Kjeldearkiv:Minner frå oppvekst og forteljingar frå Brøstdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til navigering Hopp til søk
Minner frå oppvekst og forteljingar frå Brøstdalen
Kildeinformasjon
Navn: Ola K. Brøste
Født: 1875
Død: 1970
Sted: Brøstdalen i Rauma kommune
Tidsrom: 1800-1900
Nedtegnet: 1962
Nedtegnet av: Arne Randers Heen
Beskrivelse: Handskrive referat på Norsk Tindemuseum. Mellomtitlar sett inn av red.
Viktig: Denne artikkelen kan kun endres av administratorer. Dersom endringer trengs, vennligst ta dette opp på artikkelens samtaleside eller med en administrator.

Minner frå oppvekst og forteljingar frå Brøstdalen. Ola Brøste (over 80 år) fortalde megVerma i 1962:

Brøste finnes enno en borvinde som er laget, smidd og dreidd på Kabben før fonna ødela alt der i 18….. Der var både smie og sagbruk ved Stokkåna.

Om jerv

Jerven reker langt, - og går store strekninger rett fram uten å stanse. Engang fant han og Paul Stakseng spor etter to jerver ved Kabben. Dyra hadde kommet forbi setrene der, - og på sporsnø fulgte de to etter. Spora gikk rett opover lia og over til Asbjørnsdalen, og dyra hadde ikke stanset en enste gang. Da det led ut på ettermiddagen, kunde de to ikke følge etter lenger, - og måtte snu, - men de så at spora fremdeles fortsatte innover dalen.

Om folk først på 1800-talet

Dei to store steinane vart køyrd opp ovafor Gamalgarden i Brøstdalen i nyare tid. Her ser vi Ola K. Brøste sit på steinane, Jehanssteinen nedst.
Foto: Odd Sigmund Brøste ca. 1965.

På (Gamlegarden) Sjugulgarden – det er gården framafor Kyllingbrøstet, bodde omkr. 1800 mange mennesker. To brødre Jehans og Øyløv var usedvanlige store og sterke. Nede på attlega ligger to store steiner, - den minste kan sterke karer løfte, men den største klarer ingen. Men den største er lagt dit av Jehans. Han var engang over til Valdalen etter korn, - og på tilbaketur gikk han seg på et sjølskott utlagt for bjørn. Han blødde seg i hjel. Da far deres Rasmus bygde nye hus på Sjugulgarden, hadde han Stor-Pål fra Lesja til bygningsmann. Tømmeret lå nede ved elva, og stokkene var vel noenlunde tørre. Det var en stokk som skulde bli syllstokken som det vilde bli tungt å slepe op for øyken. Da sa J. til far sin: Bli med meg ned og hjelp meg med å få stokken op på ryggen. Det ble gjort, - og J. bar den op til tomta. Stokken synes den dag i dag, - og det er en kjempestokk.

Rasmus kjøpte fjella på Sørsida av Brøstdalen av Staten. Garden ble solgt omtr. 1860 til 4 mann nede i Romsdalen (Sandborg og Nora og 2).

Øyløv deltok i krigen omkring 1810, han døde omkring 1860. Han bodde tett ved Raumaelva på S.sida på Øyna bortafor Røstølen. Kona hans var jordmor og het Karen. Der er no folketomt. Ein sommar lå to av barna på løa som var bygd rett under den bratte høge hammaren. Ein stein lausna og datt rett ned på taket, - det brotna og steinen slo i hel begge barna.

Bror til far til Ola tok eingang op potet, - då kom Øyløv med ein sekk og fylte i 4 bøtter, - som var vanleg mål for å fylle ein sekk. Ø. var då i 80-åra, brukte stav og var noe skrøpeleg. Men med den eine handa tok han sekken sin ?? og slengte sekken på ryggen og gjekk.

Om slitsam drift og barkebrød

På Brøste va det dengang 13 barn, - hadde bestefar til Ola. Oldefar het Ola førte dagbok som tok til i 1812, den finnes på Brøste. I den tid slo dei gras omkring i liene med stuttorv, tok lauvkjerv, og Ola sjølv henta eingong heim 48 lass reismose frå Grovaskaret. Dei sanka mosen om hausten og sette op stakkar, - la skot og stokkar under so det ikkje skulde ise fast før det vart kjørt heim om vinteren. Slike stakkar heldt seg i mange år der i høgfjellet utan å rotne.

Per Brude slo gras i ei innlagt, inngjerda innløge i N. Hånådalen. To av husmennene på Brude dro heim høy på kjelke, heilt til Brøste på halving, - det var 3 mil! Det var ikkje farandes med hest framai Brøste.

Far til Paul Stakseng fortalde at han slo oppunder Skirifjellet så han hadde 8 vinterlass høy der.

Det var ei skrøpeleg tid, uår og nød. Bestefar til Ola fortalde at dei brukte furubark, som dei skava av, og hakka sund og blande med frose korn. For å få leiven til å hange i hop so dei fekk steikje, blanda dei i knøa(??) fjellnever, - den svarte lav som veks på stein i høgfjellet.

