Johnsen (1856-1947). Han var frå Flatmo i same bygda. Johannes arbeidde som snikkar ved sida av bruket. Jo hadde ein eldre bror, Oluf, som vart lærar i Øyer, og ei yngre syster, Anne, som overtok garden.

Jo gifta seg i 1932 med Hildur Semmingsen (fødd på Tynset 16. mai 1913, død i Lom 1996). Familien hennar budde i Skjåk da ho og Jo trefte kvarandre. Faren var styrar på Skjåk Almennings sagbruk der.

Jo og Hildur fekk to born, Jorunn Kari (fødd 1935) og Arne Pål (fødd 1942).

Skulegang og oppvekstmiljø

Jo gjekk folkeskulen i Nørdre Lia og framhaldsskule i Lom. Også i heimen fekk han tilgang til bokleg lærdom. I eit minneord over Jo Turtumøygard blir det sagt at han vaks opp i «ein ekte folkeopplysningsheim» (Pål Aukrust). Alt i barndomen og i sin tidlege ungdom var Jo engasjert i fråhaldslosje og frilynt ungdomslagsarbeid. Han skreiv mykje i den lokale ungdomslagsavisa Gauken, og fekk inn fleire stykke i Norsk Barneblad.

Etter framhaldsskulen hadde han eit år på folkehøgskulen på Dovre (1915-1916), der sambygdingen Olav Aukrust var styrar. Jo Turtumøygard gjekk også på fylkesskulen i Øyer.

Læraren

Jo Turtumøygard.
Foto: Faksimile frå Norske skolefolk (1934)

Turtumøygard fekk lærarpost (konstituert) i heimegrenda (både Nørdre og Søre Lia skular) 1918-1920, før han tok lærarutdanning. Han vart uteksaminert frå lærarskulen på Hamar 1925.

Kjeldene samsvarar ikkje heilt med kvarandre når det gjeld lærarpostane han hadde dei fyrste åra etter lærareksamen. Av Norske skulefolk utgåve 1934 framgår berre at han var vikar ved Dombås og Skeievoll framhaldsskuleDovre i 1927, og at han fekk stilling i Nordberg skule i Skjåk det same året. Han vart verande i Nordberg til i 1934, da han fekk fast stilling i Nørdre Lia. Det er mogleg at han hadde hatt vikariat i Nordberg også rett etter lærarskulen. I Nordberg trefte han i alle høve Hildur, og ekteparet heldt nære band til Skjåk også etter at dei flytta derifrå. Dei skaffa seg hytte på ei lita øy i Pollvatnet nær Pollfoss. Særleg i dei fyrste åra etter krigen vart denne hytta kjend som ein møtestad for ein god vennekrins som mellom andre omfatta Tor Jonsson, Tore Ørjasæter og Sparre Olsen.

I Lia underviste Turtumøygard til 1961, da han vart styrar for Loar skuleFossbergom (sentrum i Lom). Ekteparet hadde da bygd seg ein ny heim der, på grunn kjøpt frå Andvord, rett ved Tor Jonsson-stugu. Heimen kalla dei Turt.

Turtumøygard gjekk av for aldersgrensa i 1965.

Samfunnsengasjement og kulturarbeid

Turtumøygard var gjennom fleire år lærarrepresentant i Lom skulestyre. Han hadde formannsvervet i styret for framhaldsskulen i Lom og i Lom Kooperative Handelslag, og han tok på seg andre samfunnsoppgåver. Rundt 1950 vikarierte han som bladstyrar i DølabladetOtta.

Lokalhistorie og kulturarbeid generelt stod hans hjarta nær, og han fekk utretta mykje på dette feltet, særleg i åra etter at han slutta i skulen. Han var i mange år og fram til sin død leiar i Lom Heimbygdslag, dvs. museums- og historielaget som åtte og dreiv bygdemuseet i Presthaugen. Her la han mellom anna mykje arbeid og omtanke i skulemuseet. På 1980-talet var han engasjert i arbeidet med skulehistoria i Nord-Gudbrandsdalen, i regi av Distriktshøgskulen på Lillehammer. Han var aktiv målmann og engasjert i Dølaringen.

Han skreiv i mange år dikt, og 72 år gamal gav han hausten 1970 ut diktsamlinga Jøkulen græt. Han var den eldste debutanten den hausten. I 1983 vart Turtumøygard tildelt Kongens fortenestemedalje i gull for livsverket sitt.

Jo Turtumøygard var ein praktisk og hendig mann som laga alt frå robåt til langleikar, og han hadde kunstmåling som hobby.

I det kulturhistoriske arkivet Norsk Folkeminnesamling ved Universitetet i Oslo finnes en avskrift av et svarteboksblad som har tilhørt Turtumøygard. Originalbladet var illustrasjon til Turtumøygards artikkel "Trolldom, Svartbok, Folketru II" i Gudbrandsdølen, lørdag 18. februar 1967.

Kjelder og litteratur

Eksterne lenker