Ingeborg Stueflotten (1877-1969)

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Veven av Ingeborg, som kom tilbake til Stuguflotten.
Foto: Arnfinn Kjelland (2022).

Ingeborg Stueflotten fødd 18. juni 1877 på Nordistugu Norderhus, død 5. september 1969 vart gift i 1904 med Peder E. Stueflotten (1871-1933), gardbrukar og hotelleigar på Stuguflotten heilt vest i Lesja kommune. Foreldra hennar var Marit Syversdtr. og Hans Olsson Norderhus.

Ingeborg var særs interessert i bildeveving. Ho lærte seg alminneleg veving heime på Norderhus. Seinare kjøpte ho seg fargebok og instruksjonsbok og lærte seg sjølv. Alt i 1905 fekk ho 1. premie for åklevev på Gudbrandsdal Ungdomslags stemne.[1]

Da mannen Peder døydde, laut ho drive garden og hotellet sjølv nokre år før sonen Hans tok over. Men ho arbeidde sjølvsagt for fullt ved sida av vevinga i mange år, i alle fall vinterstid.

Hennar mest kjende vevnad er ein svært vakker og forseggjort bildevev ho arbeidde med i tre år frå 1929. Lenge trudde familien at det vart seld frå garden ein gang før 1980, men etter å ha fått tilbake ein del dokument, bilde og tekstil som hadde vore på nabogarden Tangeøye, som bror til Hans bygde opp frå 1933, dukka den flotte bildeveven opp att på garden.[2]

I ein avisomtale frå 1930 står det at Ingeborg da arbeidde med ein kopi av «Bildetæppet paa Stueflaaten, 'De vise fra Østerland'». Den skal ha vore vove av to siamesiske tvillingar på Dovre, «Heknesøstrene» på 1600-talet, og inspirerte forfattaren Lars Mytting til å skrive romanene Søsterklokkene (2018) og Hekneveven (2021). Formuleringa i 1930 kan tolkast som om kopien som var på Stuguflotten var sjølve den veven desse søstrene vevde. Men den vart i 1951 seld til Maihaugen, som kan stadfeste at den ikkje kan vere frå 1600-talet. Men den skal sannsynlegvis vere kome frå Ingeborgs farmor frå Hauje på Lesja.

Ingeborg med barna Marit, Hans og Endre.
Foto: Ukjent

Kjelder

Referansar

  1. Gudbrandsdølen 6. juni 1905.
  2. Fortald av Sile Stueflotten på møte i Lesjaskog pensjonistlag 6.9.2022.