Bygdebok for Lesja

Bygdebok for Lesja er utgjeve av Lesja kommune i 4 bind, med lenke til bind 1–3 i fulltekst på Nettbiblioteket. Detaljert innhaldsliste står sist i kvart bind:

  1. Gards og slektshistorie for Lesjaskogen (1987). Digital versjonNettbibliotekether kan du gje tilleggsopplysningar
  2. Gards og slektshistorie for nørdre del av Lesja hovudsokn (1992). Digital versjonNettbibliotekether kan du gje tilleggsopplysningar
  3. Gards og slektshistorie for søre del av Lesja hovudsokn (1996). Digital versjonNettbibliotekether kan du gje tilleggsopplysningar
  4. Foto og fotografering i Lesja og av lesjingar 1850–1950 (2008).

Binda 1–3 er skrive av Arnfinn Kjelland, bind 4 av Arnfinn Kjelland i samarbeid med Tor Einbu.

Bind 4 byggjer i stor grad på eit omfattande, eige fotoinnsamlingsprosjekt som vart gjennomført parallelt med skrivinga av bind 1–3. Lesja kommune gav eigne løyvingar til dette, som resulterte i at meir enn 3000 bilde vart lånt inn frå heimane i kommunen og avfotograferte. Informasjonen om bilda vart òg nedskrive og delvis dataregistrert. I 2001 vart så negativa skanna og publisert på internett frå heimesida til Lesja kommune.