Far til Ola sa at da husa på Sjugulgarden vart bygd omkr. 1800 hadde dei ikkje meir mjøl på garden for bygningsfolka enn eit kvartel. Men dei hadde bra mykje med reinsdyrkjøt, - og det var skote med gevær. Dyregravene hadde då gjenge av bruk der.

Om gamle kulturminne

Det var ei dyregrav i (sør-)lendet av Groverhøa øst for Storvatnet (mot Kvennhushøa?), - gå op ved Stokåna. (Folk på Rånå visste um denne før.)

Straks framafor Kabben syntes tidlegare merke etter hustomt. Der budde Jo Røyk, - kanskje før Kabbin si tid. Lars Brustuen fortalde til Ola omkr. 1900 da L. va en 80 år, at han hadde sett ein stor haug med bein der. Det måtte vere av reinsdyr som Jo hadde bore dit.

På toppen av Hånådalstind har det vore skjerpå – malm.

Om snarefangst på rype og reinsjakttradisjon

Då Ola var ungdom omkr. 1890 var det mykje vilrein omrking Brøstdalen, og mykje rype. I Brøste tok dei årvisst mykje rype på snare, - det var tillatt ut mars. Han sette op omkr. 600 snare frå Brøste til Tunga. Det ga eingrand inntek, endå det var næsten ingenting å få for den.

Dei trong ikkje gå så langt etter reinen. Bestefar til Ola sa at eingang skulde han på jakt saman med ein frå Rånå. Dei gjekk til Asbjørnsdalen det var Rånåkarane som rådde der. Dei såg mange dyr oppi høgdene og Brøstemann spurde om dei ikkje skulde gå opovr og skyte. Nei sa den andre, - dyra kan bere ned kjøtet sjølv, - dei rek nok ned att til kvelds. Og slik gjekk det, - dei skaut 8 dyr nedi botnen. Dei brukte munnladnings flintelåsbrøse. Slike børser vart kjøpt av Wills som eidde Aak, - så er der kanskje enno.

Ein vinter tok Ola og 4 mann til nær 1400 ryper i mars. Det va ikkje lett å omsette fangsten i Romsdalen, prisen var 50 øre stykket. Det hendte dei reiste til Molde og selde der, då var prisen 30 øre.

Om første reinsjakta Ola var med på

Første gang Ola var i reinsfjellet var han saman med 4 mann frå Verma. Det var før århundreskiftet, kring 1895 før Torkjel Finn kom, dei gjekk op i Glupen ved Tunga, men såg ikkje dyr der. Dei kom fram til ei koie (herbør) som er mura ved ein berghamar, og der skaut Ole Lykkjeslett ei simle. (På den andre sida ved Kyrkja – Benkehø ved Nordre Glupen er og ei koie, laga av Daniel Kylling og Erik Sletta.)

Nokre dyr vart skremt og for op på Kyrkja, og Ola og Lars Røstøl måtte op for å jage dyra ned att. Dei hadde med børse, men løyste ikkje skot da, dei hadde høyrt det skulle vere uframkomeleg i fjellet bortafor Kyrkja. Men dyra vart vinda og kom attende mot dei to, - og då skaut dei kvart sitt dyr. So hadde dei 3 til saman.

Næste dag såg dei 40 dyr på Benkehø, men det var vanskeleg å stille der då det låg bræ over næsten heile fjellet, - det var så mykje meir av bræar då enn no.

Dei såg nye dyr på Storhø, - og karane gjekk mot Kyrkja. Der skaut dei 2 dyr til. No måtte Ola gå heim etter hest og slede so dei kunde få skrottane ned frå fjellet. Han tok med børsa si, - det var ei Lundsgevær («Lundse»), - og på nedtur skaut han eit dyr til. I millomtida til han vendte attende hadde dei andre skote 5 dyr til, so no hadde dei i alt 11 dyr. Då laut Ola heim att og hente enda ein øyk og før dei slutta jakta skaut dei endå eit dyr. Dei slepa alt ned til Tunga, - og der låg dei ute om natta i eit skogsnar.

Om at Ola selde reinskjøtet på Molde

So mykje kjøt hadde dei ikkje råd til å nytte heime hjå kvar seg, - det gjalt å få i pengar. Ola fekk i opdrag å reise til Molde og selje lemene av 11 dyr. Han hadde ikkje vore so langt av garde før, men mor hans hadde vore der fleire gonger og selgt ost, og var kjendt med ein som heitte Vestad. Han skaffa ei dragarvogn og hjalp Ola med å selgje kjøtet i byen. Prisen var 40 øre for bogkjøt og 60 øre for lårkjøt.

Etter ei veke kom Ola heim og gjorde op, det vart nære på 20,- kroner på kvar i netto, - og det syntes alle var gildt utbytte. Attåt hadde dei hudene, rygg- og sidkjøtet. Før han reiste frå Molde, gjekk han og Vestad forbi brennevinshuset der, - det var brennevinsutsalg på Molde då. Ja, her er det brennevin å få, sa Vestad, - og so laut Ola rive i eit dramglas på kvar. – Det var mykje bulder derinne, - sa Ola til meg.