Fangstanlegg ved Storhøhalsen, Lesja

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Grop 2 i i fangstanlegget.
Foto: Arnfinn Kjelland (2018)

Ved Storhøhalsen på fjellet ovanfor Lesjaskog finst eit tydeleg fangstanlegg for villrein.

Storhøhalsen er ei brei skrånande li ovanfor skoggrensa, nedanfor Storhøe (1868 m.o.h.). På ei litt flatare terasse ca. 300 m nedanfor høgste punktet går det ein tydeleg sti etter reinstrekket, og erfaringar frå eldre jaktperiodar er at reinen ofte trakk her, noko som må ha freista dei gamle fangstfolka til å bygge eit fangstanlegg her.

Anlegget er kartlagt av Øystein Mølmen (1979 og 1986). Han påviste fire fangstgroper her, to ved sidan av kvarandre of kopla saman med ledegjerde, og to enkeltgroper.


Nokre hunder meter nedafor anlegget er det ein buplass som kan ha vore brukt i samband med fangstinga her.


Bilde av anlegget

Litteratur

Koordinater: 62.2709° N 8.3770° Ø