Christian Feyer i 1834. Maleriet, av ukjent kunstner, tilhører Dalane Folkemuseum.
Christian Feyer (fødd 17. februar 1792 i Vågå, død 26. september 1879 i Egersund) var jurist, embetsmann og politiker. I hele 33 år, fra 1834 til 1867, var han sorenskriver i Jæren og Dalane. Feyer var gift med Helene Othilie Falck (1792–1865). Han ble i 1830 valgt til Stortinget fra Jarlsberg og Larviks amt. Han var visesekretær i Stortinget og en måned sekretær i Odelstinget. Ellers var han sekretær i komiteen for gasjer, pensjoner, budsjett- og skattevesen. Les mer …
I Gravdalen i Vågå, heilt nord mot grensa til Lesja kan ein finne ei unik samling av gamle fangstanlegg for villrein.
Gravdalen er ein om lag 4 km lang dal som går frå eit skard mot Gjerdingsdalen på sørsida og til Skjervedalen på nordsida. Skardet i sør er på om lag 1500 moh. og Gravdalsåe renn nordover ut i Skjerva på om lag 1140 moh.. Båe grenseelvene, Gjerdingåe og Skjerva, renn i til dels bratte og uframkomelege gjel, noko som gjer at villreinen som beitar i området må krysse Gravdalen på vandringane mellom dei austlege og vestlege beiteområda. Dette har freista dei gamle fangstfolka til å bygge ei rad fangstanlegg langs dalen. Les mer …
Vågå kyrkje. Foto: Kai Hansen (2011)
Vågåkyrkja er ei korskyrkje som i si noverande form vart bygd i åra 1625-30. Byggmeister var Werner Olsen. Kyrkja erstatta ei gamal stavkyrkje med eitt skip som etter tradisjonen skal ha stått på ei tomt om lag 300 meter vest-nordvest for den kyrkja som stå nå. Den gamle kyrkja vart rive kring 1625. Den åttekanta tårnhjelmen med fire småspir på eit firkanta tårn over krysset i sjølve kyrkja er særmerkt for byggmeisteren. Ho er soknekyrkje for Vågå sokn, og var tidlegare hovudkyrkje i Vågå prestegjeld.
Ved bygginga vart det nytta trevirke frå den gamle kyrkja i den nye. Vi finn utskorne veggplankar frå gamlekyrkja oppsett ved hvoudinngangen til nykyrkja. Dørringen kan vera frå mellomalderen. Sørportalen er litt avskoren i øvre kanten, truleg for at han skulle passe inn i veggsystemet i nykyrkja. Utskjeringane i delane frå gamlekyrkja blir tidfesta til 1100-talet. Les mer …
Christian Horne Foto: Ukjent.
Christian Antonsen Horne (fødd i Romedal, nå Stange kommune, 20. oktober 1838, død same stad 26. oktober 1912) var agronom og gardbrukar, folkehøgskule- og landbruksskulelærar og Venstre-politikar. Han var med Christopher Bruun og starta folkehøgskule på Romundgard i Sel i 1867. Horne var mellom anna ordførar i Vågå og varamann til Stortinget for Kristians amt. Horne var fødd og oppvaksen på garden Horne i Romedal. Foreldra var gardbrukarparet Anton Hansen Horne (1804-1860) og Helene Halvorsdotter frå Grimset i Løten (1810-1853). Christian var nummer tre av ein syskenflokk på åtte. Les mer …
|