Forside:Lesja kommune

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk

LANDSDEL: Østlandet  • Sørlandet • Vestlandet • Midt-Norge • Nord-Norge
FYLKE: Akershus • Buskerud • Innlandet • Oslo • Telemark • Vestfold • Østfold
TIDLIGERE FYLKE: Hedmark • Oppland (Distrikt: Hadeland • Land • Gjøvik og Toten • Gudbrandsdalen • Valdres)
KOMMUNE: Dovre • Etnedal • Gausdal • Gjøvik • Gran • Lesja • Lillehammer • Lom • Nord-Aurdal • Nord-Fron • Nordre Land • Ringebu • Sel • Skjåk • Søndre Land • Sør-Aurdal • Sør-Fron • Vang • Vestre Slidre • Vestre Toten • Vågå • Østre Toten • Øyer • Øystre Slidre
TIDLIGERE KOMMUNE: JevnakerLunner

Om Lesja kommune
0512 Lesja komm.png
Lesja kommune er ei fjellbygd i Innlandet fylke, tidlegare Oppland, på overgangen mellom Gudbrandsdalen og Romsdalen i Møre og Romsdal fylke. Bygda ligg på vasskiljet mellom Aust- og Vestlandet, og Lesjaskogsvatnet er kjelde både for Gudbrandsdalslågen og Rauma.Noverande Lesja kommune er ein del av det gamle Lesja prestegjeld, og vart etablert som Lesja herad ved innføringa av formannskapslovene i 1838. I 1861 vart annekssokna Dovre og Øvre Folldal fråskilt Lesja herad og prestegjeld. Dombåsgrenda vart da overført frå Lesja til Dovre kommune.

Bygda kan inndelast i desse grendene rekna nordfrå: Bjorlie, Rånå, Einbu, Kyrkjekretsen, Nørdre Verket, Søre Verket, Nordmo, Lyftingmo, Kyrkjebygde, og Kjøremsgrende. Dei samsvarar med skulekretsane inn til 1960-åra.   Les mer ...

 
Smakebitar fra artiklar
Avdemsbue på Lesja, som far til Engebret Hole bygde i 1878.
(2011)

Engebret Hole (fødd 27. august 1885Søre Avdemshaugen i Lesja, død 27. november 1942Aukra) var lensmann i Sund lensmannsdistrikt.

Ein onkel til Engebret, Hans J. Hole (1850-1910) var i 1900 amtskasserar i Bergen. Han og kona Marie var barnlause, og dei inviterte Engebret til byen og kosta på han utdanning: middelskule, handelsskule, landsgymnas og befalsskule. Hans arbeidde som assistent hos onkelen.   Les mer …

Kommunevåpen for Lesja
Dette er ei liste over hendingar i Lesja ordna kronologisk. Kjelder for prestar og ordførarar er Bygdebok for Lesja bd. 3 og Skotte / Einbu 1949 (sjå Bibliografi:Lesja kommune). Hendingar knytte til enkeltgardar er henta frå bygdeboka viss ikkje anna kjelde er gjeve opp.

Før 1500

1500- og 1600-talet

  Les mer …

Christen Henriksen Pram

Christen Henriksen Pram (fødd 4. september 1756 i Lesja, død 28. november 1821Saint Thomas, Virgin Islands) var ein særs produktiv faglitterær og skjønnlitterær forfattar. Foreldra var Henrik Frederik Christensen Pram (1726-1800) og Olava Marie Nielsdtr. Stockfleth (1738-?), begge med sterke nettverk i Gudbrandsdalen. Henrik var kapellan i Lesja frå 1751 til han fekk eit sokneprestkall på Slagslunde og Gandløse på Sjælland i 1765 og flytte dit med familien.

Christen var altså berre åtte år da han flytta frå Lesja og Noreg, men foreldra heldt kontakt med nordmenn og Christen vart m.a. kjent med Edvard Storm som voks opp i nabobygda Vågå. Christen rekna seg derfor heile livet for å vere nordmann, og særleg gudbrandsdøl. I 1772 reiste han til København for å studere, men han spesialiserte seg ikkje i eitt fag. Han leste klassiske litteratur og lærte språk, statistikk og økonomi, og var eit ivrig medlem av Det Norske Selskab. I 1781 fekk han stilling i Kommersekollegiet, som justisråd frå 1802 og etatsråd frå 1812.   Les mer …

Lesjaskog sentrum omkring 1923.
Foto: Hans H. Joramo
Lesjaskog sentrum eller Strande er nemninga på ein del av Kyrkjekretsen, det som i dag er eit av tettstadsområda på Lesjaskogen. Det rekk grovt sett frå og med Skulemuseet i Lisser, Lesjaskog kyrkje og Mølme vest for Mølmsåe, langs den gamle riksvegen (før han vart omlagt ca 1987) til og med Lesjaskog skule. Det er ikkje funne kjelder som fortel om busetjing i dette området før fyrst på 1700-talet. Da var jernverket kome i drift, og det vart nok meir trafikk over Lesjaskogsvatnet, truleg både vinter og sommar. Her ved den vestre vassenden vart det tidleg bygd dam for å heve vasspeglet, og det er det grunn til å tru at det gjekk ein god del transport ved hjelp av prammar over vatnet. Dermed vart det behov for omlasting, og gardsnamnet Rundtom ovafor Gameldammen har vore sett i samanheng med at det var her hestetransporten som kom nede frå Veblungsnes snudde her etter å ha lasta over varene på båtar.   Les mer …

Lesja kyrkje var hovudkyrkje i prestegjeldet.
Foto: Hans H. Joramo
(omkr. 1910)
Lesja prestegjeld omfatta frå 1500-talet Lesja hovudsokn og Dovre annekssokn. Sist på 1600-talet vart Lesjaskog annekssokn etablert som følgje av oppbygginga av Lesja jernverk. Frå 1747 skulle sokneprestane i Lesja og Tynset skifte på å halde gudstenester i kyrkja i Folldalen, og Øvre Folldal vart etter kvart rekna som annekssokn under Lesja. I 1861 vart Øvre Folldal og Dovre (med Dombåsgrenda skilt ut frå Lesja prestegjeld som Dovre prestegjeld.   Les mer …

Riss av korleis Lesjavatnet låg i bygda.
Foto: Arnfinn Kjelland

Lesjavatnet var eigentleg to vatn - Siemsvatnet i nord (vest) og Lesjavatnet i sør (aust) - som låg i dalbotnen mellom Nordmo og Bottemsgardane i Lesja kommune. Skiljet gjekk ved Hattremsgardane (sjå kartskissa). I nordenden rann Gudbrandsdalslågen og elva Lora ut i vatnet, og frå sørenden rann Lågen vidare sørover Gudbrandsdalen. Det var eit rikt fiskevatn. På Lesja bygdatun er det avteikna omriss av fisk som må ha vore opp i mot 15-18 kg.

Grunnen til at vatnet var så fiskerikt var topografien. Storparten av vatnet - særleg Siemsvatnet - var nemleg særs grunt, ein meter eller mindre, medan det var nokre djuphøler og ein djupål der stor fisk samla seg og kunne fangast. Men det var òg ved Siemsvatnet at terrenget opp frå vatnet mot gardane var nokså flatt. Store område her vart derfor årleg sette under vatn i vårflaumen, til betydeleg skade for jordbruket.   Les mer …
 
Sjå òg
 
Kategoriar for Lesja kommune
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
ingen underkategorier
 
Andre artiklar