Milorg i Gudbrandsdalen

Fra lokalhistoriewiki.no
Hopp til: navigasjon, søk

Milorg i Gudbrandsdalen vart fast organisert i 1943 som D23 med Wilhelm Molberg Nilssen som distriktssjef. Frå starten var det tre avsnitt:

  • 231 Lillehammer med 5 område: Lillehammer, Vignes, Fåberg, Nørdre Ål og Roterud
  • 232 Tretten med 9 område: Hunder, Øyer, Tretten, Østre Gausdal, Fåvang, Ringebu, Harpefoss, Vinstra og Vestre Gausdal
  • 233 Otta med 7 område: Sjoa, Otta, Sel, Selsverket, Vågå, Lom og Skjåk

Noko seinare kom:

  • 234 Dombås med 3 område: Lesjaverk, Lesja og Dombås.

I dagane før kapitulasjonen vart avsnitt 232 delt i 3. Sjefar ved kapitulasjonen var:

  • Avsnitt 231: Johan Trondsen, Lillehammer
  • Avsnitt 232a: Arne Opheim, Øyer
  • Avsnitt 232b: Harald Sem, Vinstra
  • Avsnitt 232c: Fredrik Enge, Tretten
  • Avsnitt 233: Johs. Elvestad, Tretten
  • Avsnitt 234: Kolbjørn Skåre, Lesjaverk

Ved kapitluasjonen organiserte distriktet drygt 1000 Milorg-jegarar.

Kjelde