Sigurd Einbu

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk
Relieff på bautaen over Sigurd Einbu ved Lesjaskog kyrkje.

Sigurd Einbu (fødd 5. november 1866Nordi LieLesjaskogen, død 10. mai 1946) var ein landskjent, sjølvlærd astronom. Til liks med bror sin, Ragnvald, var han som gut interessert i teikning og måling, men far hans, Peder, meinte han burde finne seg eit praktisk arbeid, så da vart det Hamar Seminar der han gjekk ut i 1886. Han var gift med Helga Brennødegaarden (1879-1967).

Einbu vart så lærar i Øyer, seinare Vågå og Sel til han vart tilsett på Dombås i Dovre kommune i 1896. Der var han lærar til 1910, da han gjekk av for å ofre seg på heiltid for den store vitskaplege interessa han hadde hatt frå han var ungdom: astronomien.

Astronomen

Einbu skreiv sjølv om korleis han kom i gang med å kike på stjernene i Norsk populær-astronomisk tidsskrift i 1944; han fekk låne ein god jaktkikkert av ein kamerat den hausten han kom til Dombås, og med den leita han seg fram til «ei mengd vakre stjernehopar og dobbeltstjerner».. Seinare kjøpte han ein langkikkert som forstørra om lag 50 gonger, og han fekk kontakt med fagfolk som hjelpte han med store stjernekart. Han og kona budde på Brennøygarden, eit bruk som låg høveleg til for å observere himmelen, og der bygde han observatorium for ein større kikkert han fekk utlånt av Nansenfondet i 1906. Seinare fekk han stipend slik at han kunne ofre seg for arbeidet på fulltid.

Einbu vart heidra av mange for dei vitskaplege bidraga han gav til faget:

  • Lindemanns pris i 1906
  • Atogenes Silvasmedlajen i 1912
  • Fritjof Nansens pris i 1926
  • Gunnerusmedaljen i 1931

Einbu var medlem av:

  • Societe astronomique de France
  • Sociedad Astronomica de Mexico
  • Det norske videnskapsakademi

Lokalhistorikar, målmann og politikar

Einbu arbeidde òg med målsak og lokalhistorie. Han skreiv mykje i Årbok for Gudbrandsdølen, og han skreiv i bøkene om dei første åra av kommunestyringa i Lesja og Dovre. Han var òg tre periodar i Dovre heradsstyre (1911-19). Han sat i skulestyret 1906-18, 1911-12 som formann.

Bauta ved Lesjaskog kyrkje

Kjelder og litteratur